cover

I Need You

Ill Lit

CD (2004) - Badman / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Elektronika / Pop / Americana

Spor:
Mid-City
In the Thick
Spring Chicken
The Passing Lights
Mostly Fair Skies
Freeway
Broken Open Fence
Preston Rules
West
Anniversary

Referanser:
Beck
Grandaddy
The Magnetic Fields
Wilco
Wilco

Vis flere data

Se også:
WACMusic - Ill Lit (2002)
Tom Cruise - Ill Lit (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ikkje ille. Litt bra.

Country og folk-liknande tonar blir fargelagd med elektroniske lydar.

Det er åpningslinja som har meisla seg kraftigast fast ifrå Ill Lit sitt andre album I Need You. I eit countryfisert leie syng Daniel Ahearn friskt og herlig vemodig; "I'm hoping you get better, dear, cause even east L.A. is west of here". Med tanke på at låta ber tittelen Mid-City er kanskje det ein litt merkelig påstand. Men sidan utsagnet kjem frå ein bitter fyr som også erkjenner at han er "almost out of space", kan nok dei fleste proporsjonar virke litt forvrengte. Låta er enkel og fullstendig uoriginal, men medrivande og flott. Country-pop med svikt i knea og groove i magen. Bore fram av ein svakt brennande el-gitar som etterkvart for selskap av meir lyd. Synth-lyd. Programmert lyd. Og det er her Ill Lit har funne seg ei lita mark dei førebels ikkje deler med altfor mange summande og musiserande individ. Ei mark der country- og folk-liknande tonar ofte blir fargelagd med elektroniske lydar. Etter det eg kan forstå ligg nok ikkje marka så veldig langt unna Magnetic Fields, og både Beck og Wilco har tidlegare vore innom og lagt igjen spor etter seg. Ved nokre høve gjer så Ill Lit forsøk på å løfte blikket i retning spacepop-sfærer, og då ser eg ikkje bort ifrå at det kan være Grandaddy dei ser aller klarast føre seg.

Nå er nok ikkje Ill Lit like ofte innom skarpe tonar og spenningsfylte arrangement som vi er blitt vant til frå dei fire eg kom til å nemne over. Til det er eindel av låtane blitt utstyrt med litt for anonyme melodilinjer og spinkel framdrift, sjølv om fleire samstundes har sine små augeblikk. Men her finst også tvers igjennom eminente saker som Freeway. Ein driftig tur langs ein veg av mismot, sjalusi, redsel, død og ein del andre sånne ting som kan påføre ein stakkar både lut rygg og pustevanskar. Men då er det kanskje ei trøyst at "if Jesus ever gets here, he's gonna sort you out," eller kanskje ikkje. Og sidan vi no først er inne på godlåtane: Broken Open Fence er ein finfin slow-folk sak med dobbel-vokal og følgjande innrømmelse; "I'm not a fast lover, I'm not a slow lover, I'm a half-fast lover". Heilt til slutt kjem så ein liten to minuttars Anniversary, som viser at Ill Lit kan være like så kjekke å høyre på også når dei kun utstyrer seg med ein akustisk gitar og nokre lengtande fiolintonar.

Ill Lit har for øvrig sin historie tilbake til seint på 90-talet. Då dei tre kameratane Jens Fleming, Benjamin Provo og Daniel Ahearn bestemte seg for å gjere eit eller anna i saman. Dei første åra gjekk dette eit eller anna mest ut på å forske i kortfilmen sin verden. Etterkvart kom så, med Ahearn som den drivande krafta, musikken i fokus. I dag virkar bandet å være eit slags åpent musikalsk kollektiv (I Need You tel tilsaman 14 musikantar). Eit kollektiv som med sitt andre album-framstøt har grepe tak i ein god del fine tonar, men som og ramlar over i litt for tamme og anonyme stunder iblant.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo