cover

Kenneth Ishak & The Freedom Machines

Kenneth Ishak And The Freedom Machines

CD (2010) - Division / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkpop / Prog / Psykedelia

Spor:
The Broadest Avenues
Across The Ice
You Lived In A World Of Your Own
O'Hoy Dino
Wooden Heart Of Scandinavia
Bottom Of The Valley
Painted Walls
The Hoaxxx
Øreåsen

Referanser:
Beezewax
The Little Hands of Asphalt
Wilco
The Posies
Pinback
Man Ray Sky

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pop i handlingsrommet

Ein Ishak med eit meir frigjort sonisk sinnelag. Men poptonen er der, flott er den òg.

Det gror fram pop i fotefara til Kenneth Ishak. Flott pop. Fuzz- og powerpop i bandet Beezewax. Folkpop og meir lekkert arrangerte saker i solosamanheng. I år gjer han det litt vanskeligare. Malar eit meir komplekst og vagare innramma bilde. Tyr til ei meir frigjort framferd. Men pop er det. Elastisk, rytmisk og melodisk pop. Flott pop.

Låtane kallar han fridomsmaskiner. Eller er det bandet, det laust samansette bandet. Med Bent Sæther (Motorpsycho), med Jörgen Wall (Fatboy), med Per Ivar Stubberud (The Goo Men), og fem-seks til. I lag har dei improvisert, spelt fram og forma ei popplate litt annleis enn popplater flest. Ei slags Yankee Hotel Foxtrot light.

Det hender altså meir på denne plata enn kva det har hatt for vane å gjere på ei Ishak-plate. Men ikkje på noko vis for mykje. Dette er langt unna kaos, langt unna fri sonisk flyt, langt unna overlast. Romslig, ledug og variert skulle vel vere meir treffande ord å dra fram.

The Freedom Machines er ei plate som er blitt til gjennom samspel, ikkje ei som er blitt forma etter ein nøye uttenkt plan. Gjennom eit samspel der samspelarane gjer kvarandre handlingsrom. Eit rom der veggar og krokar ikkje insisterer på å vere den absolutte grensa. Eit ope rom. Eit rom der songar trivst.

Den mest fengande av dei heiter You Lived In A World Of Your Own. Ei andreperson eintal skildring av asosial åtferd grunnlagt på hooks og ein melodisk snert av det sosialt sett svært så velutrusta slaget. Forståelige nok har den fått tildelt rolla som appetittvekkar og singel.

Det lengste opphaldet i handlingsrommet er det Bottom Of The Valley som føretek. Ein groovy krautpoprakkar som passerer seks minuttar. På si ferd er den innom både lys og skugge, høgder og dalar, elektriske åtak og straumlause gliper. "I was out all day, I was out all day, tryin' to shake it off".

Inn i psykedeliske sfærar driv det også. Ikkje langt og tåkelagt, men like fullt innafor. I den lumre og raffinert harmoniserte The Hoaxxx. Og i Øreåsen. Fasetterte Øreåsen, med psykisk virvling, ein melodisk gitarsolo som brått smyg seg utav ein luftig lydmasse, og ein avsluttande ambient akustisk passasje.

Ei popopenbaring av det slaget som manifesterer si fulle kraft i første runde er dette naturlig nok ikkje. I alle fall er underteikna si oppfattingsevne noko for trong og treig til at så kunne skje. Men etterkvart skjedde det. Alle passasjar snodde seg på eit vis gradvis i hop, og eit levande popbilde byrja ta form. Heilt essensielt for at plata når dit er sjølvsagt låtgrunnlaget, tonane, Ishak-tonane, innbydande, vitale og velformulerte som dei er. Slik Ishak har gjort det til ein vane at dei skal vere.

Ja eigentlig finst det særdeles få grunnar til å gå utanom Kenneth Ishak om det er smart og flott pop ein er ute og går etter. Det vere seg Beezewax eller solo, og for all del The Freedom Machines.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Hardingfelepsykedelia
The Low Frequency In Stereo + Nils Økland = Hardingfelepsykedelia.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day