cover

Anchors & Anvils

Amy LaVere

CD (2008) - Archer / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Blues / Soul / Folk / Jazzpop

Spor:
Killing Him
Tennessee Valentine
That Beat
Pointless Drinking
Washing Machine
Overcome
People Get Mad
Cupid's Arrow
Time Is a Train
I'll Remember You

Referanser:
Norah Jones
Jolie Holland
Shelby Lynne
Neko Case
Rickie Lee Jones
Patsy Cline

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Kriminelt forførande

Under den eggande overflata skal ein ikkje kjenne seg så altfor trygg.

Kontrastar er tiltrekkande. Dei skaper ofte ei kjensle av noko uavklart og motsetnadsfullt. Ja, kanskje til og med urovekkande og beint fram suspekt. Det er i eit slikt bilde at Amy LaVere sitt andre album, Anchors & Anvils, tar steget frå å vere sånn rimelig dugande til å bli ein fengslande liten seanse.

Ho flytta Amerika på tvers gjennom oppveksten. Spelte i punkeband i Detroit, fekk eit namn på Lower Broadway scena i Nashville, før ho kom og busette seg i Memphis ved inngangen til vårt nye årtusen. I ein viss kontrast til dei fleste damer som vil opp og fram, lærte ho seg å spela kontrabass. Noko som etterkvart er blitt hennar hovudinstrument. Ho platedebuterte i 2006 med This World Is Not My Home. Eit drygt år seinare, men først no under distribusjon på våre breiddegrader, kom oppfølgjaralbumet.

Legendariske Jim Dickinson har produsert. Ein mann med klassikarar som Big Stars Sister Lovers, Green On Reds The Killer Inside Me og The Replacements Pleased To Meet Me på cv'en sin. Og sjølv om Anchors & Anvils nok ikkje er av det kalibere har den ei tiltrekningskraft som vil plassere den rimelig høgt på lista over Dickinson-involverte album (og det er ingen lita liste). Ein luftig, rein og nonsensfri produksjon.

Som ei meir sofistikert og countryfiksert Jolie Holland, eller som ei meir gåtefull og utrygg Norah Jones, svingar Amy LaVere seg blant tonar ein ikkje heilt kan unngå å bli forført av. Ho har ei ungjentes røyst, med eit nesten naivt vesen. Samstundes som den også har litt gruff i kantane. Og gruff er det endå meir av både i, under og bakom songtekstane ho serverer.

På coverbildet kan vi sjå dama posere med eit illusjonslaust blikk og ein sølvforgylt pistol. Som om ho har ei rolle i ein hardkokt Bogartfilm, eller i ein roman av Raymond Chandler. Og historia ho fortel i opningssporet Killing Him kunne gjerne vore noko desse herrane hadde hatt fingrane sine bort i. "Killing him didn't make the love go away" lyde det lakonisk og nådelaust i refrenget. Ho elska han, han lova henne "the sun and the moon". Han heldt ikkje kva han lova, han sveik henne. "Now all she has is this eight-by-eight room". Dei heile fortalt i ein dampande og kriminelt forførande countrysjargong, med jazzige kantar og sigøynersk vemod. Det siste skal Bob Furgo sin sigøynarfiolin få æra for.

No blir aldri Anchors & Anvils betre enn i dette opningssporet. Det hadde vel nesten vore for mykje å forlange. Men sett bort frå eit par nedturar (litt bluesdvaske Washing Machine og den livlause funksaken People Get Mad) er den dryge halvtimen dette pågår vanskelig å seie nei takk til.

Killing Him er ført i penn av Amy sjølv. Av dei ti spora er det berre to til ho har komponert. Litt dumt synst underteikna, for dei viser seg å vere blant albumets beste. Den smakfullt smygande Overcome, der hovudpersonen kjempar for å lausrive seg frå eit tilvære som nær kveler henne. Og den eggande Cupid's Arrow, om våpenhandtering av (forhåpentlegvis) noko mindre dødbringande art. Begge desse også effektfullt pynta av Bob Furgo sin sigøynarfiolin, som i dei fem kutta den er med gjer Anchors & Anvils ei definitiv teneste.

Frå den meir obskure delen av Memphis si eiga souldronning Carla Thomas sitt repertoar har Amy fanga opp That Beat. Og ekspederer den vidare, ikkje som ei soullåt, men som ein nattleg vandrar med eit lumskt groove; "That beat keeps disturbing my sleep ...that weird, weird beat". Medan ho frå Bob Dylan sine mindre opplyste og vedtekne kammer har funne fram I'll Remember You (Dylan spelte den inn på sin 80-tals ihjelproduserte Empire Burlesque). LaVere sin avmålte versjon tar innersvingen på opphavsmannen sin med sånn cirka eitt sjumilssteg; "When I'm all alone, in the great unknown, I'll remember you".

Jodå, Anchors & Anvils har så definitivt ei god handfull med sterke grunnar til å legge Amy LaVere på minnet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo