cover

Blocked Numbers

Crystal Skulls

CD (2005) - Suicide Squeeze / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indierock / Post-punk / Softrock

Spor:
Airport Motels
Hussy
Beat Me to It
Every Little Bit
Count Your Gold
No Room For Change
Weak Spot
Hard Party
Locked Down
Away From Home

Referanser:
The Feelies
Television
Steely Dan
The Smiths
Spoon

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Veike fargar

Eit debuterande Seattleband med middelmådig låtmateriale og eit noko eindimensjonalt lydbilete.

Det er ingenting i vegen med inspirasjonskjeldene her i garden. Det er berre det at dei aldri er i nærleiken av å leve opp til dei. For med Television, The Feelies og engelsk postpunk i sekken og Steely Dan og softrock i kofferten, legg Seattle-bandet Crystal Skulls ut på ei popferd som sjeldan hever seg over det middelmådige. Noko eit eindimensjonalt og litt trøyttande lydbilete må ta den største delen av skylda for.

Ei av årsakene til at biletet manglar nødvendig dynamikk og variasjon er nok å finne i vokalen. Christian Wargo (han er også låtskrivar og ein av to gitaristar) har nemlig ei veldig flat og fargelaus røyst. Slik at det som måtte ligge av melodisk spenst i låtane (ikkje så altfor mykje, trur eg) sjeldan kjem til overflata. Vitaliteten i den smale formelen deira er det gitarane som står for. I samspel med Ryan Phillips hentar Wargo fram ein krystallklar og rimelig kvass tone som dannar ei oppkvikkande motvekt til den ellers noko daffe framferda.

10 låtar som i veldig liten grad skil seg frå kvarandre. Ein finn lite som fortener å få karakter av å vere frodig og interessant, men til gjengjeld kanskje heller ingenting ein kan kalle direkte dårlig. Det ein bit seg merke i er korte vitale gitarsekvensar, samt eit og anna dugande refreng. Dei sentrale strofene i Hussy og Every Little Bit blir derfor lagt merke til. Tilsvarande gjeld også Count Your Gold, men denne har i tillegg noko som minnar om fruktbare nyansar heile vegen, og kan kanskje derfor få titulere seg som ei god låt. Locked Down har på si side eit sympatisk vemod det går an å gje litt forsiktig applaus til.

Så mykje meir er det vel ikkje å seie om Blocked Numbers. Det er eit debutalbum. Og den klokkar inn på drøye halvtimen, utan å etterlate seg behov for noko dacapo.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo