cover

The Wedding Dance of the Widow Bride

Geoff Berner

CD (2007) - Checkpoint Charlie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Klezmer / Folk / Cabaret

Spor:
Good Luck Now
Weep, Bride, Weep
Widow Bride
Queen Victoria
The Fiddler is a Good Woman
Traitor Bride
Can't Stay Dry
Song to Reconcile
Would It Kill You?
Instrumental Weep Bride Weep

Referanser:
Klezmatics
The Barmitzvah Brothers
Hawksley Workman
Tom Waits

Vis flere data

Se også:
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
Whiskey Rabbi - Geoff Berner (2005)
Whiskey Rabbi - Geoff Berner (2005)
Klezmer Mongrels - Geoff Berner (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


'Weep, Bride, Weep'

Det låte ikkje akkurat som Mendelsohn når Geoff Berner lagar bryllaupstonar.

Den beste og mest presise beskrivinga av kva ein får servert på Geoff Berner sitt tredje studioalbum, er det vel mannen sjølv som har komme opp med:

- Because klezmer is largely wedding music, I decided to write a wedding album. But it's my wedding album, so it's a bit fucked up.

Den trekkspelande canadiaren Geoff Berner og hans to medmusikantar, fiolinisten Diona Davies (frå Po Girl) og perkusjonisten Wayne Adams, legg for dagen ei sonisk framferd som vel neppe kan karakteriserast som 100 % sivilisert. Fryktlaust, trur eg vi seier, men med ei djup forståing av at musikken gjer seg best når ein kombinerer det angripande med det sordinerte, spelar dei opp til ein dans som slett ikkje alltid følgjer hevdvunne reglar. Når så Berner i tillegg riv ned dei fleste illusjonar om ekteskapelig lykke, ja så vil eg tru at ikkje ratt alle nygifte vurderer Berner & co som dei mest opplagte kandidatane til å lydsette brurevalsen deira.

Men festlig er det. Usedvanlig festlig. Der Berner & co med enkle midlar og stor kjærleik kastar seg om halsen på den gamle jødiske klezmertradisjonen, samstundes som dei gjer den eit par intoksikerte spark i baken. Det som held meg borte frå å vere endå meir gåvmild når det kjem til groove-poeng er at mannen sitt melodiske register kanskje kan bli litt i snevraste laget, og at opplegget hans kanskje ikkje kan skilte med den mest solide substansen her i verda. På den andre sida, gjer det noko?

I ein burlesk forteljartradisjon manøvrerer Berner seg nokså skånsellaust mellom det lystige og det beint fram tragiske. Det startar gjøglande og optimistisk i kjappe soniske vendingar med Good Luck Now. Ein åndsfrende av Berner sitt paradenummer Lucky Goddamn Jew. Tonen blir så ganske annleis når Berner, i Weep, Bride Weep, gjer bryllaupet om til noko som vel meir minnar om ei gravferd. Sakte men i intense former (minnar ikkje fraseringane hans litt om Nick Cave til tider, tru?) prøver han å overtyde brura om at ekteskapet absolutt ikkje er eit tilrådelig løp å gje seg ut på. Så idet låta hastar mot siste tone står ektemannen att som ein eindimensjonal tufs, medan bandet stikk av med brudepikene.

Som det vel høver seg, når det er det velsigna samlivet mellom mann og kvinne som er tema, blir det mange både direkte og indirekte seksuelt relaterte ytringar. Ganske så direkte når Berner i Widow Bride kjem med kraftfulle anbefalingar om å skaffe seg ei enke, fordi: "a widow bride has everything her husband couldn't take with him, and a widow bride knows how to do things you don't know how to teach her to". Meir dulgte er utsegna, men vel så rå, når det i Can't Stay Dry mellom anna blir hevda at "she never imagined how much fun it would be to get dragged into the flooded gutter with me".

Det meste på albumet har Berner skrive sjølv, men han tillet seg også å herse litt med Leonard Cohen sin alt anna enn sømelege Queen Victoria. Så heilt sømeleg er vel heller ikkje kvinna han lovprisar i sin eigen desperate The Fiddler is a Very Good Woman. Medan den stakkar kvinna i Traitor Bride har gjort seg skuldig i den dødssynda det er å forelska seg i "a soldier from the wrong side".

Med den sorgtunge balladen Would It Kill You? fører så Berner oss til slutt inn i den uunngåelige ekteskapelige bakrusen han har åtvara om sidan første stund: "Would it kill you, to love me enough to stay?" spør mannen ståande midt i ruinane av matrimoniumet sitt samanbrot.

Ja, kva skal vi eigentlig med optimismen og ei sunn sjel, så lenge vi kan få servert pessimismen og det intoksikerte sjelelivet på slik eit saftig vis.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo