cover

There But For the Grace of God

Willard Grant Conspiracy

CD (2004) - Glitterhouse / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Americana / Folk

Spor:
Morning is the End of the Day
The Ostrich Song
Child’s Prayer
Bring it Down
Bring the Monster Inside
Evening Mass
St. John Street
Rainbirds
The Work Song
Another Lonely Night
I Miss You Best
Love Doesn't
Sticky
Christmas in Nevada
Ballad of John Parker
The Trials of Harrison Hayes
Dig a Hole

Referanser:
Transmissionary Six
The Walkabouts
Tindersticks
The Triffids
Nick Cave and the Bad Seeds
American Music Club
Leonard Cohen

Vis flere data

Se også:
In the Fishtank 8 - Willard Grant Conspiracy & Telefunk (2001)
Regard the End - Willard Grant Conspiracy (2003)
Regard the End - Willard Grant Conspiracy (2003)
Let It Roll - Willard Grant Conspiracy (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein nennsam konspirasjon

I eit varleg leie og heilt utan hastverk i sinn har denne gjengen i snart ti år levert sine melankolske bilete. Her er 17 av dei.

Fem studioalbum, ein Fishtank-splitt med nederlandske Telefunk, eit par liveplater samt eit tosifra tal turnear har Willart Grant Conspiracy bak seg, utan at så veldig mange har fått det med seg.

Med There But For the Grace of God prøver Robert Fisher og medsamansvorne å nøste ihop nokre trådar, og samlar saman 17 låtar frå desse åra. Ei samleplate, med andre ord. Det er den tyske labelen Glitterhouse som er utgjevar, og plata er berre ute i Europa. Ikkje så veldig merkeleg kanskje, for i den grad amerikanarane i WGC har ein fanskare er det på dette kontinentet den er å finne. På den andre sida er jo ei slik plate ein muleg døråpnar mot potensielle nye lyttarar, så kanskje USA utgjeving kunne vore lurt likevel.

Fem av spora på samlinga er ute på plate for første gong, men fire av desse er berre andre versjonar av låtar som er å finne på studioalbuma. Dermed er det lite nytt å hente her for folk som har fylgt bandet frå starten av. Sjølvsagt vil venner av WGC sitt univers finne desse alternative versjonane interessante, nokre er også heilt på høgde med dei offisielle. Vil likevel tru at entusiastar finn frontfigurane Robert Fisher og Paul Austin sine kommentarar til kvar einskild låt som den viktigaste bonusen her. Eller kanskje Love Doesn't, den fine pianoballaden som berre har vore b-spor på ein promosingel frå før.

Willard Grant Conspiracy er slik namnet tyder på ikkje ein heilt vanleg bandkonstellasjon. Både i studio og konsertsamanheng har dei i periodar tald opptil 14 aktørar. Dei drivande kreftene i konspirasjonen har likevel først og fremst vore duoen Robert Fisher (vokalist og låtskrivar) og Paul Austin (gitarist og låtskrivar). På forrige plate Regard the End (2003) spelte imidlertid Austin ei meir anonym rolle, så pr. i dag er WGC i stor grad eit Fisher-prosjekt.

Sidan tidleg åttital har Fisher og Austin figurert i ulike musiserande konstellasjonar. WGC vart ein realitet på midten av 90-talet då dei var innom for å teste det nye studioet til kompis Dana Holloway (med gateadresse Willard Grant, derav namnet). Debutalbumet kom i 1996, bar tittelen 3am Sunday @ Fortune Otto's, og er representert med heile fire spor på denne samlinga (berre tredjealbumet Mojave er representert med fleire). Litt underleg, kanskje, sidan dei også er dei fire svakaste låtane her, og gjev til kjenne eit band med eit noko uferdig uttrykk. Kvar enkelt av dei er for så vidt heilt greie, men dei vert litt grå og einstonige. Demo-versjonen av Bring the Monster Inside er derimot ein annan skål. Låta skulle seinare dukke opp på andreplata Flying Low i ei noko fyldigare drakt. Her er den naken (to akustiske gitarar og song), fokusert og nådelaus. Minst like bra er Evening Mass, ein atmosfærerik og mektig sak i Nick Cave-trakter, der særleg Erich Groat si pågåande mandolinplukking vert lagt merke til.

Fem av låtane her er å finne på WGC si kanskje beste plate, Mojave. To rett nok i andre versjonar. Rainbirds er den same låta som på Mojave heitte Right On Time (dei skifta i si tid tittelen då Sparklehorse dukka opp med sin Painbirds). Ei låt i toneflott utforming om innestengde kjensler og andre disharmoniske tilhøve. Edith Frost korar. På andre låtar er Jess Klein innom og syng med. Eit inntektsgjevande grep, slikt blir det nemlig fleire nyansar av. Slik som på vakre Another Lonely Night, endå ein av desse triste her-er-det-ingen-gode-kjensler-igjen affærene. Sticky var ein dyster folkbluesdjevel på Mojave. Her er den å høyre i ei meir støyande (det hender dei drar på litt) og minst like guffen drakt, med inspirasjon henta frå den same flaske Mark Lanegan ofte har drukke av.

Christmas In Nevada frå Everything's Fine (2001) er WGC i sitt meir lyse hjørne. Tempoet er skrudd opp nokre hakk, og det er orgeldriv og cajunfakter. Kjekk sak. Ballad of John Parker frå same album er på si side folkrock av det meir sjøsjuke slaget. At dei to siste platene til bandet tilsaman berre får med tre spor gjer vel kanskje eit litt skeivt bilete av korleis kvalitetane er fordelt i diskografien deira. The Trials of Harrison Hayes (einaste frå femteplata Regard The End) viser nemlig med melodisk styrke at Fischer stadig kan grave fram tonar av solid interesse. Det gjer jo heller ingenting at han får hjelp av førnemnte Jess Klein, og at det er ein forunderleg historie om ein forunderleg karakter som vert fortald. Dig a Hole som avsluttar er ein dyster sing-a-long om død og forderving. Var også å høyre på In a Fishtank-utgjevinga i ei litt anna utgåve.

Er Willard Grant Conspiracy eit band du enno ikkje har opna døra for, og du trivst med musikk i The Walkabouts, Tindersticks og The Triffids tradisjonen? Ja då skulle denne samlinga vere eit utmerka høve til å invitere dei innafor.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo