cover

Maestro

Kaizers Orchestra

CD (2005)Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Alkojazz / Post-punk

Spor:
KGB
Maestro
Knekker Deg til Sist
Señor Flamingos Adieu
Blitzregn Baby
Dieter Meyers Inst.
Christiania
Delikatessen
Jævel Av en Tango
Papa Har Lov
Auksjon (i Dieter Meyers Hall)
På Ditt Skift

Referanser:
Wunderkammer
Tom Waits
Madness
Morphine

Vis flere data

Se også:
Ompa Til Du Dør - Kaizers Orchestra (2001)
Død Manns Tango - Kaizers Orchestra (2002)
Evig Pint - Kaizers Orchestra (2003)
Våre Demoner - Kaizers Orchestra (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


La hammaren svinge

Pumpene går, takten rår, gitarane flår og hammaren slår: Kaizers Orchestra sitt tredje åtak er på skinnene.

Kven hadde trudd i august 2001, då debutplata til Kaizers Orchestra vart sparka ut på banen, at det skulle komme til å herske Kaizersk ompafeber over landet dei næraste to åra. Men i sin balkanpunka, sigøynarforvirra og høgst originale form skulle altså Ompa Til Du Dør treffe eit vitalt punkt hos ei rekke nordmenn, og etterkvart danskar og tyskarar også. Eit leikent og energisk evangelium om klamme og heite kjellarar, galskap, mord, og sveitte tinningar på den usikre sida av revolvermunningen, skulle vise seg å bli ei skikkelig suksessoppskrift. Oppfølgjaren kom tidleg i 2003, og var som tittelen seier ei Evig Pine. Dystrare, tyngre og ikkje fullt så vilter, men med sine historier om løgner, smerter, hemntankar, og livet på feil side av gitteret, sette den sine spor etter seg den også. Eit halvt år etter den utgjevinga tok bandet pause frå norske scener.

Så, fire år etter det sensasjonelle debutalbumet, svingar Maestro seg inn i manesjen. Gassmaskefyren er som vanleg på plass på coveret, denne gongen held han kubeinet fram som balansebom for resten av gjengen, medan høgrehanda strør forrykte impulsar over dei. Orkesteret responderer med sprelsk musikalsk krigføring, om enn i noko meir kontrollerte former enn under den første offensiven.

Uttrykket og den instrumentale bruken er vel nokre steg nærare det ein kan kalle konvensjonelle rock'n roll tiltak. Dei har likevel klart å halde på særpreget. Og aller viktigast, ei handfull av låtane er blant dei aller beste dei har presentert. Tittelkuttet er vel etterkvart velkjent. Eit lite meisterstykke i livfull toneformidling, der den bygger seg opp, opp, opp og innfrir idet refrenget slår ut i full låge. Før den i neste omgang stuper inn i kåte austleginspirerte brasstonar. Snakk om å svinge hammaren med dynamisk presisjon og nådelaus kraft. Av nesten like heit karakter er den litt meir popfikserte Knekker Deg Til Sist. Ledig og leiken, med surfgitar-krydring og eit heitt raid av eit refreng, som med sine innlagte "bom-di-di-bom-di-di" fintar tilslutt endar klin i vinkelen. Dieter Meyers Inst. er den episke låta på plata. Den startar i reserverte akustiske former, med eit forsiktig "legg meg inn". Etterkvart trekker den seg inn i meir energiske parti, og "legg meg inn" blir ei stadig meir fortvila bøn. Tilslutt endar heile greia i styrlaus galskap.

Historiene som fyller låtane kretsar kring vanviddet sitt akselererande inntog, forstyrra idear, anstaltar, spionverksemd og djupfølte lengsler. Det er rop om nåde, rop om hjelp, og bøner om å få ro i sjela. Og som ein blanding av gud, djevel, statsminister og overlege dukkar figurane Maestro, Dieter Meyer, Papa og Direktør opp i tur og orden. Ja det kan nok i endå sterkare grad enn kva tilfellet var på dei to førre albuma virke som det er ein nær samanheng mellom historiene dei serverer. Samanhengen gjev seg rett nok til kjenne i snirklete former, og er derfor vanskeleg både å følgje og å forstå. Trur uansett ikkje ein skal grave seg ned i stoffet. For skildringane og insinuasjonane Ottesen og gjengen hans kastar fram er nok meir meint å fungere som forsterkande grunnlag for dei temperatursterke toneåtaka enn som incitament for djuptgripande filosofisk grubling.

Temperatursterke ja. Eg nemnte tre, det er i alle fall to til. Blitzregn Baby med sin smarte surf-gitar og sitt pågåande punkdriv "leker tikken" med både lyttar og Maestro. Medan Delikatessen er ein angrepslysten og rytmekåt luring med skarpslipt gitar- og trompetlyd. Det siste er det bulgararen Filip Ankov Simeonov som er ansvarleg for. Han gjer forresten same innsatsen på eit par andre spor også. Og hans saksofonspelande landsmann Trifon Trifonov er ikkje dårligare. Han dukkar blant anna opp på det spretne innleiingssporet KGB. Ei låt som nok ikkje festar grepet og tar kontrollen slik opningssporet på debuten gjorde. Skjønar heller ikkje heilt vitsen med å trekke denne forhistoriske hemmelige politietaten inn i opplegget. Eller kanskje bokstavane står for Kaizers Godteri Butikk? Dei tre bokstavane dukkar forresten opp i meir harmoniske omgjevnader i Christiania. Her står orkesteret fram i svært så veldreidd og yndig melodidrakt. Men det er berre utanpå, for hovudpersonen i songen står trengt opp i eit klamt hjørne.

Eit par svake spor har og sleppt forbi. Jævel Av en Tango er slett ikkje så djevelsk, men heller ein litt småslapp Waits-pastisj. Den Geir Zahl-skrivne Papa Har Lov er også noko fargelaus. Langt sprekare takter er det over same mannen sin Auksjon (I Dieter Meyers Hall). Særlig den skrålande vekselsongen i refrenget er effektfull. Dei avsluttar så i dugande driv med På Ditt Skift, der det kraftfullt blir slått fast at; "Det var på ditt skift Direktør, på ditt skift... Han forsvant på ditt skift."

Kven som forsvann kjem ikkje klart fram, men den vitale godtonen til Kaizers Orchestra kan det ikkje ha vore. Den har nemlig klart seg igjennom dette skiftet også, og no skal den ut på tur.

comments powered by Disqus

 



Kyrill Dementjev
2006-01-05Jævel av en tango og Papa har lov

Jeg er selvfølgelig enig med anmelderen i at plata er kjempebra, men av en eller annen grunn så splittes vi på Jævel av en tango og Papa har lov. Der jeg mener at det er en av de to beste platene på plata ser det ut som godeste Oddmund Berge bare foretrekker de mer temopofylte låtene til kaizers - Noe jeg selvfølgelig i tillegg til de rolige også gjør. En anmeldelse av en kaizers plate skal helst se på helheten ettersom de ikke er langt fra konseptplater, og dermed faller disse rolige låtene fint inn som et pust i bakken mellom de litt mer raske og er også dermed essensielle i det store bildet. pluss at jeg selvfølgelig digger dem "1 og 1" hver for seg...

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo