cover

Secret Walls

The Fresh & Onlys

CD-EP (2011) - Sacred Bones / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Psykedelia

Spor:
Secret Walls
Keep Telling Everybody Lies
Do You Believe In Destiny
Wash Over Us
Poison Wine

Referanser:
True West
Echo & the Bunnymen
Teardrop Explodes
The Beachwood Sparks
Thin White Rope
The Church

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Luftig garasjepsykedelia

Ein liten EP-parentes frå ein produktiv bande verdt å merke seg.

Det er hol i ein garasje i San Francisco, det er derfor Secret Walls er her. Eller meir korrekt kanskje, døra står på vidt gap i ein garasje i San Francisco, ein vind med noko ørkenpsykedelisk i seg smyg rundt nova, og utanfor døra står The Fresh & Onlys og spelar dei mest vennlig innstilte tonane eg har høyrt frå den kanten.

Dei starta så smått tilbake i 2004, denne kvartetten frå det gamle hippiehovudsetet. Spelte og gav ut singlar, og etterkvart eit album. Eit album nummer to kom i 2009, og så eit tredje i fjor. Og innimellom litt singlar og EP'ar. Så det skulle ikkje vere noko i vegen for å kalle dei produktive. Alt dette har slett ikkje komme meg for øyre, men Play It Strange har gjort det. Fjorårets album. Eit tidvis pophektande, røft rivande, garasjesmart og psykodelisk stykke musikk som eg fant tonen i selskap med. Frå melodisk medrivande Waterfall til deilig prinsipplause Tropical Island Suite.

Slikt noko finn eg ikkje på Secret Walls. Her finn eg kvartetten i noko som meir minner meg om ein svevande stilling. Ein med meir luft både over og under seg. Ein som sender tankane i retning av britiske 80-tals heltar som Teardrop Explodes og Echo & The Bunnymen. Utan at eg kan seie det er heilt der dei er. For dei er jo i Amerika, og i det fjerne finst ein ørken, og to, og tre. Og der huskar eg at amerikanske 80-tals heltar som True West og Thin White Rope vandra rundt. Utan at eg kan seie det er heilt i dei spora dei går heller. Men dei er ute der ein stad. Utanfor garasjen. I Amerika, i England, eller kanskje Australia. På Secert Walls EP.

Det er ikkje sine beste låtar dei har tatt med seg ut i dette lendet. Det er ikkje låtar som limer seg fast i minnet. Samstundes har den noko for seg denne femspors-saken. Den nyttar sine 18 minuttar til å skape ei stemning. Ei eg kan finne hugnad i. Ei som handlar om fred med eit par dråpar uro i seg, ei som handlar om late kjensler med eit snev av sitring i seg. Noko slikt noko.

Gitartonane har supa sin del av kaktusbrennevinet, og vore på nachspiel med fleire spagetti western soundtrack. Songaren, Tim Cohen, har vel ikkje dei viktigaste meldingane å komme med. Men han kjem nå med dei, på forskjellig vis, med ulike stemmer. Frå han finn fram Lee Hazlewood-målet sitt i Keep Telling Everybody Lies, via fakter som minner om Eels i Wash Over Us, til han fraserer omlag som ein Thom Yorke i Poison Wine. Slikt som er med på å gje låtane kvar sitt ansikt. Eit humant og godt ansikt. På ei utgjeving som vel meir er ein parentes enn eit vesentlig steg. Men det finst parentesar verdt å ta med seg også. Secret Walls trur eg kanskje kan vere ein av dei.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo