cover

A Sunset Panorama

Logh

CD (2005) - Bad Taste/Smekkleysa / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Drømmepop / Emo / Cinematisk / Sadcore

Spor:
String Theory
Fell Into the Well
A Sunset Knife Fight
Destinymanifesto
Asymmetric Tricks
Bring On the Ether
The Big Sleep
Trace Back the Particle Track
Ahabian
My Teacher's Bed
The Smoke Will Lead You Home
Exit

Referanser:
The Appleseed Cast
Sonic Youth
Mogwai
Fireside
Slowdive
Sigur Rós
Kristofer Åström & Hidden Truck

Vis flere data

Se også:
The Raging Sun - Logh (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Varm lyd, isande låter

Nedstemt, svevande og melankolsk svensk indierock for den tålmodige lyttar.

Etter utgjevelsen av andreplata The Raging Sun (2003), fekk den svenske kvartetten Logh i heimlandet ofte stempel som eit mørkt, dystert og noko utilgjengeleg band. Med overvekt av intrikate og langsamt kjenslemalande melodiar, melankolske og poetiske som ei kald nordisk vinternatt, fridde kanskje ikkje bandet til den mest rastlause og utagerande lyttaren. Andre tok derimot til seg dei vene tonane i all sin dvelande fagerdom. Under intervju har Logh sagt seg ganske lei merkelappen deppeband, og sjølv tittelen på det nye albumet antyder eit band som ynskjer å spankulere på meir lysfasetterte galeier. I motsetnad til forrige utgjevinga, som i si heilheit blei innspelt under nattlege seanser, føregjekk samtlege opptak denne gangen under ein enkel sommardag i Stockholms-studioet Gröndahl med Pelle Gunnerfeldt som produsent (Gunnerfeldt har tidlegare produsert plater for blågule artistar som Isolation Years, Hell On Wheels og Last Days of April). Dette osar rutine og god lyd.

Det endelege resultatet kjennast likevel ikkje som ei openbar lys og ultrakommersiell sjarmbombe, så Logh har på ingen måte gløymt gamle takter. Framleis spelar Logh hovudsakeleg lågmælt og stemningsfull rock der minimalisme og innfløktheit går hand i hand, men det er likevel rom for nokre fine up-tempo rockelåter (Destinymanifesto, Trace Back the Particle Track) som gjerne kunne vore signert Dinosaur Jr. eller Lou Barlow-prosjektet Folk Implosion.

Svenskane diskar som vanleg opp med snedige og uvante vendingar både riff- og strukturmessig, vendingar som i utgangspunktet er vanskeleg å gripe, men som ein over tid vert meir og meir komfortabel med. Med melodiar der spenningselementet gjerne ligg i kontrasten mellom det dempa og svevande uttrykket og dei meir energiske utblåsningar, kan det difor seiast at bandet her framviser musikalsk slektskap til artistar som til dømes Appleseed Cast, Sonic Youth og Mogwai; gode representantar for intrikat og fantasifull melodiformulering. Dette bør appellere både til hjerte og hjerne.

Aller best er dei på The Smoke Will Lead You Home; ei fabelaktig varm og god perle som auser av elektriske gitarer og himmelske keyboard-droner. Ein meget suggererande låt. På A Sunset Knife Fight og My Teachers Bed serverar dei svevande indierock med ambiente tilskot mange kan misunne dei. Enkelte av låtane her har eit utprega live-uttrykk over seg, noko som verkar naturleg sidan mange av dei blei fullført på første opptak og sidan få nye element blei lagt på i etterkant av 10-timars økta.

Kva så med den verbale biten? Vokalist og gitarist Mattias Friberg er på ingen måte nokon kraftvokalist, han er heller ein mann av den beherska, døsige skulen som kanskje har høyrt seg opp på My Bloody Valentine og Slowdive. Utan å briljere i altfor stor grad har han ei behageleg stemme som står godt til musikken (på Fell Into the Well gjev han endog visse Michael Stipe-assosiasjoner). Meir fasinerande enn vokalen er likevel det delikate lydbiletet på albumet. A Sunset Panorama har ein utsøkt varm og intim klang som gjer dette til svært behagelig for lyttaren som parerer med å skru volumet til himmels.

Sett som ein heilheit blir likevel A Sunset Panorama meir variabel enn godt er. Ofte sitt ein igjen med kjensla av at nokon av låtane manglar eit unikt særpreg, eit holdepunkt eller ei klar retning som kunne gjort det endå meir interessant for lyttaren. Spor som Bring on the Ether, The Big Sleep og Ahabian manglar alt dette og er med på å trekke ned til ein sterk firar. Men lat nå ikkje dette avskrekke fullstendig. Logh har levert ei meget fin plate som garantert vil vokse på deg. Ja, om du ikkje fell pladask umiddelbart då.

Som ein liten bonus følger det med A Sunset Panorama ein DVD-plate der du kan sjå Lund-kvartetten spele inn alle 12 spora på albumet. Ein grei, men ikkje overvettig interessant presang. (Les: shoegazing).

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Neurosis & Jarboe - Neurosis & Jarboe

(Neurot)

Legg to pinner i kors. Ta et hvitløksbad. Be din siste bønn. Dørene til mørkets rike skal nå åpnes og du inviteres med inn.

Flere:

Norfolk & Western - Dusk in Cold Parlours
Lalla Carlsen - Norges Revydronning