cover

Music in a Foreign Language

Lloyd Cole

CD (2003) - Sanctuary / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folkrock / Indierock

Spor:
Music In a Foreign Language
My Other Life
Light Night, Early Town
Cutting Out
No More Love Songs
Today I'm Not So Sure
My Alibi
People Ain't No Good
Brazil
Shelf Life

Referanser:
Leonard Cohen
Nick Drake
Aztec Camera
Nick Cave

Vis flere data

Se også:
Broken Record - Lloyd Cole (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


People Ain't No Good

10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum.

Witnesses have placed me at the crime scene
Forensic evidence concurs
Samples taken from under my fingernails
Support the prosecution's case...

Det ser definitivt ut som han ikkje akkurat har bevisbyrden på si side hovedpersonen i denne historien. Men sidan han sjølv ikkje kan minnast dette grufulle, må det ha skjedd i eit anna liv. Splitta personlegdom, galskap og dunkle drifter. Jodå, det er beksvarte og uhyggelige strenger han spelar på, Lloyd Cole her. Sangen heiter My Other Life, og er i all sin dystre og kontrastfulle prakt ein sak henta frå samme gyldne skattkammer som Perfect Skin og Forest Fire i si tid kom raslande ut ifrå. Den er også høgdepunktet på mannens nye album Music In a Foreign Language. Eit album der einsame nattetanker dominerer ganske så kraftig, sjølv om det sjeldan er snakk om like uhyggelige hendelsar som i nevnte sang.

Snart 20 år er gått sidan Lloyd Cole og hans Commotions første gang dukka opp på musikkhimmelen. Med seg hadde dei albumet Rattlesnakes. Ei samling sangar i ei jangle-gitar/folkrock sfære. Med sine ordrike tekstar og sin utstrakte namedropping gjorde Cole det tydelig at her kom det ein velorientert fyr (han studerte på den tida filosofi i Glasgow). Dette hadde sjølvsagt ikkje hatt mulighet til å fungere utan mannens briljante melodisans, og lett nonchalante men udiskutabelt sjelfulle røyst. Etter denne eminente debuten har imidlertid mannen hatt problem med å levere varer av samme kaliber, både i bandsamanheng og som soloartist. Og han vil sannsynlegvis få sin plass i musikkhistorien ved sida av alle dei andre som også gjorde sine skarpaste ting i første forsøk.

Når det er sagt; Music In a Foreign Language er slett ikkje uefne saker. 10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum. Her til lands hadde vi kanskje kalt det visesang. Trommefritt og spartansk som det er, blir det i alle fall nokre grader meir nedtona enn mannen har framstått før. Så her er det berre å legge henda bak hovudet og lene seg sjølvransakande tilbake i visshet om at alt som minner om soniske utskeielsar er heilt fråverande. Dette blir samstundes også litt av svakheten til albumet, for sjølv om dei fleste låtane absolutt er solide nok, blir dei og litt for like.

Men lat oss ikkje klaga, her finn vi så mange fine sangar at eg foreslår vi heller gler oss over det. Som låta om dekadensen og framandgjeringa i Los Angeles, kalt Light Night, Early Town: "Oh Los Angeles how do you sleep, you seem so full of cocaine, and self belief". Eller om kjærleik gått i vranglås i steelgitar-draperte My Alibi: "I'm freezing cold cause I've been out all night, I guess I left without my coat, I just get to walking round and round your block, very very rock'n'roll". Det er i det heile eit ganske så pessimistisk syn på kjærleiken og mennesket som kjem til uttrykk i mykje av det Lloyd Cole har på hjertet denne gangen. Så at han også har tatt med ein versjon av Nick Cave sin People Ain't No Good er jo ganske høvelig. Vemodige No More Love Songs, der dei elskande har komme til ein slags einighet om at kjærleiken kanskje ikkje er så mykje å satse på likevel, har heller ikkje mykje optimisme i seg. Mens hovedpersonen i Shelf Life trass i resignasjon, prøver å halde på draumen om den gang det var verdt å elske.

Det er rett og slett mulig at Lloyd Cole med Music In a Foreign Language, trass i all sin nedslåtthet, har prestert sitt beste album sidan den før omtalte debuten.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo