cover

Fanfare

Jonathan Wilson

CD (2013) - Bella Union

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Folkrock / Countryrock / Psykedelia / Jazz / West coast / Funk

Spor:
Fanfare
Dear Friend
Her Hair Is Growing Long
Love To Love
Future Vision
Moses Pain
Cecil Taylor
Illumination
Desert Trip
Fazon
New Mexico
Lovestrong
All The Way Down

Referanser:
Dennis Wilson
Crosby, Stills, Nash & Young
The Grateful Dead
Neil Young & Crazy Horse
The Band
Love
Pink Floyd
Roy Harper
Steely Dan
The Eagles
Jackson Browne
Father John Misty
Vetiver
Midlake
Phosphorescent

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Kosmisk varme

Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.

Den første omtalen min av Fanfare hamna i søpla. Den var uleselig. Full av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 - 1977. For all del, det er eit bra tidsrom. Og ikkje var det vel heilt feil heller. Det er ei uomtvistelig sanning at tonane som spirer og blomstrar utav Jonathan Wilson sin Fanfare har sine røter grundig planta i den epoken. "Men det får då vere grenser!" skreik det i mot då eg tok eit overblikk. Femten artistnamn, fem platetitlar og seks songtitlar viste ei rask opptelling. "Slikt blir å gjera plata urett" tenkte eg, "for så fast i noko som ein gong var står den jo ikkje". Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar.

Jonathan Wilson var her med ei plate for to år sidan også. Gentle Spirit var tittelen den gongen. Over 78 minuttar og gjennom 13 songar vitja han ei hippietid dei fleste av oss trudde var ein saga blott. Men nei, Wilson hadde tatt seg inn i Laurel Canyon han, funne ein stad han kunne kvile sitt tankefulle hovud, plassert heile sitt arsenal av analogt innspelingsutstyr i eit rom han kalla studio, og der spelt inn desse greiene han fann passande å gje namnet Gentle Spirit. Eit episk stykke folkpsykedelia som virka å ha god tid. Ein naturhyllande rapsodi med utsikt mot ein kosmisk tåkeheim. Melodisk smygande, passe livsfjernt, og mjukt godgjerande. Ei plate det gjekk an å bli glad i med andre ord. Med Fanfare vil han noko endå meir.

Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der sist. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut. Som når Wilson i Lovestrong startar heilt der nede i det spartanske, med eit piano, med ein cello, og syng om "mystic music" som reddar han frå nokre ugode minner, og om "cosmic harmony", om kjærleiken. Før han tek låta vidare, og ein ekspansjon sett i gang. Ein gitarsolo startar på sitt arbeid. Den brenn, og brenn meir. Eit orgel melder seg på, og insisterer på at tonane skal vere feite, og vel så det. Eit groove manifesterer seg, eit hektande eit. Låta dansar. Alt dansar. Ei stund. Så flyt den ut av dansen, tilbake der den var, i det nennsame, til sitt tredje vers: "and all the while we shared this mystic in our hearts". Ei djupt fantastisk låt, blant fleire.

Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar å smyge innunder huda og inn til det inste. Til og med Illumination gjer det, på eit vis. Det einaste sporet eg vil hevde minner meg om ein pastisj. Eit litt tvilsamt dykk ned til Neil Young & Crazy Horse. Men eg hoppar ikkje lenger over den. Den høyrer med. Kanskje fordi eg opplever at Fanfare er eit album, eit godt gammaldags album. Ein hoppar då ikkje over noko på slike.

Jonathan Wilson spelar ikkje berre på sine eigne utgjevingar. I fjor var han medprodusent, og spelte på langt meir enn eitt instrument, på Father John Misty sitt absurd vitale album Fear Fun. Misty sitt alter ego Josh Tillman betalar ein skjerv og to tilbake med å synge harmoni på fleire av spora på Fanfare. Eg merkar meg vel særlig korleis han i god samklang med hovudpersonen løftar fram den småkrakilske og funky støvaren Future Vision. I eit anna toneleie er han med å gjere utgangen på den inderlige countryrockballaden Moses Pain til eit lite stykke potent vestkystharmoni. I lag med mellom andre Jackson Browne og Graham Nash. Sistnemnte slår seg på si side saman med sin gamle turkamerat David Crosby og gjer sitt bidrag til at låta Cecil Taylor har "høgdepunkt" ettertrykkelig gravert tvers gjennom seg. Noko sjølvsagt Wilson sjølv og hans handtering av seks ulike instrument – mest markant ein snerten handpiska perkusjon og buktande tonar frå ein akustisk gitar – har ei ganske så overordna ære for. I ein song om ein legendarisk jazzpianist som bevega ex-president Jimmy Carter ein gong på det seine syttitalet: "Strangers and old friends arrive, Cecil Taylor is on the White House lawn tonight". Og harmonisongen er av det friskt ærverdige slaget. Årets deja vu.

Apropos jazz, saksofonist James King (som også spelar fløyte) er med på å gjere Fazon til ein funky spirituell jazzrockattraksjon. Den einaste låta her som Wilson ikkje har komponert sjølv, men plukka frå ei førti år gamal plate av det obskure San Francisco-bandet The Sopwith Camel. Fløyta si hentar King fram på den modererte/folkgroovy/repeterande New Mexico. Ein song der gode gamle Roy Harper (som nyleg gjorde comeback med ei plate Jonathan Wilson var involvert på) har skrive teksten. Den handlar om eit av kjærleikens evige dilemma. "I couldn't let you into my mind, I couldn't get you out of my mind". Eit tema som pregar store deler av plata. Kjærleiken altså. Kanskje ikkje framført i dei djuptloddande eller utprega originale ordelag. Til tider kan nok det tekstlige endåtil kallast litt banalt, eller noko "out there". Men meir jordnært og poetisk utvikla enn kva det var sist gong Wilson var her det er det. Om enn ikkje av eit kaliber eg opplever som maktpåliggjande å dukke ned i. Tekstane åleine bringer meg aldri ut av fatning for å seie det slik.

Det er det den glødande fargerike heilskapen som sørgjer for. Representert med songar eg har nemnt, og alle eg ikkje har nemnt. Slik som Dear Friend. Trivelig og liten, sval og stor. Der den dveler og rykker seg inn i mitt psykedeliske indre. Når den er midt inne i sitt mest eskalerande parti meiner eg å skimte skuggen av Arthur Lee. Og så skimtar eg Pink Floyd. Og så er den ein himmelsk venn av Lovestrong.

Apropos himmel. Coveret. Kva tenkte Wilson på då han gav albumet det coveret. Det er, som allereie ettertrykkelig nemnt, liten tvil om kor tonane på plata har henta sin inspirasjon ifrå, men endå mindre tvil er det om kor inspirasjonen til covermotivet kjem ifrå. Michelangelo sin "Skapelsen". Med ein liten vri. Skaparen og den skapte sine hender er i ferd med å gli ifrå kvarandre. Den skapte lyt klare seg på eiga hand. Jonathan Wilson klarer mykje på eiga hand. Han spelar på eit utal instrument. Han har hatt full kontroll på dei fleste knottane som er blitt trykt på. Men han er ikkje verre på det enn at han hjertelig tar i mot litt hjelp frå kjentfolk av ymse slag. Til å omfamne tonar som var der, og som no er her, i songar som aldri har vore verken der eller her, før no. På Jonathan Wilson si plate av året. Som er like mykje 2013 som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men som garantert har meir framtid i seg enn det meste av den.

For ikkje å seie all.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo