cover

2

All Girl Summer Fun Band

CD (2003) - K Records / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poppunk / Indiepop / Twee-pop

Spor:
Dear Mr. & Mrs. Troublemaker
Down South, 10 Hours, 1-5
Ticking Timebomb
Jason Lee
Grizzly Bear
Inarticulation
Daydreaming
Video Game Heart
Million Things
Parallel Park
The Longer I Wait
Samantha Secret Agent
Becky
Tour Heart Throb

Referanser:
The Shangri-Las
The Ronettes
Beach Boys
Ramones
Blondie

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Sha-na-na-na-na

Denne plata er eit oppkomme av meloditeft og uimotståelige poprefreng.

Det vi får servert her er ingenting mindre enn ein kanonade av drivande flott popmusikk. På under 30 minuttar feier dei fire jentene som utgjer All Girl Summer Fun Band gjennom 14 sommarfriske poplåtar. Dei er befriande upretensiøse, og spelar sin popmusikk fordi det er kjekt, kjekt, kjekt.

Det starta som eit sideprosjekt ein gang i 1998, etter nokre singelutgivelsar såg den sjølvtitulerte debutplata dagens lys i 2002. Ikkje veit eg kva som er planane til jentene men denne oppfølgaren beviser i alle fall at All Girl Summer Fun Band (for eit navn!) verkeleg bør være noko å satse på.

Med schwung og vitalitet utstyrer dei sine gitarkvesste poppunk-melodiar (The Ramones, The Jam, Blondie) med eksplosiv harmonisang i beste 60-talsstil (The Shangri-las, The Ronettes, The Beach Boys), og med eit driv som får det til å krible både her og der. Frå første skrivemaskinanslag i Dear Mr. & Mrs. Troublemaker til applausen legg seg i Tour Heart Throb er denne plata eit oppkomme av meloditeft og uimotståelige poprefreng. Det er naivt, det er banalt og musikken har sine begrensingar, men så lenge gløden og gleda er drivkrafta kan dei kysse himmelen.

Som navnet tilseier handlar dette om oppløftande musikk for lyse årstider og lette sinn. For sjølv om vemodets skyer seglar omkring på himmelen og innimellom stenger for sollyset, så tar det ikkje lang tid før ein kan synge "sha-na-na-na-na" igjen. Det er jo ikkje tida for sorgtung melankoli og avsindige grublerier når den eventyrlige sommaren bankar på døra. Noko eg tar konsekvensen av, då dette så avgjort er musikk som skal nytast og ikkje analyserast. Så la oss heller lage i ei liste, og kalle den for "Slik går refrenget her":

1. Parallel Park, Parallel Park, Parallel Park, Parallel Park (Parallel Park).
2. Jason Lee, doin' quick flips in my dreams, Jason Lee (Jason Lee).
3. Uha haaa, uha ticking ticking ticking time bomb (Ticking Timebomb).
4. You gave me no clue, but I found you, Samantha Secret Agent (Samantha Secret Agent).
5. Becky, I wanna borrow your boyfriend, cause I know you not really good, and that doesn't seem fair to me (Becky).

All Girl Summer Fun Band; friskare enn nyplukka bringebær, og fulle av sjarm, sjarm, sjarm.

comments powered by Disqus

 



2008-10-22feil cover

Dette er coveret på debutskiva, som er en del bedre forresten.

[Takk for tipset, coverbildet er endret og skal nå være riktig. Red.]

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo