cover

Sky Blue Sky

Wilco

CD (2007) - Nonesuch / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Poprock / Folkrock / Softrock

Spor:
Either Way
You Are My Face
3 Impossible Germany
Sky Blue Sky
Side With the Seeds
Shake It Off
Please Be Patient With Me
Hate It Here
Leave Me Like You Found Me
Walken
What Light
On and On and On

Referanser:
Uncle Tupelo
The Jayhawks
Flying Burrito Brothers
The Band
Crosby, Stills, Nash & Young
Jesse Winchester
Steve Miller Band
Jackson Browne

Vis flere data

Se også:
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
A Ghost is Born - Wilco (2004)
A Ghost is Born - Wilco (2004)
Wilco (The Album) - Wilco (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Livet under eit tynnare skylag

Tweedy har funne ro i sjela. Det smittar over på Wilco.

Det er sjølvsagt inga lov som seier at det ein artist skaper vert farga av korleis hans eller hennes private liv fortonar seg. Men det er vel heller ikkje til å undrast over om det av og til blir nett slik. Jeff Tweedy har fortalt det i fleire intervju, og han gjer det klart i fleire av songane på den nye plata. Kanskje er ikkje himmelen heilt blå, men det er definitivt eit tynnare skylag som skil han frå den grenselause harmoni i desse dagar enn kva som var situasjonen då han og Wilco-gjengen skjenka oss det bistre og skytunge meisterverket A Ghost Is Born for 3 år sidan. Den gongen sleit han med migreneanfall, eit eskalerande pillemisbruk og eit sinn i ferd med å rakne. Så han er vel i sin fulle rett når han i det lyseblå tittelkuttet refererer til det som rotne tider.

"With a sky blue sky
This rotten time
Wouldn't seem so bad to me now
Oh, I didn't die
I should be satisfied
I survived
That's good enough for now"

Det er klart Tweedy skal få lene seg tilbake i sofaen og vere tilfreds. Det er klart vi ikkje skal forlange å få servert eit rastlaust og urovekkande album à la Yankee Hotel Foxtrot eller A Ghost Is Born i år. Det er klart vi skal vere glad på Tweedy sine vegne.

Om lesaren no ventar seg eit men, eller trur at dette er innleiinga til eit postulat om den lidande kunstnaren sine uana evner til å skape, og den fornøgde kunstnaren sine skortande evner til å få til det same. Vel, så er det ikkje det. Eg trur ikkje på ei slik hypotese. Eg trur god musikk kan gro fram frå dei fleste tilstandar. Og eg trur dårlig musikk kan gro fram frå dei fleste tilstandar.

Det meste av det som rører seg på Sky Blue Sky er bra stoff. Albumet evnar rett nok ikkje å overliste meg på same verknadsfulle vis som det dei beste Wilco-albuma gjer, men det evnar å etterlate meg i ein særdeles tilfreds tilstand. Og då kan ein vel ikkje klage så altfor mykje?

Det har blitt ein slags tradisjon at kvar gong Wilco kjem med nytt album så har det vore skifte i mannskapet. I forhold til kven som utgjorde bandet på A Ghost Is Born er det slik denne gongen også. Men dei to ferskingane, gitaristen Nels Cline og multi-instrumentalisten Pat Sansone, kom med på laget like i etterkant av at spøkelset vart født, og var såleis også ein del av laget på live-albumet Kicking Television. Med tanke på at Nels Cline har ei fri-jazzande fortid i utkanten av den konvensjonelle musikkverda, har det vore visse forventningar om at han skulle spele ei viktig og eksperimentvillig rolle i Wilco sin fordomsfrie og ikkje alltid like rettvinkla måte å framføre sin rock'n roll på. Han spelar definitivt ei viktig rolle på Sky Blue Sky, men kanskje ikkje heilt slik det var forventa.

På Sky Blue Sky har Wilco filt bort alle kantar, lagt støyen til sides og gitt lite rom for tverre tonar. Her blir det satsa på mjuke tonar. Tonar dei fører fram i eit avslappa og levande samspel, og med få tilsettingar (les overdubs). Men samstundes som dei kanskje har ein høgare organisk faktor enn på fleire år er det vel også liten tvil om at dei har nærma seg den konvensjonelle midtstripa, og gjort seg sjølve litt mindre særprega.

Det er likevel nok av Wilco-preg, ledig samspel og sjelfull tilnærming til at albumet set sine spor. Eit definitivt høgdepunkt er soulsøkaren Side With The Seeds der Tweedy gjer ein av sine beste songprestasjonar til dags dato. Pat Sansone ligg under med duvande orgeltonar og Nels Cline tar ein glødande liten runde på strengene sine, men utan å forsvinne ut i opent lende. Den lengste gitarutflukta til Cline får vi servert i Impossible Germany. Her han møter Tweedy og Sansone til ein duell som kanskje kan karakteriserast som ein sofistikert variant av Tom Verlaine vs. Richard Lloyd på Marquee Moon. Elles høgg Cline solid til i midtpartiet av You Are My Face. Ei låt som elles har visse vokalharmoniske likheitstrekk med Simon & Garfunkel. Og der i dei folkprega sfærar er det at albumet sitt tyngdepunkt er å finne. Ein liten liketil melodisk vinnar i så måte er What Light, med sin Dylanske countrytone, sitt nesten gospelaktige refreng, og si oppfordring om å gjere det ein føler for same kva andre måtte meine.

"If you feel like singing a song
And you want other people to sing along
Just sing what you feel
Don't let anyone say it's wrong"

Det er få uforståelige surrealistiske innfall eller gåtefulle metaforar i Tweedy sine tekstar denne gongen. I staden får vi servert mange ganske så direkte og til tider trivielle refleksjonar omkring dei nære ting. "Maybe you still love me, maybe you don't, either you will or you won't" heiter det til folkjazzy tonar i Either Way. Ei låt som har sine åndsfrendar i både Please Be Patient With Me og On and On and On. Det er samlivet mellom kvinne og mann, og dets aldri heilt problemfrie vesen det ofte handlar om, men stort sett framstilt i ein forsiktig optimistisk tone.

Optimistisk kan ein vel neppe seie at hovudpersonen i Hate It Here er, der han rastlaus og fortvila prøver å halde tak i eit syltynt håp om at ho som har reist skal vende tilbake. Det er likevel noko friskt, og beint fram smittande flott, over den Van Morrison møter Rolling Stones fasongen som låta har fått. Og det er frå desse folka og ein del andre sine glansdagar på det seine sekstitalet og det tidlege syttitalet at Wilco hentar mesteparten av inspirasjonen sin. Slik det vel eigentlig alltid har vore.

Og inspirerte er dei, berre i ei litt mildare og meir lettfattelig form enn før.

comments powered by Disqus

 



0990
2007-06-06Fin sak

Fin og fyldig anmeldelse, og jeg er i grunnen enig i det meste som skrives, sånn rent bortsett fra at jeg muligens setter negativt fremfor positivt fortegn foran en del av observasjonene. Jeg synes Sky Blue Sky har blitt en blodfattig plate av et band i stagnasjon, noe som står i sterk kontrast til Wilcos tidligere affærer. Kanskje deres svakeste plate.

Tor H Bergsrud
2007-06-07Den svakeste? Neida, kanskje den beste!

Nye Wilco er kanskje deres beste!
Årets soft-rock plate! Fint at innflytelsen fra Jim O'Rourke er minimal!

Pål B
2007-06-07I tvil

Jeg var entusiastisk til denne skiva ved første gjennomlytting, men etter noen flere runder er jeg jammen mer i tvil, gitt! Klarer foreløpig ikke å sette fingern helt på det, men skiva kjeder meg litt. Det blir litt for mye smør, for å være litt upresis. Hm.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo