cover

Front Parlour Ballads

Richard Thompson

CD (2005) - Cooking Vinyl / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Singer/songwriter / Visepop

Spor:
Let It Blow
For Whose Sake
Miss Patsy
Old Thames Side
How Does Your Garden Grow
My Soul, My Soul
Cressida
Row, Boys, Row
Mutton Street
Precious One
A Solitary Life
Should I Betray
When We Were Boys At School

Referanser:
Fairport Convention
Bob Dylan
Neil Young
John Martyn

Vis flere data

Se også:
Action Packed - Richard Thompson (2001)
The Old Kit Bag - Richard Thompson (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


A Solitary Life

Ein gamal ringrev har innvia sitt nye heimestudio med eit knippe akustisk gitar-dominerte låtar av solid merke.

Heilt sidan tida med Fairport Convention på 60-talet har tonane til Richard Thompson vore rota i den engelske folk- og visetradisjonen. Han har rett nok ofte vore langt inne på rocken sine territorium, men aldri utan å ha med seg eit lite pust frå denne arven. På det nyaste framstøytet hans er pusten frå desse tonane sterkare enn på dei aller fleste av Thompson sine tidlegare album. Årsaka til at det kjennes slik ligg nok hovudsakelig i det bortimot heilakustiske lydbilete. Samstundes er han sikkert også farga av sitt live-prosjekt 1000 Years of Popular Music. For tonen i låtar som For Whose Sake? og Precious One kan ein nok gå mange hundre år tilbake for å finne spira til.

Det viktigaste er likevel at låtkvaliteten denne gongen er betre enn på mange år. Lurar faktisk på om vi ikkje lyt tilbake til Rumor & Sigh (1991) for å hoste opp ei sterkare Thompsonsk låtrekkje enn dette. Det er i alle fall friskare og meir grøderikt enn album som The Old Kit Bag (2003) og Mock Tudor (1999). To Thompson-plater som var noko så uvanlig som litt bleike og fargelause.

Sidan han som tenåring for snart 40 år sidan byrja å spele gitar i Fairport Convention har det komme særdeles mykje storarta musikk med Richard Thompson sitt stempel på. Og skulle eg driste meg til å sette saman den essensielle Thompson-involverte album-buketten kjem ein nok ikkje utanom Fairport Convention-klassikarane Unhalfbricking og Liege & Lief (båe 1969). Det er også vanskelig å unngå dei to meisterverka han gjorde i kompaniskap med kona Linda (no ex-kona), I Wanna See the Bright Lights Tonight (1974) og Shoot Out the Lights (1982). Av soloalbuma hans tykkjer eg nok aller mest om førnemnte Rumor & Sigh. Ei plate der den elektriske utgåva av gitaren stort sett regjerer grunnen, men der det aller sterkaste kuttet er i akustiske former. Med sine uimotståelige tonar og sitt inderlige grep omkring ein for så vidt banal historie, er 1952 Vincent Black Lightning ein klassikar innafor feltet - ein mann hans røyst og hans akustiske gitar.

Det finst kanskje ingen låtar på Front Parlour Ballads ein kan plassere heilt der framme, på fremste side i den Thompsonske kanon. Men ei dryg handfull for side to og tre er her så absolutt. Den varlege Bert Jansch influerte Old Thames Side, om han som ikkje klarar å få tankane bort frå den vakre kvinna han ein gong såg nede ved elvebreidda. Den vekselvis nennsame og energiske A Solitary Life, der den noko skadeskotne hovudpersonen proklamerar ein lengsel mot eit liv i meir asosiale former. Should I Betray? slepar seg nedslåande av garde i noko som minnar om Jacques Brel-lende, mens ei kvinne tar bladet frå munnen og fortel ein utru beilar nokre sanningens ord. Og i When We Were Boys At School fortel Thompson historia om ein sosiopat i spiringsfasa. Ikkje oppløftande temaer altså. I sedvanlig Thompson-ånd dekkar han registeret frå det dystre via det morbide og giftige til det motlause og triste. Av og til kan ein skimte ei lysstrime eller kjenne ei vag duft av noko håpefullt, men det er unntaka.

Tonane frå gitaren spring som vanlig fram i ulastelige og ikkje nødvendigvis opplagte former. Thompson er mann for å finne det intrikate i det enkle, og det enkle i det intrikate. Han er gitarist per excellence, men briljerer ikkje med trøyttande flinkisfakter. Han lar det komplekse veve seg inn i fruktbare tonar og kjem ut med slitesterke låtar. Stemma hans har ein gjenkjennelig signatur, men kan kanskje bli litt stereotyp. Den kom nok aller best til sin rett den gongen Richard fekk litt avløysing hos ex-kona Linda. Men når låtkvaliteten er på Front Parlour Ballads nivå vert ei slik innseiing nokså bagatellmessig.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: