cover

Better Than Before

The Singles

CD (2003) - Rainbow Quartz / Perfect Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Retropop

Spor:
I'm in Love With You
Since You've Been Gone
I'll Be Good to You
Until You Came Along
It'll Never Be the Same
I'm Coming Home to You
He Can Go, You Can't Stay
Better Than Before
Come On
See You Again
There's Nothing Wrong When I'm With You
She's Got a Hold
No More Places (Left to Go)
Waited So Long

Referanser:
The Beatles
The Zombies
Buddy Holly
The Byrds
Flamin' Groovies
Cotton Mather

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


The Singles love you, yeah, yeah, yeah

Dei har høyrt masse på Beatles, dei elskar Beatles, dei kan antakelig ikkje få nok av Beatles.

Detroit er i rock'n'roll-samanheng først og fremst kjent som heimbyen til eldfulle og hardtslåande band som MC5, The Stooges og White Stripes. Dei fire unge karane i The Singles tilhøyrer nok ein meir popfiksert retning i bilbyen, og kan derfor kanskje heller plasserast i det musikalske nabolaget til ferske Detroit-akter som The Sights og Brendan Benson. Men før dei tok tilhald i dette nabolaget var dei ein tur over Atlanteren, der dei på eit eller anna vis havna 40 år tilbake i tid, på the Cavern Club i ein berømt havneby i det nordvestlige hjørnet av England. Musikken dei fekk oppleve der prøver dei så å reprodusere her på si debutplate.

Eller for å seie det med eit ord: Beatles. Dei har høyrt masse på Beatles, dei elskar Beatles, dei kan antakelig ikkje få nok av Beatles. Noko dei har tatt konsekvensen av og derfor sjølv laga ei Beatles-plate. For det er som om dei har plassert seg midt i 1963, og heilt fritt latt lyden av the Merseybeat få regjere grunnen. Så ut i rommet strøymer dei, The Singles sine variasjonar over I Saw Her Standing There, She Loves You og I Want to Hold Your Hand. Enten dei blir kalla I'm In Love With You, Since You've Been Gone eller She's Got A Hold, den opprinnelige idéen blei første gang sett ut i live for over 40 år sidan i Liverpool.

Nå er som alle sikkert veit The Singles langt ifrå dei første som har latt seg begeistre av kvartetten frå Merseyside, og heilt sikkert ikkje dei siste heller. Klassisk popmusikk vil jo alltid være ei rik kjelde til inspirasjon. Og rett skal være rett, det er vel også slik at Vince Fredericks (låtskrivar, sangar) og hans kameratar har høyrt på anna enn Beatles. For her finn vi også artige Buddy Holly takter (See You Again), pasjonert Yardbirds-blues (tittelkuttet) og finfin Byrds-jangle (Until You Came Along). Men skal dei fire unge karane gjere ein karriere utav sin glød for 60-talet sine tonar, lyt dei nok supplere med i alle fall ein liten dose eigenart ved neste korsveg. For sjølv om dette absolutt inneheld ein solid porsjon med ungdommelig sjarm og entusiasme, vil eit nytt album i samme leia være nokså meiningslaust.

Tar dei derimot med seg gløden frå sangar som den energiske tamburin-drevne He Can Go, You Can't Stay og hissige It'll Never Be the Same Again og gjer det heile ein smart injeksjon særpreg er det absolutt håp om at The Singles kan være eit band å sjå opp for.

Og då er det jo nesten litt synd at dei allereie har brukt opp tittelen Better Than Before.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo