cover

The Train Wreck Is Behind You

Gingersol

CD (2003) - Rubric / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Poprock / Americana

Spor:
Who Cares
Sleep Alright
Where Do I Stand?
King Sized Doubt
Face Up Again
The Train Wreck Is Behind You
Underneath the Radar
Make It Sick
You Fall off
Still Life
I'm Sure
Over the Handle Bars
Pretty High Baby
Amnesia
Where It Belongs

Referanser:
The Replacements
Paul Westerberg
Wilco
Soul Asylum

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Vel, vel

Dei prøver å være Wilco og Westerberg, men endar meir opp som Goo Goo Dolls og Soul Asylum.

Eg har registrert at Wilco hyppig blir nevnt som referanse til dette bandet. Når så første låt Who Cares gjer seg til kjenne, nikkar eg innforstått. Rett nok framstår Gingersol meir som ei b-utgave, men likheten til tidleg Wilco er klart tilstades. Seinare utover på The Trainwreck Is Behind You synest eg imidlertid denne likheten blir mindre merkbar. Då er heller Paul Westerberg og hans The Replacements kanskje ein meir opplagt referanse. Kor som er, Gingersol er kun i flyktige øyeblikk i nærleiken av å streife Westerberg og Tweedy sin magiske meloditeft. Det dei presenterer på dette albumet blir for ofte stilleståande og melodifattig, og manglar finesse og eigenart. Eg sitt med ein følelse av at dei prøver litt for mykje, i staden for å stole på intuisjonen og la den naturlege feelingen bestemme, skal det liksom gjerast meir inderlig og vakkert enn kva dei er gode for å få til.

Nå skal eg ikkje avskrive denne gjengen heilt, for det er glimt av finfin poprock her. Med Sleep Alright og You Fall Off er første styrmann Steve Tagliere i alle fall på sporet av Westerbergsk pop med driv og meining, uten at han heilt kjem i mål. Det burde han imidlertid gjort på den vesle tittellåta, som er anslaget til ein nydelig ballade, men varer i kun eit lite minutt. Men så, i den avsluttande pianoballaden Where It Belongs, treff Tagliere såre og nydelige tonar som klarar å smyge seg til rette utan den minste motforestilling.

Ser vi bort ifrå to små instrumentalar er det tretten låtar på plata, av desse er før nevnte Tagliere ansvarleg for ni. Dei fire resterande er det andrestyrmann Seth Rotschild som står bak, og han har funne ei popåre som det absolutt bør være verdt å utforske meir. Med den korte Face Up Again og den altfor korte (1.05) Underneath the Radar leverer han tiltalande poptonar. Den litt lengre og noko heftigare I'm Sure har også kvaliteter som er sakna på mykje av denne plata. Sant å seie trur eg Tagliere i sin låtskrivargjerning og sangutføring har litt å lære av bandkompis Rotschild, som viser ein langt meir uanstrengt og naturleg holdning, og dermed også blir meir truverdig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo