cover

The Lilac Time

Pelle Carlberg

CD (2008) - Labrador / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folkpop / Indiepop / Singer/songwriter

Spor:
1983 (Pelle & Sebastian)
Nicknames
Whisper
Animal Lovers
Meat to Metal
Because I'm Worth it
Stockholm Vs Paris
Fly Me to the Moon
51,3
Tired of Being PC

Referanser:
Billy The Vision & The Dancers
Morrissey
Håkan Hellström
Jens Lekman
I'm From Barcelona
Herr Nilsson

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Pelle... Erobreren?

Elegant og småvittig frå Carlberg, men målt imot svenske popkompositører som Hellstrøm og Lekman har han framleis litt å gå på.

Han har vel ikkje tråkka skikkelig ut av skygga endå, denne svenske popsmeden. Pelle Carlberg er da heller ikkje eit hushaldsnamn i musikalsk samanheng og det er nok ein fare for at The Lilac Time ikkje umiddelbart vil rokke ved den oppfatninga. Derimot ikkje sagt at han er ein uinteressant artist. Langt derifrå. Pelle Carlberg appellerer, han, både til hjertet, hjerne og ein liten dansefot. Men det fremste aberet, som også var tilfellet med førsteskiva hans In a Nutshell (2007), er at denne ofte tøyar seg ut i mediokre baner.

Pelle verkar som en sympatisk og velstilisert herre og den same karakteristikken kan nok gjevast om musikken her. Leiken og lystig gladfolk eller indiepop krema med handklapping, melodika, bjeller, plystring og lette gjenkjennbare melodiar som festar seg. I alle fall for ei stakka stund. Fyrstesportet, med undertittelen Pelle & Sebastian - gir relativt klare hint om kor han har funne delar av sin påverknad. Og sjølv om han ikkje akkurat framhevar det som sin fremste innflytelse deler han også gjerne litt av Morrissey-crooner svangen som sidestiller han med ein heil bønsj av skandinaviske (og særlig svenske) indiepop-band. Vi ønskjer velkommen til nok ei stemme med mild sjølvmedynk og innfletta falsettar, altså.

Han er ingen gammal mann, men kan vel knapt kallast ein ungkvalp heller. Carlberg er 38 år og har rukket å bli firebarnspappa. Men familiefaren har ikkje gløymt korleis det er å vere ung. Dei to opningsspora 1983 og Nicknames kretsar rundt mykje av den same ungdomstematikk og fikk meg i utgangspunktet til å tru at den grøne tråden i plata var grunna på nostalgisk tenåringslengsel:

1983, 1983 - Kiwi soda stream
Cosby on TV, 1983, Carola - birds and bees
Scones and british tea, 1983


Men historiene til Carlberg viser seg seinare å skjule meir enn pubertale beretninger om nostalgisk familiekomikk og favorittføde. Og det er nettopp tekstene som etter mi meining blir hans største forse. Halvnaive og uventa jordnære betraktningar som tilføyer musikken både naudsynt humor og mjuk glede. Tekstar som kjennest meir vittige enn viktige ut kanskje. Utan at eg ser den store synda med akkurat det.

På ferda gjennom desse lilla tidene møter for eksempel vi irriterande dyreelskarar som bryr seg meir om dyr enn menneske (Animal Lovers), vi kjenner hatet mot lavprisselskapet Ryanair som har lagt all medkjensle på hylla og kjører businessmodellen til det fulle (Fly Me to the Moon) og blir involvert i skuffelsen Pelle følte då ein Facebook-test viste at hans mentale alder hadde oversteget eit halvt århundre (51,3). Og viss du lurte på kva den største skilnaden mellom Paris og Stockholm er, kan den enkelt og greit utrykkast på fyljande manér: Dog shit on Paris is special, And dog shit in Stockholm is shit.

Svensken overbringer oss eit ukomplisert, pent og kortvarig album, som gjerne kunne vert frekkare i kanten og romma litt større utfordringar/overraskingar. Om Håkan Hellstrøm får vere kongen og Jens Lekman knekten, kan vel då kanskje Pelle Carlberg innta ein joker-rolle i slik ein freidig kortstokk. For det er slett ikkje umulig at mannen allereie med neste bidrag kan ha slumpa over Frøken Fortunas behagelige hand og overrøse oss med meir haldbar popmagi.

Enn så lenge ventar vi litt.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Flere:

When - Trippy Happy
The Sea and Cake - Everybody