cover

Comfort of Strangers

Beth Orton

CD (2006) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Poprock / Singer/songwriter / Folk

Spor:
Worms
Countenance
Heartland Truckstop
Rectify
Comfort of Strangers
Shadow of a Doubt
Conceived
Absinthe
A Place Aside
Safe In Your Arms
Shopping Trolley
Feral Children
Heart of Soul
Pieces of Sky

Referanser:
Joni Mitchell
Rickie Lee Jones
Suzanne Vega
Fiona Apple

Vis flere data

Se også:
Daybreaker - Beth Orton (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Tynnkledd varme

Det er dei nakne tonane og det spartanske bilete som kjem til uttrykk når Beth lar Jim og Tim få råde i bakgrunnen.

Halfway to a Threeway heiter ein firespors EP som Jim O'Rourke spelte inn heilt på tampen av det førre årtusenet. Sterke songar i ei melankolsk og intim drakt, der O'Rourke mellom anna gjer prov for sine uklanderlige evner som fingerplukkande gitarist. Desse kom Beth Orton for øyre. Noko slikt var det ho søkte mot også. Noko spartansk, organisk og ekte. Fanst det då ein betre måte å prøve å få det til enn å hyre inn O'Rourke sjølv til å styre knottane? Sjølvsagt ikkje.

Det er hyggelig å ha Beth tilbake blant livgjevande tonar. Ho var der på debuten Trailer Park frå 1996. Eit album der hennes glasklare og nakne folkpop blomstra i samkvem med elektroniske beats og skånsom sampling. Ho var der også på oppfylgjaren Central Reservation frå 1999. Ramma var kanskje litt meir tradisjonell. Electronica-elementet var nesten vekke, men songane hennes var framleis av det melodisk innbydande slaget. I sitt tredje forsøk, Daybreaker frå 2002, var ho der ikkje. Det som var av freistande tonar vart her stort sett kvelt i eit overprodusert bilete. Comfort of Strangers er Daybreaker sin rake motsetnad. Og takk for det.

Ein del av den takka skal rettast til Jim O'Rourke. Denne fyren som så sjeldsynt godt veit korleis han skal få samarbeidspartnarane sine til å skimre. Det vere seg Gastr del Sol, Sonic Youth, Wilco eller Beth Orton. Han trampar ikkje inn og dominerar prosjektet. Han smyg inn og legg vegen open for at essensen i låtane skal få komme fram. I Comfort of Strangers sitt tilfelle blir det slik Beth håpa, livfullt framfor korrekt, spartansk og luftig framfor fyldig og tett, og organisk framfor syntetisk.

Ein annan del av takka skal rettast til Tim Barnes. Ein trommeslagar og perkusjonist som søkjer i utkanten, der villblomane blømer og direktiv blir forkasta. Han trampar ikkje inn og dominerar prosjektet. Han finn ein plass litt bak. Herifrå vartar han opp med skarpsindig rytmikk som stimulerer, løftar og puffar songane i fruktbare retningar.

Den største takka skal vi vel likevel rette til dama ved mikrofonen. Dama som har skrive låtane (ho har fått litt hjelp av O'Rourke og den særdeles kompetente M. Ward på eit par stykke). Ein frodig låtbukett. Ein bukett der det vemodsfulle får nok gjødning av håp, klarsyn og djervskap til å kunne leve lenge.

Beth introduserer seg på friskt vis med den eggande Worms; "Worms don't dance, they haven't got the balls". Her ho står fram som ei kjærleikssøkande kvinne som har tatt plass i førarsetet. Ikkje heilt usårleg, men ho skal tre inn i meir sårbare roller etterkvart. I det varlege og vakre Joni Mitchell-slekta tittelkuttet møter vi ei skeptisk dame, ei som nok har brent seg nokre gonger på livet sine heite augneblikk; "I'd rather have no love, than messing with the wrong stuff".

I front av O'Rourke sin bass og Barnes sine perkusive framstøyt er piano og akustisk gitar dei to dominante instrumenta (begge i stor grad traktert av Beth Orton sjølv). Ved enkelte høve dukkar andre lydkjelder opp på arenaen også. Sørgmodige strykarar kopla med temt electronica og klangrike marimba-tonar i sterke Conceived. Ein song der mismotet skin ganske så klart igjennom. Der hovudpersonen ser ein kald og falsk verden full av kjærleikslause omfamningar. Den når sitt klimaks i det augneblikket Beth stuper inn i det fleir-vokaliserte refrenget; "Some of the time the future comes right 'round to haunt me".

På ei plate med få middelmåtige låtar, representerer den dynamisk veltempererte og tidvis håpefulle Shadow of a Doubt eit anna høgdepunkt. Det same gjer også den fasetterte balladen A Place Aside. Der forsiktige bilete av mulig lukke blir lagt fram til nærare ettersyn. Vakker er også den nakne balladen Absinthe. Men her verkar vegen tilbake til lukka å vere noko meir problemfull.

Ved hjelp av ei stemme som kan vere både distinkt og skjør, låtar med aktverdige melodiske løysingar, og eit par medhjelparar som lever etter prinsippet at mindre er meir enn nok, har Beth Orton denne gongen dyrka fram eit album av både lindrande og interesseskapande karakter.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo