cover

Free Country

Davenport

CD (2005) - Last Visible Dog

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Frifolk / Improvisasjon / Psykedelia / Eksperimentell / Avantgarde / Drone

Spor:
Joy! By Numerals Act
Thou Shall Be Walking
The Light Ahead, the Dead Fields Behind
Free Country
Hymn to Broken Neck Bon
The Fool's Organ
The Crowned and Conquering Children Dirt Pour
Taking on the Rails
Play It Once, Sam
Psychedelic Underground
Sensations in Sound

Referanser:
Son of Earth
Feathers
Raccoo-oo-oon
Brightblack Morning Light
The No-Neck Blues Band
Jackie-O Motherfucker
Sunburned Hand of the Man

Vis flere data

Se også:
Rabbit's Foot Propeller - Davenport (2005)


Nye, sære Amerika

Erkeamerikansk (?) undergrunnsklassikar i ny og utvida utgåve.

Med orda Free Country og ein psykedelisert dyreskalle på coveret seier det vel seg sjølv at Davenport står godt planta innanfor The Wire-skribenten David Keenan sin famøse kategori New Weird America (heretter: NWA).

Og det skal vere sagt med ein gong at orda 'new', 'weird' og 'America' ikkje nødvendigvis gir dei rette assosiasjonane: det finst knapt ei einaste NWA-plate som på nokon måte høyrest ny ut. Mange av artistane som blir plasserte i båsen er heller ikkje nemneverdig rare, musikalsk sett (Joanna Newsom og Marissa Nadler kan stå som døme, utan at eg her skal forsøke å avdekkje ein eventuell samanheng mellom desse og meir prototypiske NWA-storleikar som Sunburned Hand of the Man og The No-Neck Blues Band), og om det er noko særeigent amerikansk ved denne oversjangeren er det nettopp det at den ikkje er ein nasjonal essens destillert frå Yellowstone, Appalachia og New York, New York, men eit møtepunkt for ei heil verd av kulturelle uttrykk.

Ein skal difor vokte seg for å setje nye, sære Amerika lik ein sum av sjangrar med endinga '-folk' (freak-folk, psych-folk, fri-folk, etc.), noko som ofte blir gjort; det vil i mange tilfelle vere meir presist å snakke om til dømes neo-kraut, raga-droning eller ganske enkelt fri improvisasjon.

Free Country er dermed ei eksemplarisk NWA-plate, på same tid ny og gammal, fengjande og famlande, amerikansk og global - ein slags katalog over merkelappen sine ulike manifestasjonar.

Opningssporet Joy! By Numerals Act dronar av garde med raga i bagasjen, ikkje ulikt Pelt (den rådande autoriteten på området), før ein stampande, men underleg gripande C&W-jam med fele og det heile veks fram frå trykkjande feltopptak av grashopper og fjern støy - seansen er openbert komponert, og i så måte eit unntak, men framføringa er tilsynelatande spontan og heilt sikkert Take 1.

Deretter ein liten semi-sjamanistisk tur innom kjøkkenet for å rote litt i skuffer og skap, à la The No-Neck Blues Band på ein spesielt vimsete dag, og grunnen er lagt for albumet sin første av mange turar opp mot timinuttsmerket, ein tur som avhengig av språk og vinkling kan omtalast med nemningar som 'tittelspor', 'centerpiece' og 'tour de force'. Det er eit spor med store interne spenningar: Fiolinen vil gjerne spele ein irsk melodi, men blir forvirra av jazztrommisen som varmar opp cymbalane i bakgrunnen og kjem aldri lenger enn til dei første prøvande strøka. Steelgitaren gjer ikkje forvirringa mindre, men dei ulike aktørane blir einige om å redusere rørslene sine til eit minimum og finn med det ein felles grunn, eit minste felles multiplum, og alt smeltar saman til eitt.

På det noverande tidspunktet gjenstår det framleis sju spor og tre kvarter, men eg skal ikkje dvele ved kvart enkelt av desse minutta, litt skal få stå att til lyttaren. Psychedelic Underground (kanskje titulert til ære for Amon Düül, sjølv om kraut-smaken er sterkare i The Fool's Organ) må likevel framhevast: ein tretten minutt lang odyssé gjennom opprørte hav av forvrengd bass, stabeint steelgitar og hypnotiske rytmer, med eit kort opphald i ei grøn og frodig hamn, eller eit "hazy paradise", for å lure inn ein ikkje heilt malplassert referanse til Ghost.

Etter denne kraftanstrengelsen dreg Free Country sine siste, korte andedrag med den berre tilsynelatande The Books-produserte Sensations in Sound, og Clay Ruby med samansvorne kan utveksle velfortente skulderklapp og gratulasjonar.

Dei usle 93 eksemplara av den opphavelege cdr-utgåva i Digitalis Industries sin Foxglove-serie har for lengst flaksa ut i verda som ein forskremd kråkeflokk, men den her omtala nyutgjevinga på alltid like sympatiske Last Visible Dog må seiast å vere ei adekvat erstatning; dobbelt så lang, dobbelt så omfattande og dermed også dobbelt så bra, på same måte som to koppar kaffi er betre enn éin.

Som antyda i førre avsnitt: lurer du på kva New Weird America har å tilby verda, er Free Country eit utgangspunkt godt som noko.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Karl Seglem - Femstein

(NOR-CD)

To horn i pannen, ei fele som spiller som Fanden, sjamanrytmer og et snev elektronikk - Femstein er Karl Seglems muligens beste plate!

Flere:

Gluecifer - Automatic Thrill
No Age - Everything In Between