cover

At the Organ

The Minus 5

CD-EP (2004) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Powerpop / Countryrock

Spor:
Lyrical Stance
Hotel Senator
Formerly Hail Centurion
Film of the Movie
The Town That Lost Its Groove Supply
The Days of Wine and Booze
One More Bottle to Go
The Town That Lost Its Groove Supply (video)

Referanser:
Young Fresh Fellows
R.E.M.
Wilco
Big Star

Vis flere data

Se også:
The Minus 5 - The Minus 5 (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Plusspop

Mange friske tonar frå overskotslageret til eit overskotsband.

Scott McCaughey har spelt for åtte tilhøyrarar. Scott McCaughey har også spelt for 125 000 tilhøyrarar. Scott McCaughey har spelt piano på ei plate som er selt i heile 5 millionar eksemplar. Scott McCaughey har også skreve låtar, sunge og spelt inn ei plate som har selt i skarve 450 eksemplar. Scott McCaughey har dreve med musikk sidan 70-talet. Han har vore frontfigur i Young Fresh Fellows, han har spelt i Tuatura og han har sidan midten av 90-talet vore assosiert medlem av REM. The Minus 5 er monikoren han nyttar når han inviterer kjente og mindre kjente musikkvenner på pop-party.

Forrige gong heitte partyet Down With Wilco. Det starta med friskt mot i Chicago 10. september 2001, og heldt fram dagane derpå i ein heller forvirra og bekymra tilstand. Ny økt fulgte nokre månader seinare. Albumet frå innspelingane såg dagens lys tidleg i 2003, og var, til trass for omstenda deler av materielet vart til under, solid spekka med spenstig popstoff.

At the Organ er ein sjuspors EP (+ ein video) der deler av materialet er henta frå Down With Wilco seansen. Her får vi 11. september-versjonen av killerlåta The Days of Wine And Booze. Hissig, skitten, bakfull og vakker. Endå betre enn versjonen som fant vegen til 2003 albumet. Det kanskje aller mest vitale nummeret på det albumet bar tittelen The Town That Lost Its Groove Supply (for ein skjebne). På denne EPen er den å finne i ei nyinnspelt og meir gitarstraigt (og Wilco-fri) utgåve. Ikkje fullt på høgde med 13 sept. 2001 gjennomføringa. Låta har også inspirert Scott Ferril og Chris Mars (han frå Replacements, ja) til å lage ein groovy video, den får ein også høve til å glane på om ein skaffar seg At the Organ.

(I've Got a) Lyrical Stance er ein kjapp liten poppunk-røvar, komponert av trekløveret McCaughey, Tweedy og Buck. Hotel Senator ein nyare litt Kinks-aktig og finfin sak. Formerly Hail Centurion stammar opphavlig frå den omtalte Wilco seansen. Ein fabelaktig "Alex Chilton møter Brian Wilson"-sak, som mystisk nok ikkje fekk vere med på albumet. I Film Of The Movie spenner McCaughey og tre ukjente på seg sporane og rir av gårde i frodig countryrock-drakt. Så sjølv om det Bo Diddley influerte avslutningssporet One More Bottle to Go ikkje heilt held mål kunne eg godt tenkt meg meir av Scott og hans mange venner eg (det kjem visst også, i løpet av 2005 eingong)

Har du (og set pris på) Down With Wilco, er denne EPen eit sjølvsagt supplement. Eig du ikkje Down With Wilco, ja då...

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo