cover

Waiting For That One Clear Moment

Thomas Dybdahl

CD (2010) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Soul / Funk / Folk / Poprock / Avantgarde / Eksperimentell / Jazz

Spor:
Blackwater
Party Like It's 1929
I Just Can't Bring Myself to Say the Words
Waiting for That One Clear Moment
impresjoNiste
My Little Friend
The World Is My Oyster
Excuse Me, Brother
Songs

Referanser:
Prince
Tim Buckley
Arvo Pärt
Serge Gainsbourg
Marvin Gaye
Curtis Mayfield
Bobby 'Blue' Bland
Tim Hardin

Vis flere data

Se også:
John Wayne EP / Reisen Til Amerika - Thomas Dybdahl (2001)
...that Great October Sound - Thomas Dybdahl (2002)
Stray Dogs - Thomas Dybdahl (2003)
Stray Dogs - Thomas Dybdahl (2003)
One Day You'll Dance For Me, New York City - Thomas Dybdahl (2004)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Klangfull overflod

Dybdahl har vandra langt, men har absolutt ikkje gått seg vill langs vegen.

Det har vore haust når Thomas Dybdahl har komme med ny plate. No er det vår. Ein ny vår. Dybdahl har fanga nye fargar, nye klangar. Drøssevis av fargar og klangar. Han er ikkje lenger der han var. Men han er den han er, ein av dei beste og mest interessante musikalske stemmene i dette landet.

Science, hans førre album, gav bod om ein Dybdahl på vandring inn i nye soniske landskap. Men at han skulle vandre så langt inn, og så langt bort, som Waiting For That Clear Moment gjer til kjenne, var eg ikkje heilt førebudd på. Etter eit par lett forvirrande innleiingsrundar byrjar eg imidlertid å nikke nøgd til det som openbarar seg. Samstundes som eg oppdagar at det også er spor her som fører tilbake dit han var.

Soulmusikken har alltid vore med han. Den er meir med han her. Frå å representere eit og anna drypp, er den blitt til den kanskje dominerande straumen. Men den har ikkje sendt den Dybdahlske melankolien til pises. Den er her den, midt i konglomeratet. Og gjer seg gjeldande. Godt gjeldande. For sjølv om det er vår, finst det jo alltids noko å vere litt sørgmodig og betenkt over.

Dybdahl tyr til falsettgrepet store deler av tida denne gongen. Han gjer det til ein puls som stundom slår bedagelig, stundom fer fort, men heile tida er tydelig til stades. Midt i eit sonisk bilde som inneheld mykje, som vil mykje, men som også gjev plass til hulromma. Ambisjonane og pretensjonane er rikt til stades, men dei er ikkje meir omgripande enn at dei skaper liv rundt seg. Liv, fordi den som eig dei, veit noko om avstandar, vekstvilkår, og kva ugras som kan vere nyttig, og kva som bør fjernast.

Soultonen til Dybdahl kan ha noko sofistikert over seg. Som hos ein Marvin Gaye, eller ein Bobby Blue Bland. Med eit groove som er sterkt merkbart, men ikkje forhastar seg. Som når han syng I Just Can't Bring Myself to Say the Words, med god hjelp frå ei japansksyngande Clara Uchima, og Stavanger Symfoniorkester, blant anna. Men soultonen kan også ha noko meir partysanselig over seg. Som hos ein Prince klar for å sveitte eit nytt årtusen i gang. Dybdahl syng om eit årstal kjent for meir depressive tildragingar. Men fest er det, over Party Like It's 1929.

Strykardrapert er dei fleste låtane. Av Stavanger symfoniorkester, eller andre konstellasjonar. Tittelsporet har berre ein bogedragar. Ein fiolinspelande franskmann med namn Benjamin De La Fuente. Han spelar låta i gang, friskt, men også litt vemodsprega, og gjer deretter mykje godt for den undervegs. Groovet er funky, og Dybdahl resiterer rundt kunstnarmyta. Om tryggleiken, om uroa, om svolten, om kor dei briljante ideane helst vert til. Om "the days when good ideas came whenever you had trouble and your mind was chasing the embrace of that one clear moment".

Blackwater er eit klart augeblikk. Og eit innhaldsrikt eit. Ein avskrella start, ein sugande rytme, eit veksande dramatisk vesen, ei Susanne Sundfør som gjer ein kort men sublim visitt, ein sampling av ein Noam Chomsky-tale som tar for seg vesten sitt tilhøve til Saddam Hussein, og så, ei glideflukt av ein utgang.

Excuse Me, Brother er eit anna klart augeblikk. Ein vårbekk-dansande sak som speglar mørke draumar og eit problematisk sinn. Om ein for lengst avdøydd songar. "A sad and happy fool whose songs will not die". Om Tim Buckley. Faren til Jeff, som song sin del av denne verdas minneverdige songar.

Songs for the dancing shoes
Songs for the Sunday blues
Songs that will make you sweat
Songs that you won't forget


Eit vers av til saman sju, der alle linjer startar med det same ordet. Songs, ein ode til songen og songaren. Ein sjelfull ballade som avsluttar endå eit Dybdahl-framstøyt der han viser seg som noko litt utanom det heilt vanlige.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo