cover

Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars

CD (2007) - Heilo / Grappa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Folkemusikk

Stiler:
Folkrock / Bluesrock / Jazzrock

Spor:
Kåfjell/ It's Your Thing
Å Gjev Du Batt Meg
Hvis Jeg Var Deg
Knepphallingen
Fyll Mitt Beger På Ny
Alli Meir
Spelemannen
Eg Vil Ha Deg
Trumpen Hass Trond / Kolibri i Motvind
Reven

Referanser:
Hallvard Kvåle
Knut Buen
Majorstuen

Vis flere data

Se også:
To Måner - Valkyrien Allstars (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Feler, fyll og sprelske fakter

Ein særdeles vital og utradisjonell omgang med tradisjonar.

Ein skal ikkje kimse av den norske tradisjonsmusikken. Den fortener absolutt mykje vørdnad den. Det betyr likevel ikkje at ein skal la den få leve vidare utan å rokke for mykje med den. Tvert i mot. Det betyr at ein gjerne kan ta den med ut på turar der den nødvendigvis ikkje har vore før. Nokre gonger vil slike turar ende i stygge kollisjonar eller totalhavari, men musikken er hardfør den, og vil overleve slikt. Andre gonger er det band som Valkyrien Allstars som tar den med ut på tur, og med ei vågal og slett ikkje heilt edruelig innstilling køyrer si eige rute, langs farlege vegar og inn i ukjente trakter. Der dei slett ikkje rotar seg vekk, men i staden skapar lyden av seg sjølv, og ingen andre.

Valkyrien Allstars er med andre ord eit norsk band som på debutalbumet sitt formar signaturen sin skarpare enn kva dei fleste andre som driv og musiserer her til lands har for vane å gjere. Dei er den unge trioen som med kvar si hardingfele og ungdommelig pågangsmot hiv seg inn i ein dristig leik med hevdvunne tonar.

Dei har ikkje alle vakse opp i ein folkemusikktradisjon. To av dei (Tuva Livsdatter Syvertsen og Erik Sollid) er frå Asker/Bærum, tredjemann (Ola Hilmen) er frå Valdres. Det var, seier historia, spelemannen og plateprodusenten Hallvard Kvåle som var den store inspirasjonskjelda deira. Det var på Valkyrien brune pub på Majorstua dei drakk sitt øl og fekk sitt første trufaste publikum. I fjor kom dei seg så til finalen i NRK-programmet Kjempesjansen, og dei vann Grappas debutantpris.

Dei er forresten ikkje berre tre på plata. Bassist Magnus Larsen og Trommis Morten Langlie er med og gjer rytmisk hjelp på dei fleste spor. Elles dukkar det også opp aktørar på både munnharpe, langeleik og sag. Og produsent Aslak Dørum bidrar med litt ymse lyd. Men først og fremst er det dei tre hardingfelene som let. Og dei let friskt.

Ja trioen formelig fyrer opp hardingfelene, trampar i golvet, tar rennafart og kastar seg utemja og pasjonert ut i det, og lar slik entusiasmen slå fullstendig knock out på dei fleste forskrifter. Det groovy opningssporet Kåfjell/It's Your Thing set standarden ved å blande tradisjonstonar i hop med ein komposisjon av ein jazzhelt frå sekstitalet (Webster Lewis) på eit rett så eggande vis. Denne blir så tett fylgt av noko ganske anna, ei inderlig og smått teatralsk tonesetting av eit Arne Garborg dikt, Å Gjev Du Batt Meg.

Åtte av dei ti spora har vokal. Vokal gjort med intensitet og glød. Av ei fyldig og særeigen røyst. Av kvinna i bandet. Låtane er delvis sjølvkomponerte, delvis henta frå tradisjonen. Nokre er dikt som dei har tonesett, og ein er laga av sjølvaste Jokke. Det var nok ikkje for hardingfele og munnharpe ærverdige Nielsen skreiv sin Hvis Jeg Var Deg. Men den funkar framifrå på dette viset også, ikkje minst takka vere Tuva sin overtydande songinnsats; "Hvis jeg var deg så ville jeg spandert en øl på meg".

Det er ikkje den einaste låta på plata der drikking og turing står sentralt. Fyll Mitt Beger På Ny heiter ein hyllest som Lord Byron i si tid skreiv til vinen. Trioen har kledd den i tonar med eit litt aust-europeisk preg. "Eg er full og du er klein, nå må me se til helvete å komme oss heim" lyde det i den ganske så sjølvlaga og noko uforsonlige drikkevisa Alli Meir. Medan Tuva i den frodige Knepphallingen vender seg til han med fela, og kjem med eit noko frivolt ynskje; "Kjære spilmann la fela låte, No vi me danse me e så kåte, Kjære spilmann gje felon klang, No vi me ture natta lang".

Ei noko anna side av bandet kjem til overflata i avslutningssporet. Ein sakteflytande, smått improvisatorisk og særdeles luftig arrangert utgåve av den vesle klassiske historia om Reven og lammet.

Det er som du heilt sikkert no har skjønt ikkje reglar og retningslinjer som styrer Valkyrien Allstars si tilnærming til folketonar og andre tonar. Det er det kjærleiken til tonane som gjer. Ein kjærleik som kjem så vitalt og sprudlande til syne at eg er freista å hevde at dette må då vere blant dei aller aller beste platene eg har høyrt av eit norsk band i det herrens år 2007.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo