cover

Det Du Aldri Sa

Tom Roger Aadland

CD (2011) - Embacle / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Folkrock / Country / Blues

Spor:
Fall For Deg For Alvor
Der Eg Er No
Tyngde Og Lette
Støyande Hjarte
Fiskarmanns Blues
Skipet Mitt
Om Du Kjem Over
Som Det Var I Går
Om Du Står Fast Ved Det Du Sa
Postkort I Oktober

Referanser:
Bob Dylan
John Prine
Pakkers
Stein Torleif Bjella
Ulf Lundell

Vis flere data

Se også:
Fløyel og Stål - Tom Roger Aadland (2012)
Rapport frå eit grensehotell - Tom Roger Aadland (2015)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Postkort frå livet

Han treng slett ikkje hjelp av Dylan for å formulere livet om til ord og tonar denne Aadland.

Sist gong song han ein an mann sine songar. Blod På Spora heitte plata dei songane var å finne på, Bob Dylan heitte den andre mannen. Tom Roger Aadland hadde mota seg opp til noko få andre ville gjort, han hadde gjendikta Blood On The Tracks. Det opprivande albumet frå den tida då Dylan skilde lag med Sara. Aadland fant tonen, og orda, og blei Dylan, på nynorsk. Han kom frå det med respekten intakt. Men, Blod På Spora har nok ikkje evna å overleve særlig lengre enn dit augeblikkets interesse rakk. Naturlig nok, tenkjer eg, og nappar Blood On The Tracks ut av hylla.

"No er allting i eit anna spor", syng Aadland. I år. Hans eige spor, skuldar eg å legge til. Eit bra spor det. Denne Dylan luskar framleis litt rundt i tonelandskapet. Blant viser, blues og rock. Men dette, det er Aadland sine songar det, det er eg aldri i tvil om.

Sporet er mindre blodig også, denne gongen. Mindre tufta på opprivande mellommenneskelige tilhøve, bitre erklæringar og det lidande kjensleregisteret. Mindre, men absolutt ikkje reinska for slikt. Det Du Aldri Sa har sine songar om kjærleik som er godt i stykke. Den har sine songar om kjærleik det aldri blei noko av. Men, den har også sine songar om kjærleik som lever, og har ei framtid.

Aadland formidlar det meste han vil seie om slike ting med ei til tider drivande god songpoetisk formidlingsevne. Og det er her hans fremste styrke er å finne, i tekstbiten. Med poengterte og minneverdig einlinjarar og gode historier. Noko som løftar dei gode, men kanskje ikkje eksepsjonelt originale, melodiane opp i ei låtsfære eg lar meg fascinere av. Det er jo heller ikkje noko minus at Aadland har med seg ein alt anna enn baktung gjeng av lokale musikarar, frå band som The Low Frequency In Stereo og Bergen Mandolinband.

Han var ikkje så heilt ung (42 år) då han albumdebuterte i 2007 med det engelskspråklige og Irlandinnspela albumet Obviously Embraced. Han er ikkje så mykje yngre i dag. Tekstane talar om levd liv, om erfaringane, og om det som aldri blei sagt. Albumtittelen har han klipt utav opningssporet Fall For Deg For Alvor. Ein song om dei tapte sjansars bitre ettersmak. Om dama som ein gong plasserte eit uutslettelig avtrykk i sjela hans, men som glapp unna.

I dagar og i netter såg eg etter deg

Eg kjenner kvar ein hårnålssving av det som blei min veg

Eg skulle ikkje ha sirkla, eg skulle ha gått beint

Eg skulle ha teke det du aldri sa slik det var meint


Ein song som saman med avslutningssporet Postkort I Oktober er høgdepunktet på plata. I den siste tar songaren rolla til ein som observerte nokre hendingar litt frå utsida. Ein som lever i desse glashusa ute på bygda, men som prøver å forstå, i staden for å kaste steinar. Han fortel det i ein song som eg opplever som eit vakent avkom av ein fusjon mellom Tangled Up In Blue og If You See Her Say Hello. Det handlar om ei rastlaus kvinne, ein heimekjær mann, og eit barn. Kvinna drar. Ho var på eit vis ikkje laga for å bli. "Du høyrde denne svake songen" syng Aadland om henne, "Der andre ikkje høyrde nokon ting". Han tek ikkje parti, han syng heller eit refreng.

Rekk ut handa når du vaknar

Sjå ut glaset før du dreg

Nemn eit ord for det du saknar

Og kom gjerne innom meg


Det er mykje bra i det som gjer seg til kjenne mellom desse to songane også. I den varleg/mektige Tyngde Og Lette, med Linn Frøkedal i ei duettrolle. I countrysongen Der Eg Er No, som prisar det å vere to i ro, kontra det å vere ein på ei evig reise. Og i den regntunge og lågt smygande ulmebluesen Skipet Mitt, med slagferdige linjer som dette:

Båten min gjer tretten knop

I lasta har eg eit periskop

Eg kan sjå attende på alt eg har gjort

Er det rart eg reiser bort?


Ei gjendikting har han med denne gongen også. Fiskarmannens Blues heiter den, og alle tenker då at det er hans versjon av ei kjent Waterboys-låt. Og alle har heilt rett. Den er heilt grei den, men kanskje likevel platas minst interessante augeblikk. For Aadland kan laga songar heilt og halde frå eige bryst han. Ja han er best når han gjer det slik. Det Du Aldri Sa heiter beviset.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo