cover

Long After the Thrill

Rotary Downs

CD (2003) - Static On Vinyl

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Countryrock / Lo-fi / Americana

Spor:
Riunite Ove Ice (70's Movie)
Statue/reprise
C'mon, Take a Hit
Rev. Percy
Hole In the Heart of Bama
A+ Blood Giver
Runaway Cow
Bleeders
Jasper
Westerly
Statue of a Drinker
Cotton Fields
Jamboree

Referanser:
Pavement
Silver Jews
Sebadoh
Smog

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Pavement jr.

Som platetittelen påpeikar; dette er eit stykke unna den verkelige spenninga.

Det kanskje mest interessante nye bandet som dukka opp på tidleg 90-tal, var i mine auger Stockton-bandet Pavement. Debutalbumet Slanted & Enchanted med sin tilsynelatande unøyaktige produksjon og skeive soniske innfall, samt Malkmus sin lakoniske vokal og kryptiske tekstar, var definitivt noko for seg sjølv. Fleire er det i ettertid som har latt seg inspirere av denne gjengen og lyden dei skapte. Men aldri har eg høyrt nokon som til dei grader følger i spora til Pavement, som det New Orleans-bandet Rotary Downs gjer med sitt andre album Long After the Thrill.

Det er sikkert litt ufint å gjere det, men eg følger Pavement-sporet litt lenger. Ved sida av den litt slappe svanesangen Terror Twilight, står Wowee Zowee for meg som bandets svakaste øyeblikk. Den er litt uforløyst og i knapphet på skikkelig gode låtar. Det er nett denne plata Long After the Thrill legg seg nærmast opp til. Klarer så Rotary Downs å komme opp med fleire lysande øyeblikk enn kva Malkmus & Co gjorde den gang? Svaret blir dessverre nei, snarare tvert imot. Dei har med seg dei disharmoniske gitarane, den lealause produksjonen, dei vinglete arrangementa, den skakke vokalen, kort sagt heile lo-fi konseptet. Imidlertid manglar dei i stor grad temperamentet, energien, dynamikken, nerva, respektlausheten, dei smarte låtane og dei vanvittige/absurde tekstane som i dei beste øyeblikka gjorde Pavement til kongane av slacker, lo-fi og indie rock.

Rotary Downs byr på 12 låtar som aldri blir heilt håplause, men som heller aldri gnistrar til og fører lyttaren inn i ein tilstand av tøyleslaus begeistring. Dei drøye førti minuttane dette varer sluntrar avstad, utan at ein blir vitne til dei store hendingane. Kanskje med unntak av dei velsmakande slackerpop-tilfella Runaway Cow og Statue of a Drinker. Der særlig nærværet av utvungne steelgitar-tonar hjelper til med å påføre låtane litt personlegdom som ellers ofte blir eit sakn her. Instrumentalane Westerly og Jamboree har og litt blodfullt over seg. Ellers lyt eg innrømme at det er lite her som slår rot mellom øyrene, det tar nok heller den berømte vegen tvers igjennom utan å finne verken bolig eller parkeringsplass. For det er ikkje til å komme vekk ifrå at det heile blir noko identitetslaust og anonymt. Litt synd egentlig, for eg anar faktisk eit potensiale hos denne gjengen som kunne og burde ha ført til langt betre og ikkje minst dristigare saker enn det Long After the Thrill er blitt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo