cover

Supereclipse

Black Boned Angel

CD (2003) - 20 Buck Spin / Roggbif

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3


Svart gjørme

Svartbeint engel, superformørking, dommedag: TRANSCENDENCE CAN ONLY BE REACHED AT MAXIMUM VOLUME.

Når ein opnar coveret til Supereclipse blir ein forutan informasjon om songtitlar og mannskap møtt av orda "TRANSCENDENCE CAN ONLY BE REACHED AT MAXIMUM VOLUME". Om dette er ei programerklæring eller eit faktum kan diskuterast, men dersom ein har nokre plater av relevante referansar som Sunn O))) og Khanate i samlinga, vil ein straks gjenkjenne det som ei omskriving av Southern Lord-slagordet "MAXIMUM VOLUME YIELDS MAXIMUM RESULTS". At mannen bak Black Boned Angel, newzealendaren Campbell Kneale har god kjennskap til desse og andre viskøse metal-bastardar som Earth, Corrupted og Skullflower kan ein ikkje berre lese i presseskrivet, men også slutte seg til frå gjørma som sig ut av høgtalarane når ein set plata i spelaren.

Black Boned Angel kan litt lettvint kallast den onde tvillingbroren til Birchville Cat Motel, det bortimot ufeilbarlege droneprosjektet som har gjort Campbell Kneale verdskjend (dvs. kjend blant små grupper av spesielt interesserte mange ulike stadar i verda). I Birchville Cat Motel jobbar han gjerne med lagvise inndelingar av varme, organiske lydar som skaper ei slags ute-i-naturen-stemning; til samanlikning er Supereclipse kald og minimalistisk - kanskje meir under naturen enn ute i den - og på alle moglege vis ei mørk plate.

Coveret er svart, engelen i bandnamnet er adoptert frå ein song av Godflesh og truleg av den falne typen, albumtittelen er ikkje berre formørka, men superformørka, og mesteparten av lyden ligg og rumlar langt, langt nede i frekvensspekteret. Ytterlegare forbindelsar til mørkre og metal vil dukke opp dersom ein går utanfor sjølve plata: Supereclipse kom opphaveleg i eit svært begrensa opplag på Battlecruiser, eit grimt lite selskap Kneale driv ved sidan av det meir omgjengelege Celebrate Psi Phenomenon, og har no blitt gjort tilgjengeleg for eit noko større publikum som den første og hittil einaste utgjevinga på California-selskapet 20 Buck Spin. Mannen bak 20 Buck Spin er ifølgje rykta ein manisk fan av norsk black metal, og Supereclipse har også blitt omtala i fleire zines som normalt opererer innanfor same sjanger, utan at ein dermed skal konkludere med at det er der Black Boned Angel høyrer heime.

Supereclipse har tre spor, Supereclipse I-III, som til saman utgjer éin time. Den einaste informasjonen coveret gir om plata sine lydkjelder er setninga "Campbell Kneale: guitars and drums", men det blir snart klart at dette ikkje er den heile og fulle sanninga; allereie tidleg i det tjuefem minutt lange opningssporet høyrer ein i bakgrunnen ei malmfull, messande stemme som rett nok er umogleg å tyde, men som likevel gir den elles apatiske stemninga ein apokalyptisk undertone (Kneale er tydelegvis glad i denne stemma, for han bruker den også når han dreg fram dommedagsgitarane i tittelsporet på den foreløpig siste plata til Birchville Cat Motel, Chi Vampires). Vidare er gitarane i Supereclipse I anten stemde ned ein handfull oktavar eller strekte ut i ettertid, for den første halvdelen av plata får dei fleste andre gitarar til å likne hundfløyter.

Det første sporet kan sjå ut som det framstiller livsløpet til eit gitardrønn i sakte film: først femten minutt med Sunn O)))-likande sirupriff, deretter ei lang periode med syklisk sveipande forsterkarduring, så ei kort reprise av opninga, og til slutt ein subsonisk, undersjøisk brann som sender tankane til Francisco López. Dei to siste spora er ein god del kortare og ein god del meir høgfrekvente; gitarane opererer innanfor eit meir menneskeleg frekvensintervall, trommene gir lyd frå seg mange gongar per minutt.

Det mektige andresporet er spesielt flott - sjå føre deg at Sigur Rós anno gjennombrotet halverer det allereie labre tempoet og skrur opp vrengen på fiolinbogegitaren, eller at Khanate gjer instrumentale coverversjonar av Svefn-g-englar og Bíum Bíum Bambaló.

Medan dei to første spora er dronebaserte, er det siste bygd på ein gitarstruktur som utvilsamt må kallast eit riff, uansett om definisjonen ein legg til grunn inneheld ei nedre fartsgrense eller ikkje. I løpet av femten minutt gjennomgår dette riffet gradvise miks- og klangmessige endringar heilt til det smuldrar fullstendig opp og forsvinn ut i natta som ei av William Basinski sine dødsdømde lydsløyfer, og kven veit, kanskje har det aldri verkeleg eksistert.

Supereclipse blir distribuert i Noreg av Sten Ove Tofts Roggbiff.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #62: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 6

Det handler om gammelmodige heltefigurer i tegneseriene når vi vender blikket mot bladkiosken og det norske tegneseriemarkedet i nostalgiens syttitall.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo