cover

Crooked

Kristin Hersh

CD (2010) - Cash Music / The Friday Project

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock / Singer/songwriter

Spor:
Mississippi Kite
Moan
Sand
Glass
Fortune
Coals
Crooked
Krait
Flooding
Rubidoux

Referanser:
Throwing Muses
50 Foot Wave
Patti Smith
PJ Harvey
Liz Phair
Vic Chesnutt
Mark Eitzel
Lucinda Williams
Feist

Vis flere data

Se også:
Sky Motel - Kristin Hersh (1999)
The Grotto - Kristin Hersh (2003)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Songbok

Det kan vere mykje musikk i ei bok, men sjeldan så mykje som i Crooked.

Det er ikkje så heilt enkelt for ein musikar å leve av musikken sin nå til dags. Den vesle runde plastdingsen kalla cd har sett betre dagar, og lite tyder på at den nokon gong vil sjå det igjen. Betre dagar altså. Framtida handlar sannsynlegvis om noko anna enn den. Men om kva?

Cash Music heiter eit prosjekt Kristin Hersh og nokre venner starta opp for tre år sidan. Eit prosjekt tufta på ideen om at musikken aldri vil døy, men at CD-plata gjerne må døy, og plateselskapa saman med den. Cash Music er på nettet, og presenterer seg som ein "open source revolution", ein stad der musikarar kan presentere seg og tonane sine. Med eit løynlig håp om at det finst nokon som synst om dei, og i neste omgang gjerne betalar litt for sakene. Brendan Benson kan eg sjå er der med nokre låtar, Calexico kan eg sjå er der med eit live-opptak, og fleire med. Men først og fremst kan eg sjå, og aller mest høyre, at Kristin Hersh er der.

"www.kristinhersh.cashmusic.org" skriv du i adressefeltet, og så er du der. Der kan du bli ein Strange Angel. Ein abonnent på Kristin Hersh sin musikk. Alle hennar kommande innspelingsprosjekt, fri aksess til alle hennar konsertar, og tilgang til ein avlåst krok på nettsida med ein del eksklusivt stoff. Mot den nette sum av tretti dollar i kvartalet. Men slett ikkje alt kostar noko. For augeblikket er det opent tilgjenge til nokre Throwing Muses-demoar, og til albumet Crooked. Kristin Hersh sitt soloalbum av året. Eit album ikkje heilt som alle andre album.

Crooked er å få tak i som den der førnemnte cd'en. Men, langt meir interessant, det er også å få som ei bok. Ei 64 siders lita bok, med blomsterillustrasjonar, songtekstar og små essay om kvar enkelt song, ført i penn av Kristin Hersh. Boka kjem utan cd-plate, men med ein kode som gjer tilgang til å laste albumet ned, pluss 4 låtar som ikkje fekk plass på plata, og eit audio-opptak der Hersh og ektemannen snakkar om Crooked.

Sånn går Kristin Hersh utfordringane i møte. Musikken er der, på nettet. Værsågod, putt den på harddisken, putt den i i-poden, eller brenn den. Og så i tillegg noko fysisk, noko å halde i, noko å sjå på, lese i, ei lekker lita bok. Det er ikkje den verste ideen som har dukka opp, synst eg.

Det er ikkje den verste musikken som har dukka opp heller. Crooked gjer til kjenne ei Kristin Hersh betre enn ho har vore på fleire år. Betre, meir variert, og med låtar av det angrepslystne slaget. Låtar med ein brann i brystet, og eit rastlaust ganglag. Låtar som høyrer med til dei mest energiske ho har presentert i soloformat nokon gong.

Det har gått nokre år sidan 1986. Året då Throwing Muses kom med sitt debutalbum, eit punkdriftig, upolert, men samstundes imponerande melodifokusert stykke musikk. I hovudrolla tenåringen Kristin Hersh. Nokre år, nokre barnefødslar, nokre plater (sånn cirka 20), og nokre sigarettar seinare har ikkje gløden slokna. Med ei stemme som er blitt ruare i kantane gjennom åra, både vil ho, og har ho noko å by på. Ja meir enn dei fleste.

Ho spelar så godt som alt av instrumenter på Crooked sjølv. Men ho har ikkje gøymt seg bort og laga det i total einsemd. I ein prosess, ein dialog, med venner og fans (via internett) har albumet blitt til over ein tre års periode. Gitaren er det framtredande instrumentet, gjerne to-tre av den i same låt, sjeldan plukka nennsamt og visevarlig på. Trommene handterer ho på eit lausleg Moe Tucker-slekta vis. Det er luft og rom, det er intensitet, det er rørsle.

Frå ilskne og grønsjriffete Mississippi Kite til smått suggererande og melodisk staselige Rubidoux. Ho syng om å brenne, og det brenn. Ho syng om "the deep cold", og det sitrar. Ho er til stades. Sakte ulmande, nesten litt Lucinda Williamsk, i Moan. Og ho kastar seg uti det med strame strenger og desperasjon i blikket i Fortune. Og i Coals. Coals med det sjølvglødande refrenget.

How a purring engine sputters

Like these coals that never cooled

Why we crash but don't land


"I was born with a sad song in my mouth" song Kristin Hersh ein gong. Eg har høyrt henne forfekte dystrare utsikter enn kva tilfellet er på Crooked. Ei storstilt feiring av grøne draumar og det lystelige livet er det nå like fullt ikkje. På ingen måte. Kanskje med unntak av tittelsporet då. Hersh sitt essay om den songen fortel at den har sitt opphav i eit viktig vendepunkt i hennar liv. Då akupunkturen løfta hennar mangeårige bipolare lidingar bort og vekk. Utan at eg hadde komme til å tenkt at låta handlar om det ved berre å høyre på den. Utan at eg hadde tenkt på den som ein utprega oppstemt sak ved berre å høyre på den.

"Why put the light on, at all?" spør Hersh ein annan stad. Og er, når alt kjem til alt, ikkje så fryktelig langt unna Crooked sitt gjennomgåande sinnelag med det spørsmålet. Men sorgtung som Flooding, er det berre Flooding som er. Albumet sitt i særklasse mest sakrale augeblikk. Ein akustisk gitar, ein cello, og Hersh som syng om sakn, eit tungt sakn. Om ein venn som er død? Som har tatt livet sitt? Kanskje Vic Chesnutt? Han var ein god venn. Han hadde fortent ein song som Flooding.

Og Kristin Hersh fortener å bli lytta til. Spesielt når ho presenterer saker som Crooked. Den er der oppe like bak meisterlige utgjevingar som den sjølvtitulerte Throwing Muses debuten, The Real Ramona, Hips And Makers og University. Dei ti songane, og boka.

comments powered by Disqus

 



ArneKr
2010-12-15Helt enig

En god anmeldelse. Plata er helt der oppe blant hennes beste utgivelser.

I tillegg er selve formatet kjempespennende. Boka er som du sier en lekker liten sak som gjør at en "gammel gubbete samler" ikke savner det å holde ei fysisk plate i hånden.

Fet at man gjør litt ekstra ut av utgivelsen, slik som det er med Crooked, gjør at troen på en fysisk utgivelse faktisk har en fremtid.

Hun tilegner forøvrig hele albumet til Vic Chesnut, så det vil ikke være rart om noen av tekstene skulle referere til han.

2010-12-15chesnutt

Takk for responsen ArneKr. Eg trur nok eg deler dine "gammel gubbete" kjensler i forhold til plater. Det er som om eg ikkje heilt klarar få eit forhold til ei plate utan at den også er fysisk tilstades. Kristin Hersh si løysing må gjerne fleire ta etter for min del.

Vedk Chesnutt. Ho tileignar, som du seier, heile albumet til han, men alle låtane var, om eg har oppfatta det riktig, ferdige i november 2009. Altså 1 månad før Vic døydde. Så kanskje ikkje det var Vic som var i tankane hennar då Flooding vart til?
Men kanskje han er der nå, i Flooding? Og i andre låtar?

Eg trur kanskje det ja.

ArneKr
2010-12-16chesnutt v2

Da høres det ikke helt ut som hun har skrevet tekstene i sorg over vennens selvmord, nei. Men som du sier, tekstene kan tolkes på så mange måter. Etter at jeg leste anmeldelsen din vil Flooding alltid handle om Vic.

Hallvar
2011-01-04Takk

For en fantastisk plate! Deilig lydbilde. Også befriende lytting, nå som p3, pitchfork og alt i deres kjølvann har gjort sitt ytterste for å kjede meg bort fra det som er av gitarbasert rock.

@rne
2011-01-06Plata finnes som cd og.

Du kan bestille den på: www.kristinhersh.cashmusic.org

Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day