cover

The Jealous Kind

Chris Knight

CD (2003) - Dualtone / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Americana / Heartland rock / Singer/songwriter

Spor:
The Jealous Kind
Banging Away
The Border
Staying Up All Night Long
A Train Not Running
Carla Came Home
Me and This Road
Broken Plow
Devil Behind the Wheel
Hello Old Man
Long Black Highway

Referanser:
John Prine
Fred Eaglesmith
Hal Ketchum
Tom Pacheco

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Historiar frå grisgrendte strøk

Ein country-fyr av det trauste, men ikkje spesielt spanande slaget.

Vi har høyrt liknande historiar før. Vi har høyrt dei innpakka i omtrent identiske tonar også. Frå ein singer/songwriter-tradisjon der navn som John Prine og Townes van Zandt er to av dei største, har Chris Knight funne sin plass i ein liga nokre nivå under. Her syng han sine heimelaga country-farga låtar som like godt kunne vore gjort av folk som Tom Pacheco, Hal Ketchum eller Fred Eaglesmith. Sangar om tapt kjærleik, sjalusi, arbeidsløyse, rastlaushet og ein og annan lovlaus skapning. Chris Knight har ikkje all verden med nye innfallsvinklar, men eit par velfunderte tekstlinjer har han absolutt å by på.

The Jealous Kind, som er Knight sitt tredje album, blir dratt i gang av eit tittelkutt med melodilinjer det går an å like. Om mannen som full av sjalusi raser så fort avstad for å møte sin Maria at han istaden blir hekta for råkjøring. Neste låt ut er ein sak han har skrevet saman med ex-Green On Red Chuck Prophet. Banging Away heiter den, og er ein frisk up-tempo sang om endå ei sjalu sjel, som endar sin daglige morgontur hamrande på døra til sin ex-kjæreste. A Train Not Running smyg avstad på fine feletonar. Ganske så dystre forhold blir vi konfrontert med i Carla Come Home. Carla kjem nok heim, men faren er reist avgårde for å ta seg av svigersonen, og Winchesteren heng ikkje på kjøkkenveggen. Denne hadde vore endå betre hadde Chris kutta ut siste vers, av og til er det nemlig betre å la ting henge litt i lufta. Siste vers er derimot med og reddar den ellers ganske tradisjonelle ranshistorien Long Black Highway. Her bringer Knight inn både litt gufne stemningar og ein dæsj humor. Men då har vi vel igrunnen nemnt det som er verdt å nevne frå Dan Baird (The Georgia Satellites) produserte The Jealous Kind.

Mest har nok Chris Knight å hente på det melodimessige plan. Det blir for lite nerve og for mykje som foregår i det samme dom-di-di-dom-di-di dom-di-di-terrenget til at han klarer å skape den store interessa dei tre kvartera dette held på. Røysta hans er heller ikkje blant dei mest karakteristiske eg har høyrt. Så når alt kjem til alt blir det egentlig noko veldig gjennomsnittleg og traust over det heile.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo