cover

Mystic Chords of Memory

Mystic Chords of Memory

CD (2004) - Rough Trade / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Psykedelia / Visepop / Alternativ

Spor:
Berry Creek Falls
Soul Through the Bullet Hole
Golden Dome
Sure, Bert
Like a Lobster
Eyes on Sides of Heads
Open End
Last One
Mongo and Arky
Pi and a Bee

Referanser:
The Earlies
Elliott Smith
The Aislers Set
The Beachwood Sparks
Mercury Rev

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Døsig og klangfull pop-psykedelia

California-duo serverar heimesnekra pop i fargerik drakt, utan at du bør springe til næraste platebutikk av den grunn.

Førestill deg at du etter ei tragisk grillulukke møter den ubarberte St. Peter ved inngangsporten til himmelske godsaker. Situasjonen verkar kanskje litt sær og syrete. Omgitt som du er av rastlause småfuglar, psykedeliske fargar, svevande harper og antikke klokker som tikkar ubestemmeleg gjennom di fortid, notid og framtid, får du plutselig eit sterkt innslag av déjà vu: - Dette minner om det ytterst middelmådige bandet Mystic Chords of Memory, uttrykjer du stolt. Ja, seier St.Peter surt, medan han slår av den himmelske CD-spelaren, det er nettopp det det er.

Det religiøse aspektet her bør ikkje takast altfor bokstaveleg, då innleiinga utelukkande er basert på fri fantasi av anmeldaren i eit forsøk på å gje teksten ei catchy opning. Men som all psykedelia-pop inviterar Mystic Chords of Memory oss med på ein odyssé til ukjente og relativt fargerike dimensjonar. Psykedeliaen har blitt forma av Chris Gunst frå det tidvis behagelege countrypop-bandet Beachwood Sparks og sambuar Jen Cohen frå The Aislers Set, i deira felles bustadadresse i byen Santa Cruz, California. Det musikalske tospannet Gunst & Cohen befinn seg under vingane på Rough Trade, ein label som må berømmast for å inkludere mellom anna anti-folkaren Jeffrey Lewis og den absurd nydelege Hope Sandoval i platestallen.

Albumet har eit par snurrige låttitlar (Sure, Bert, Mongo and Arky, Like a Lobster), som antyder at vi har med ein humørfylt duo å gjere. Forvent deg likevel ikkje eit musikalsk sirkus innhylla i grenselaus fart og spenning. Mystic Chords of Memory vil ikkje appellere til den utålmodige lyttaren. Det musikalske arvegodset frå perioda med Beachwood Sparks er ikkje heilt fråverande, til tross for at tempoet har blitt redusert endå eit par hakk, vokalen er übersensitiv, og elektroniske lydcollager har fått større utbreiing.

Vi møter temmelig intrikate låtstrukturar der melodiane sveipar innom britisk 60-talls psykedelia, kjøper billett til Magical Mystery Tour og endar på togstasjonen med blant andre The Earlies og Mercury Rev. Gunst, som er den mest framtredande vokalisten på albumet, har ei behageleg røyst og utrykker seg helst gjennom døsig og klangfull kviskring. Det kvinnelege motstykket deltek med søte vokalharmoniar når det trengst og tilfører musikken ein relativt vellukka feminin touch.

Skiva varierar mellom dei reine instrumentalspor og meir utadvendte (nåja) låtar, mange av dei krydra med alt frå julebjeller, harper og fioliner til elektroniske trommesamplingar og organisk fuglekvitring. I utgangspunktet er det kanskje ein delikat miks av forskjellige smakar, men i tilfellet Mystic Chords of Memory medfører det sjeldan meir enn ein kortvarig (men aldri intens) glede. Sidan albumet definitivt kan plasserast i bunken av middelmådige utgjevelsar, er det nesten plagsomt komplisert å framheve låtar som utmerkar seg, enten det skulle vere i negativ eller positiv retning. Instrumentalen Soul Through the Bullet Hole og countryinfluerte Golden Dome har enkelte aspekt ved seg som kan medføre ei vekka interesse. Mest minneverdig er likevel avslutningsporet Pi and a Bee, som paradoksalt nok er det mest monotone bidraget på albumet. Seansen avsluttar med lyden av lun vinylknitring, ein trist pianosnutt på repeat som gir assosiasjoner til 2. verdskrig, og draumande fiolinlyder som flyt i vektlaus tilstand rundt grunntemaet.

Så alt i alt er dette eit album det er vanskeleg å gi ei verkeleg varm anbefaling av. Vi får heller konkludere med at musikksmak tross alt er høgst relativt og at enkelte kanskje vil hevde at Mystic Chords of Memory har klare musikalske kvalitetar som underteikna her ikkje har klart å oppdage.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Devendra Banhart - Cripple Crow

(XL)

Velkommen til skogsfest med Sgt. Devendra's long haired gypsy family band.

Flere:

Antony and the Johnsons - Antony and the Johnsons
Devendra Banhart - Smokey Rolls Down Thunder Canyon