cover

The Fitzgerald

Richmond Fontaine

CD (2005) - Decor / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Countryrock / Americana

Spor:
The Warehouse Life
Welhorn Yards
Black Road
The Incident at Cronklin Creek
Disappeared
Casino Lights
Exit 194b
Laramie, Wyoming
The Janitor
Don't Look and It Won't Hurt
Making It Back

Referanser:
Bruce Springsteen
Tom Waits
Gene Clark
Dave Alvin
Richard Buckner
Johnny Dowd
Songs: Ohia

Vis flere data

Se også:
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
Post to Wire - Richmond Fontaine (2003)
We Used to Think the Freeway Sounded Like a River - Richmond Fontaine (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


'broken, blown and lost and blue'

Dvelande og varlege americana-tonar akkompagnerer historiar om det ublide livet i Reno.

Tidleg i 2004 vart Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine oppdaga og lovprist av velrennomerte engelske musikkmagasiner (les: Uncut og Mojo), noko som førte til at bandet fekk eit aldri så lite gjennombrot i Europa. Derfor har det i rimeleg breie Americana-krinsar vore stilt store forventningar til deira sjette og nyaste album. Vi på groove gav også vår åtgaum til både Winnemucca (2002) og Post to Wire, 2003 (bandet sine to seinaste utgjevingar), og det i god tid før engelskmennene gjorde sine oppdagingar. Forventningane har ikkje vore mindre av den grunn.

I løpet av sine fem første album har bandet flytta seg frå Uncle Tupelo og Replacements sitt terreng i startfasen via dvelande, men intense countryrockstemningar på Winnemucca og fram til dei baud på ein effektfull slalåm mellom varlege og elektriske opptrinn på Post to Wire. På The Fitzgerald presenterer dei eit lydbilete meir strippa og nedtona enn på nokon av sine andre plater. Den upolerte og medynktona stemma til låtskrivar og frontfigur Willy Vlautin er i front av biletet. Bakom vibrerar klangen frå ein akustisk gitar. Frå krokar og naborom kan vi ane lyden av piano, trommevisping og varlege elektriske lydframstøyt. Ja, med dei andre bandmedlemmene såpass vagt til stades kunne dette nesten ha komme ut som ei Willy Vlautin soloplate! Men berre nesten, for det er mykje subtil finesse i bakgrunnen som absolutt er med og løftar verket.

Vlautin har gjort det til sitt kjennemerke å skildra menneske i kamp med tilværet. Nokre i ein håplaus kamp andre med visse sjansar til å karre til seg litt dugande levetid. På The Fitzgerald er dei førstnemnte i større fleirtal enn på nokon av bandet sine øvrige album. Her møter vi dei skakkøyrte, dei utstøytte, dei svikta og dei desperate: "The alcoholics, the ruined and the framed."

Vlautin har tatt turen tilbake til traktene der han vaks opp. Fjorten dagar på eit hotellrom i Reno, Nevada er utgangspunktet for desse elleve episodane om menneske som har snubla i livet sin taggete fortauskant. Alt utspelar seg innan eit geografisk avgrensa område, der The Fitzgerald Casino Hotell er sentrum. Ein kan sjå på dei ulike historiene som separate rapportar frå baksida av den amerikanske draumen. Føler likevel at dette meir er eit Raymond Carversk Short Cuts opplegg av den dystre varianten, der skildringane møtes eller flyt over i kvarandre men utan å vere i eit lineært eller logisk system.

Tekstane til Vlautin har alltid vore viktige for den totale Richmond Fontaine opplevinga. Samstundes har han hatt for vane (i alle fall på Winnemucca og Post To Wire) å gje dei eit så sterkt melodisk samkvem at låtane også har fungert som tiltalande aurale opplevingar, utan fokus mot det han melder. Det finst nok dei som vil hevde at dette ikkje er like sjølvagt på The Fitzgerald. Var faktisk ei stund inne på tanken sjølv, men gjev ein stoffet litt tid oppdagar ein at dei limiterte tonane har ei stille melodisk kraft, og er såleis det ideelle kompaniskap for desse ublide skildringane.

To av Vlautin sine heltar er Bruce Springsteen og Tom Waits, og mannen har vel aldri vore nærare dei i uttrykk enn på denne plata. Både melodisk og tematisk er her mykje slektskap til ein ung Tom Waits, og til Springsteen sin sosialrealistiske trilogi (Nebraska, The Ghost of Tom Joad og Devils & Dust). Men fleire av Vlautin sine karakterar har nok endå tyngre for å komme seg opp i ståande stilling enn den gjennomsnittlege Springsteen/Waits karakter.

Hovudpersonen i Welhorn Yards "fell into the most uneasiest of dreams", og ser seg jaga av ein galning etter eit mislykka ransforsøk. "Darkness I give myself to you, take my blood and take my heart" proklamerar den ustabile fyren i Disappeared. Den melodisk fullkomne Casino Lights fortel om ein bror og ei syster på randen av undergang; "oh casino lights, they only bring darkness to the night". Laramie, Wyoming er utstyrt med sårvakre tonar og handlar om den sterkt underkua guten som til slutt rømmer og søker ly hos ei tante. Medan Incident At Cronklin Creek usentimentalt men respektfullt skisserer eit likfunn; "black eyes, broken nose, teeth missing... there was no smell, and you could still see life on his face". Langt unna frydefulle tilstandar altså. Det blir likevel sådd eit lite håp til slutt. På Making It Back er "festen" over, men paret på kjøkkenet har i alle fall funne saman. Kanskje ikkje i pur fryd, meir i ein slags felles lagnad, men i denne samanhengen er vel det godt nok.

Fleire skildringar frå livet under den vemodige himmel kan ein sikkert forvente når Willy Vlautin snart debuterer mellom to permar med romanen Motel Life. Meistrar han den sjangeren like godt som låtskrivargjerninga kan vi sjå fram mot givande lesing.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo