cover

Jackman

Jackman

CD (2006) - CCAP / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock / Soul / Funk / Alkojazz

Spor:
Wish I'd Shut You Up
Stupid Shoes
Funk Descending
Worldly Doubt
Te Helvete Med Stil
I Shook Real Bad
Leave You Where You Lie
Making Time
Duedrit
(No More) Happy Valley
Smertens Sang

Referanser:
Wunderkammer
The Creation
BigBang

Vis flere data

Se også:
Jackman EP - Jackman (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Linjeskifte

Før var han frontfigur i eit sjangerpulveriserande orkester, no er han berre Jackman.

Allereie før Pål Jackman fekk knerta i hop oppfylgjaren til Wunderkammer sin sjølvtitulerte, sjangerpulveriserande og vitale debutplate, eller for den saks skyld hadde komme seg skikkelig fram i rampelyset, kom keisaren sitt eige orkester ramlande inn frå sør med liknande idear og overtok heile scena. Sistnemnte gjorde det med norske tekstar og i ei meir distinkt form (les oljefat, gassmaske og mystisk persongalleri). Wunderkammer vingla tilsynelatande meir vilkårlig rundt blant sigøynerpunk, sirkustonar, klezmer, balkanviser, vaudeville, rotlaus jazz, skakk rock og travel ompa. Det var vel kanskje litt vel utfordrande for ein plass i det store rampelyset. Etter å ha gitt ut ei plate med raritetar i 2003 har vi ikkje høyrt så mykje meir til dei.

No satsar Pål Jackman på eit mindre format. Ein trio med seg sjølv på sang og gitar, John Lilja på bass og piano og broder Morten Jackman på trommer og perkussive tingestar. Enkelt og greitt kalt Jackman. Debutalbumet er her med ti spor (pluss eit ekstrakutt), og framleis vil folk som har problem med å takle sjangerbyksing møte på utfordringar. Likevel, spennvidda i uttrykket har smalna inn sidan Wunderkammer-tilværet.

I trioformatet blir låtane gitt meir luft og meir tid enn kva som ofte var tilfelle tidlegare. Jackman lenar seg også i sterkare grad mot det anglo-amerikanske pop og rock uttrykket. I sonisk styrkegrad spenner det frå sitrande soul-ballade tilstandar i Wish I'd Shut You Up og til hardtrockande gitarriff para med jazzig bassgang og intrikat tromming i den bryske og kantete Duedrit. Den siste ein av to låtar (tre viss vi reknar med ekstrakuttet Smertens Sang) med norsk tekst. Den andre, pasjonert ruslande Te Helvete Med Stil, har nok visse Kaizerske tangeringspunkt, men opererer i eit luftigare lende.

Jackman kom med ein firespors-aperitiff i fjor. Heile innhaldet derifrå blir også servert som ein del av denne hovudretten. Nokre av dei følte eg meg vel i grunn ferdig med den gongen, men den travelt perkussive og sigøynerfarga poprockaren Worldly Doubt har eggande kvalitetar som gjer at den definitivt fortener ein ny runde. Denne er også ein av tre låtar som er spelt inn live med publikum til stades. Det å skape ei live-kjensle har forresten vore eit prioritert område albumet igjennom. Heilt framme på scenekanten opplever eg no likevel ikkje at dei er, men dei har så avgjort rista av seg det meste som måtte minne om hermetikkgufs.

Pål Jackman har ei røyst som finn tonen både i dei varaste og i dei meir frenetiske samanhengar. Det er intensitet, det er rått angrep og det er blått forsvar. Det er habile pianogarnerte soulfakter i Stupid Shoes, og det er jazzdvelande tungsinn i I Shook Real Bad. Jackman bykser og slentrar innom mykje bra, men ramlar også av og til utpå mindre interessevekkande trasear. Det klaraste forbetringspotensiale er nok å finne på låtskrivarfronten. Dei vil mykje, og for absolutt til ein del, men eit litt tynt låtgrunnlag føler eg kanskje blir det største hinderet for at dette tar eit skikkelig grepa tak.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo