cover

Best of The Cardigans

The Cardigans

CD (2008) - Polydor / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Alternativ / Voksenpop / Folk / Twee-pop / Disco / Europop

Spor:
Rise & Shine
Sick & Tired
After All
Carnival
Daddy's Car
Lovefool
Been It
Losers
War
My Favourite Game
Erase/Rewind
Hanging Around
Higher
For What It's Worth
You're the Storm
Live and Learn
Communication
I Need Some Fine Wine and You, You Need to Be Nicer
Don't Blame Your Daughter (Diamond)
Godspell
Burning Down the House

Referanser:
A Camp
a-ha
Savoy
Eagle-Eye Cherry
The Soundtrack of Our Lives
Roxette
The Carpenters
ABBA
Sheryl Crow
Cilla Black

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Gledeleg gjenhøyr

Dette er på alle måtar ei representativ og verdig oppsummering av karriera og ein fin inngangsport til The Cardigans.

Eg skal innrømme det med ei einaste gong. Eg har aldri vore den mest ihuga tilhengaren av svenskepop og slikt noko. I mange høve syns eg at broderfolket blir vel kommerse og svulstige. Slik sett har eg alltid hatt, i alle fall i mitt eiga hovud, ein sunn skepsis mot The Cardigans. Men, tida er komen for å innrømme det først som sist: The Cardigans er kapable til å lage inni helvetes god musikk!

Denne samlinga med 22 spor er ei flott oppsummering av ei fantastisk karriere og evnar å vise den store breidda bandet legg for dagen. Plata er, meir eller mindre, kronologisk lagt opp, noko som er eit stort pluss i boka til denne meldaren ettersom som me då på ein betre kan følge progresjonen til orkesteret. Me startar difor attende i 1994 med ein slags 60-tals britiskinfluert og ikkje så reint lite europop og Melodi Grand Prix (!) av den gode gamle sorten baka inn i det heile.

Nina Persson høyres jo ut som Sandie Shaw på den spretne og flotte Sick & Tired eller som ei funky Karen Carpenter på den sexy og smygande Carnival. Frå denne tidlege perioden finn me og deira største klassikar og songen som alltid vil hefte ved dei, Lovefool frå soundtracket til Romeo and Juliet. Her høyres på det næraste ut som eit moderne ABBA i all si discopopeleganse. Det er ganske imponerande å følge dei frå desse tidlegaste utgjevingane og over i perioden som startar med utgjevinga av Gran Turismo på slutten av 90-talet.

Plutseleg er det skitten rock og kjøleg, nærast Kraftwerk-aktig popeleganse som rår grunnen, sjølvsagt med slagerane My Favourite Game og Erase/Rewind som dei beste eksempla. Som dei fleste veit så blei ting litt vanskelege for bandet etter denne utgjevinga og det skulle gå fleire år, og fleire soloprosjekt før dei returnerte med nye ting. Felles for deira to seinaste album er at dei har vore meir akustiske og folkrockaktige i forma. Den kjølege produksjonen frå Gran Turismo-tida har blitt erstatta med eit meir humant og ope lydbilde. Etter min oppfatning er dette den beste epoka til The Cardigans så langt. Dei evnar på dette stadiet i karriera å laga meir følesladd musikk med djupare tekstar og greier såleis å røre meir ved lyaren enn berre catchy riff og fine harmoniar.

Ei fallgrube med slike Best of-album, samanlikna med "greatest hits", er at ein ikkje alltid er like trygg på kva ein faktisk får. Eit døme på dette er Oasis sitt relativt nyleg utgitte samlealbum Stop the Clocks der fleire av deira største hits var utelatne til fordel for gruppa sine eigne favorittar. Heldigvis har ikkje The Cardigans gått i denne fella. Her er alle dei største singlane med, men i tillegg får me mindre kjente spor som ein bonus, låtar som bandet følte høyrde med i eit slikt overblikk. Dei beste døma er Higher, frå Gran Turismo, som i deira eigne ord "…is the closest we ever came to gospel" og Communication som dei skildrar som "the song that Peter is most proud of having written." Flotte songar er dei begge to, og dei er med på å gjere lappane du må ut med for denne verdt det.

Til sist eit lite ord om coveret. The Cardigans har skjønt at ein må gje fansen litt ekstra dersom dei skal ha glede av å kjøpe gamle songar om att (sidan det ikkje er nokon nye låtar med på skiva). I heftet har bandet skrive fyldige liner notes til kvar song med interessante og morosame anekdotar kring kvart spor. Det fortener dei ros for, og dette er med på å gjere det endå meir morosamt for lyaren å gå attende til desse songane. Det er berre å bøyge seg i støvet og la seg imponere over dette bandet, sjølv om duetten med Tom Jones på Talking Head-coveren Burning Down The House er vanskeleg å svelge!

Svenskane har all grunn til å vere kry over denne gjengen.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo