cover

Begonias

Caitlin Cary & Thad Cockrell

CD (2005) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Americana / Countryrock / Soul

Spor:
Two Different Things
Something Less Than Something More
Second Option
Please Break My Heart
Whatever You Want
Don't Make It Better
Warm & Tender Love
Party Time
Conversations About a Friend (Who's in Love With Katie)
Waiting On June
Big House

Referanser:
Ryan Adams
Gram Parsons
Emmylou Harris
Tammy Wynette
George Jones

Vis flere data

Se også:
I'm Staying Out - Caitlin Cary (2003)
While You Weren't Looking - Caitlin Cary (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Love Hurts

Countryduettar om øm kjærleik, knuste hjerter og litt meir.

Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men det er ein del av oss som meir enn gjerne skriv under på Thad Cockrell sin uttale "I've always loved the twang of hurt". Kanskje likar ein å dyrke sine depressive sider (litt meir enn godt er)? Kanskje skaper det ein slags balanse i sinnet? Kanskje finn ein her eit middel mot det plagsamt overflatiske? Det er i alle fall slik at tonen og fraseringa i ein del av slikt stoff har ein tendens til å treffe der sjela er.

Thad Cockrell er ei relativt ny stemme i countrysamanheng. To album har den unge mannen med ein bakgrunn i strenge baptistiske oppvekstvilkår spelt inn så langt i karrieren. I eit grøderikt samarbeid med den noko meir kjente Caitlin Cary serverer han med Begonias ein bukett som inneheld mykje ven musikk. For dei uinnvigde så er altså Caitlin Cary identisk med dama som spelte fele og stundevis vokalharmonerte med Ryan Adams i Whiskeytown-tida. Ho har dei seinare åra fått ein solokarriere på skinnene, men også vore ein aktiv part i jentetrioen Tres Chicas.

Cary og Cockrell har kjent kvarandre sidan slutten av nittitalet, og starta tidleg i vennskapet å skrive låtar saman. Deira aller første låt fekk ein tittel med visse Whiskeytown-assosiasjonar, Please Break My Heart. Ei låt Cary hadde med på sitt førre album, og som også dukkar opp på Begonias i eit Owen Bradley-produserer-Patsy Cline liknande landskap. Her ligg den og døser mellom to låtar som har sterke band til både inspirasjonskjelder og tidlegare samarbeidspartnarar. Whatever You Want er ein ballade med mange spor etter Parsons/Harris sin måte å synge duett på, medan up-tempo saken Second Option heilt problemfritt kunne funne seg godt til rette på den siste Ryan Adams plata (Cockrell si tenorrøyst har ein viss likskap med Adams, og aller tydeligast kjem det til uttrykk i denne låta).

Av dei elleve spora er ni Cary/Cockrell-originalar. Dei to som ikkje er det er Percy Sledge balladen Warm & Tender Love (eit vakkert døme på at "country got soul", eller omvendt), og den litt meir anonyme Waiting On June, ført i penn av Skip Matheny frå countryrock-bandet Roman Candle. Av dei sjølvlaga bør ein nok merke seg det konvensjonelt oppbygde men melodisk fine opningssporet Two Different Things. Medan Honky Tonk-affæren Party Time byr på både friske tonar og sjansen til å tynne ut whiskyen med ei tåre eller to. Trist over i det tragiske er historia som vert fortald i albumet sitt glansnummer, den sju minuttar lange Conversations About a Friend. Her fører Cockrell og Cary ein tone- og tekstskarp samtale over venen dei synest synd på fordi han har gjort eit ulykksalig feilgrep på kjærleiksfronten.

Paret fører nok ikkje country i duettform inn på nye og revolusjonerande stiar. Men måten dei følgjer oppgådde stiar på er såpass yndefull (og smertefull) at dei sikkert vil treffe mang ein melankoli-disponert twangelskar heime.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo