cover

Farewell Good Night's Sleep

Lay Low

CD (2009) - Cod Music / Nettwerk / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Honky Tonk / Jazz / Blues

Spor:
I Forget It's There
By And By
The Reason Why My Heart's in Misery
Last Time Around
On My Own
Farewell Good Night's Sleep
Why Do I Worry?
Days Have Been
Little by Little
My Second Hand Heart
The Country Ballad

Referanser:
Patsy Cline
Lefty Frizzell
Loretta Lynn
Dolly Parton
k.d. lang
Norah Jones
Amy LaVere

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Yndig tristesse

Lay Low, ei ung dame frå Island som går countryvegen, på tiltalande vis.

Underteikna sin kjennskap til islandsk musikk stoppar veldig fort opp etter Björk og Sigur Ros. At ei countryplate titulert Please Don't Hate Me toppa hitlistene i landet i 2006, og stakk av med ein del nasjonale prisar på slutten av året, har til dømes godt meg hus forbi. Ho som gav ut den plata heiter Lovísa Elísabet Sigrúnardóttir. Men som countrysongar likar ho helst å kalle seg Lay Low. No er ho her med sitt andre album. Eit album som ikkje brukte lang tid på å vise seg fram som ein rett så innbydande sak.

For å få spelt inn plata kryssa ho Nordsjøen og fant fram til Dale Watson sitt Toe Rag studio i Hackney i London. Eit studio med utelukkande analogt innspelingsutstyr. Tidlegare nytta av mellom andre The Kills og The White Stripes. Og det er ein fin lyd ho har fått på plata si. Ein varm og uforfalska ein. Ein lyd som smyg seg rundt og jamnar ut det som måtte vere av kantar, utan å polere eller viske bort låtane sitt sjeleliv.

Stemma til dama har denne vevre smått truskyldige klangen vi kjenner frå til dømes Dolly Parton og Amy LaVere. Og med denne syng ho om det porøse hjertet, om løgner, mørke netter, og gnagande einsemd. Utan at ein som lyttar får ei kjensle av å bli presentert for dei mest fortvila og uroskapande av omstende. Nei det høyrest faktisk meir ut som om ho syng songane sine med eit avvæpnande, håpefullt, smil om munnen.

Lydbildet er dominert av pretensjonslause akustiske lydkjelder, og ein nøysam rytmikk. Eit luftig lydbilde er det, krydra med jazzblå pianoakkordar, ein elektrisk gitar som stundom smyg seg innpå Django-terreng, og ikkje minst steel-gitaren som gret sine vemodige tonar. Det er barmusikk for seine, blått fløyelsfarga timar. Der det uskuldsreine står under ein viss fare for å måtta stire det syndefulle strakt inn i kvitauga.

Den stilmessige avstanden låtane mellom er ikkje stor. Men dei fleste klarer like fullt å krype fram og gjere seg gjeldande. Frå eit dunkelt opplyst hjørne kjem den slørete countryblues-affæra I Forget It's There. Frå like i nærleiken, den sensuelt dampande og jazzgroovy Why Do I Worry?. Inspirasjonen frå det Owen Bradley produserte stoffet til Patsy Cline og Loretta Lynn kan høyrast i låtar som My Second Hand Heart og The Country Ballad. Medan honky-tonk hjørnet effektfullt blir vitja i Lefty Frizzell-balladen The Reason Why My Heart's In Misery. Det einaste sporet på albumet dama ikkje har skrive sjølv.

Låta som vel har dei fremste evnene til å smette på plass i første runde, er nok den lett spretne Last Time Around. Med si innleiande stadfesting av tingas tilstand; "I walked this street of Lonesome town before", og si generelle melodisk likeframme drakt. Men i mi verd har nok tittelsporet ei betre stayerevne. Ei enkel countryvise i Parton-slekta tonedrakt, om mørkret sitt einsemdssporande vesen (og då særlig om ein blir liggande og tenke på den eine ein helst burde gløyme).

Tonane er aldri av avansert karakter, og tekstane endå enklare. I nabooppgangen til banalt, til tider. Men utan å kalle fram den flaue eimen ein kan risikere å møte på i den oppgangen. Absolutt ikkje. Dette lyder meir i retning av å vere blant dei mest tilfredsstillande countryplatene eg har høyrt dei seinare åra (og så frå Island då gitt).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo