cover

Seconds

Number Seven Deli

CD (2006) - Breakwater / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Poprock / Folk / Psykedelia

Spor:
A Sudden Change of Heart
Blame Me
The Stranger
Southpaw Hearts
Until I Can't Remember Where It Hurts
Nowhere Bound
For My Sweetheart
Someone Like You
Buzz
When the Fighting's Over
Two and One

Referanser:
The Beatles
The Byrds
Love
Lovin' Spoonful
The Margarets
The Lovethugs

Vis flere data

Se også:
I Used to Be Scared - Number Seven Deli (2002)
Falkner Street - Number Seven Deli (2003)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Hjertelig pulserande

Det er heilt nyttelaust å vegre seg mot denne fryktlause nedbøren av treffsikker popmusikk. Ikkje vil eg det heller.

Eg elskar inspirert og god popmusikk. Den som treff det vitale punktet i mellomgolvet, for så å trenge seg skånsellaust og uhindra inn i nærområda, før den spreier seg som ein pirrande og varmande låge utover heile lekamen. Musikk som overmannar meg i kraft av sine fullkomne melodilinjer og sitt entusiastiske vesen. Som ikkje utgjer seg for å vere noko anna enn det den er. Som ikkje sår falske frø eller slenger på meir gjødning enn nødvendig. Musikk som stormar, jublar, traskar eller kryp mot meg med eit bankande hjerte. Ja, slik musikk elskar eg. Derfor elskar eg Number Seven Deli.

No sit det sannsynlegvis ein og annan luring der ute og undrar seg på om det ikkje er vel drygt å kaste seg så reservasjonslaust i famnen på nettopp Number Seven Deli.
- For så veldig originale er dei vel ikkje, og ikkje særlig viktige heller vert det vel hevda?
- Ja er dei ikkje berre eit norsk popband med særdeles sterk hang mot 60-talet sine Beatleske poptonar?

Neida, dei er ikkje så veldig originale, men dei er friske, og dei veit veldig mykje om korleis ein god låt skal lyde. Meir enn dei fleste band her til lands faktisk. Ikkje viktige? Kva er det for slags uttale. Klart dei er viktige. Dei er viktige for einkvar dame og mann som finn hugnad i å tilbringe tid i selskap med tonane deira. Rett nok er dei kanskje ikkje viktige i tydinga eit musikkhistorisk grensesprengande band som fòrar verda med plater av tvillaus tidlaus karakter. Kven er no eigentlig det forresten? Ikkje så veldig mange.

Joda, det er så absolutt tydelige Beatleske drag å spore hos bandet. Men eg synest slett ikkje det blir for mykje, eller på nokon som helst måte reproduserande og preglaust. Nei, Number Seven Deli er ute på eit offensivt raid dei. Bagasjen er solid og velkjent, men stega dei tar og lyden dei formar har ein signatur som er deira eigen. Ein signatur bygd rundt mangslungen strengeleik, eit feitt komp, frodige arrangement, fyldig og harmonitetta vokal, og forførande men solid armert melodibygging. Slik er det, som dei ville sagt på Tralfamadore.

Eg var kanskje litt meir reservert då dei kom vandrande bortover Falkner Street i 2003. For all del, det var mykje fjongt og appetittvekkande å høyre der, men det var liksom litt for taktfullt og veloppdrege til tider også. No har dei på ingen måte trødd over i aggressive og kranglete banar på sitt andre framstøyt. Likevel sensar eg denne gongen noko yppalt og fryktlaust som ikkje heilt var der i same grad sist. Ikkje minst i den energiske opningslåta A Sudden Change of Heart. Der eit rastlaust driv og eit taggete arrangement sender vinnande strofer inn på eit gnistrande power-pop spor. Det er slik ein sikrar seg omgåande merksemd.

Ei øving eg ofte gjer når eg har høyrt ei plate nokre gonger er å prøve å finne ut om det ligg noko djupare meining i tittelen. Ein del gonger er jo dette fort gjort (f.eks. Led Zeppelin sine fire første, og Peter Gabriel sine tre første), andre gonger kan dette føre til at ein ser sakene i eit nytt og kanskje til og med meir interessant lys. Så fort ein hadde lokalisert gata som gav namnet til debutplata til Number Seven Deli til den vidgjetne byen ved Mersey, gav jo den tittelen ganske så god meining. Tittelen på denne nye plata plasserte eg i første omgang kjapt i Zeppelin-kategorien. Men etterkvart dukka det fram eit par andre alternative tydingar. Seconds kan jo også symbolisere det tidsmålet som er mest i samsvar med hjerterytmen. Så med tanke på det pulserande drivet og sidan hjerta sitt sensible vesen er sentralt både i låttitlar og tematikk, er det vel ikkje heilt av vegen å tenke tittelen inn i eit slikt skjær. Ei tredje, og kanskje meir relevant tyding, oppdagar ein om ein tenker på Seconds som eit omgrep for andresortering. Her er det sjølvsagt ikkje kvaliteten på låtane eg tenker på. Eg tenker i staden på den menneskeborne kjensla av å aldri nå heilt opp, av å vere ein slags evig toar. Eit opplagt spor i så måte er Buzz. Number Seven Deli si lett vemodige skildring av Buzz Aldrin, mannen som gjekk ut på månen i hælane på Neil Armstrong men som aldri nådde fram til spotlighten. Her ligg det forresten ei utfordring til album nummer tre karar, for inne i Apollo 11 satt det ein mann som ikkje ein gong fekk ut å spasere på måneflata. Kanskje han også hadde fortent ein song.

Denne vemodige kjensla av å stadig kome litt for seint, å oppleve at sjansar glipp, eller at ein ikkje treff dei inste ringane av livet sin diffuse blink, ligg å gneg i fleire av songane på albumet. Ja sjølv når pilene ser ut til å finne vegen mot målet ulmar ein truande uro bak skuldrene. Faren for at denne uroa skal føre til at ein rettar siktepunktet mot seg sjølv, og at den totale undergangen slik blir eit faktum, er likevel nokså mikroskopisk. I Number Seven Deli sitt tilfelle blir det ytringar meir i tydinga "vi har våre skavankar og har fått våre sår, men vi hamnar trass alt ikkje på skrothaugen". Og i så måte er kanskje ikkje eit omgrep som andresortering heilt ueigna. Vel vel, lengre ut på dei spekulerande viddene skal vi ikkje dra dette her. Vi får heller finne vegen tilbake til låtane tenker eg.

Eg nemnte opningssporet som eit eksempel på strålande popmusikk. The Stranger er ikkje dårligare. Langt ifrå like skarp i kantane, men med ein uimotståelig folkpsykedelisk undertone trillar den seg på plass, samstundes som ei pirrande Forever Changes kjensle smyg seg innunder huda. Mine aller mest spesifikke 60-tals tankar lurer seg fram når den harmonifyndige Until I Can't Remember Where It Hurts fortel om utålelig smerte i selskap med ringande gitarar. Dette liknar ikkje så lite på slikt The Byrds dreiv med i sine glansdagar. Number Seven Deli gjer det 40 år seinare utan at eg eit einaste sekund får lyst til å rope retro. Eg berre kosar meg.

Elles bør ein vel nemne Nowhere Bound med sin effektfulle veksling mellom jazzig akustisk åtferd og sprudlande popløp. Og Blame Me med Inger Lise Størksen frå Ephemera som vokalhjelpar er jo eit yndig mjukt kyss av ei låt. Minst typisk for det Deli'ske uttrykket er den nesten sju minuttar lange episke affæren For My Sweetheart. Her tenderer dei landskap som Nick Cave og Willard Grant Conspiracy har turnert. I ein dvelande, gjentakande og intens tone fortel vokalist Johnny Hide ei historie om eit tragisk likfunn. Ei historie som når sitt soniske klimaks i eit kraftfullt og urokkelig refreng; "This is a love song for my sweetheart". Dramatisk og gripande.

Den soniske kontrasten i uttrykket deira blir godt illustrert når dei avslutningsvis tek vegen frå den bryskt rockande When The Fighting's Over og inn i famnen til den nennsamt dobro-garnerte og trommevispande visa Two And One. Og idet Johnny Hide sitt avsluttande sukk, "I let you slip away", for n'te gong blir hengande i lufta, er eg berre veldig glad for at det ikkje illustrerer sanninga om mitt forhold til Number Seven Deli.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo