cover

I Pledge Allegiance to Myself

Lizzie West

CD (2006) - Appleseed

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock / Singer/songwriter / Reggae / Visepop

Spor:
Take These Demons
God DamnThat Man
Rope Me In and Smoke Me
I Pledge Allegiance to Myself
Portrait of an Artist as a Young Woman (Thank You)
19 Miles to Baghdad
Of Course, My Love
Reaching for Light
I Can See the Mountains From Here
Brooklyn Bound
Looking for Leonard Cohen, part 1
City of New Orleans
They Won't Bury Us Till We Die

Referanser:
Joan Baez
Arlo Guthrie
Joni Mitchell
Eric Andersen
Buffy Sainte-Marie
Melanie
Lucy Kaplansky

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Greenwich Village 1967 Revisited

Ei New York dame med godt gammaldags hippieblod flytande gjennom kroppen.

Eg kan veldig greitt sjå for meg Lizzie West på ei folkscene i Greenwich Village ein søndag ettermiddag i 1967. Kanskje saman med Arlo Guthrie, Joni Mitchell og Joan Baez. Den einaste årsaka til at ho aldri stod på den scena er vel i grunnen at ho først blei født i 1973.

Med ei tidvis ganske så vibrerande røyst syng Lizzie West like pasjonert om herskande demonar som om personlige demonar. Ho ser ut, ho ser inn, men ser sjeldan vekk. Ho står i bresjen for The Anti-Fear Movement, og lever etter mottoet "if you don't create your reality, your reality will create you". Det er klart ho kallar den andre plata si for I Pledge Allegiance to Myself.

Den første heiter Holy Road, og kom til verda i 2001. Platemogulane i Warner fatta etterkvart interesse, og fekk Lizzie med på å spele inn ein litt snillare versjon for utgjeving under deira namn og rykte. Den utgåva kom i 2003. Året etter, når arbeidet med oppfylgjaren vart påbyrja, kom det til sterk usemje mellom mogulane og Lizzie. Lizzie sa adjø, la ut låta 19 Miles To Baghdad til fri nedlasting på heimesida si, og fekk platekontrakt med det vesle frilynte selskapet Appleseed Recordings i staden.

Joda, ho står nok fram som ei kompromisslaus dame, men ho er også ei som kan bli heilt "turned around inside". Ho kan med heva høgre arm gjere ein personlig versjon av Bob Marley klassikaren Get Up, Stand Up, og ho kan be ei naken bøn om at nokon må "take these demons from my brain". Og det var vel nett slik dei var desse folka som streifa rundt i MacDougal street og omegn på 60-talet også.

Då var det Vietnam, no er det Irak. På bildet som ligg under teksten til 19 Miles to Baghdad kan vi sjå Lizzie West med eit gult skjerf framfor augene. Og det er den amerikanske tradisjonen med å "tie a yellow ribbon around something" som er gjennomgangstemaet i ei låt som på subtilt og raffinert vis, og til vinnande tonar, tar for seg angsten og stiller sentrale spørsmål. Litt mindre subtil er ho kanskje når ho i tittelkuttet miksar den gamle hymna America the Beautiful med eit resiterande manifest om fridom og rettferd.

Ein heilt anna tematikk blir tatt opp i reggae-inspirerte Rope Me in and Smoke Me. Her møter vi ei dame som i friske ordelag ber ein noko saktmodig kavaler om å gå litt meir direkte til verket. Hungrande er også ho som fører ordet i den eggande og congas-vitale I Can See the Mountains From Here. Hungrande etter kjærleiken, fjellet og ein open himmel.

Då er det vel kanskje på tide å påpeike at det slett ikkje er alle låtane på albumet eg finn like interessante. God Damn That Man er eit funkforsøk som fell til jorda fortare enn eg klarar å stave trommemaskin. Of Course, My Love og Reaching For Light er heller anonyme viser, og Looking for Leonard Cohen, part 1 er langt unna å halde kva tittelen lovar. Men ho tar seg forsåvidt brukbart inn att mot slutten når ho i harmonispann med kjærasten Anthony Kieraldo på inspirert vis tar for seg Steve Goodman sin City of New Orleans, og i habile former avsluttar med å hevde at They Won't Bury Us Till We Die.

Det trur ikkje eg heller.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo