cover

Barske Børnerim (for viderekomne voksne)

Bjarte Hjelmeland

CD (2004)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Poprock / Cabaret

Spor:
Til Læseren
Umenneskelig Fristelse
Ad Hækkenfeldt Til
Ha-Ha-Ha
Mekanisk Krigførelse (Brugsanvisning)
Det Gode Eksempel
Støtte For Hukommelsen
"Sørens Far Har Penge"
Sønlig Betenksomhed / Memorandum / Krefternes Afløb
Fornuftigt Ungt Menneske / To Fluer Med Eet Smæk
Ingenting Har Man I Fred
Fader Overlevede
Gammel Løgnhals Afsløret
Hensikten Helliger Midlet
Helan Gaar!
Hvad Du Kan, Betal Tilbage Af Din Gæld Fra Barndomsdage
Forlystelsessyg Lille Dame
Godt Gammelt Husraad
Samvittighedsfuld Oppdragerinde
Enkelt, Men Genialt

Referanser:
Odd Børretzen
Odd Nordstoga
Roy Lønhøiden
Trang Fødsel

Vis flere data

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Harske barnerim

Det er ikkje gull alt som rimar. I alle fall ikkje denne kombinasjonen av avlegse vers og dorske tonar.

"Lille Jan skal holde stigen
saa at far sig plukke kan
Grene, som gi'r svirp og svien
I et Birkeris til Jan

Høj er birken, jorden haard.
Far blev niogtyve Aar"

Umenneskelig Fristelse heiter dette vesle diktet, og er henta frå diktsamlinga Barske Børnerim for Viderekomne Voksne, som kom ut i Danmark i 1953. Under pseudonymet Poeten leverte forfattaren Poul Sørensen ei samling med små dikt der temaene er av det lett morbide slaget. Dei aller fleste tar føre seg konfliktar mellom barn og voksne, der den eine parten som oftast endar opp med å ta livet av den andre.

At desse versa vakte ein smule harme og spetakkel for femti år sidan går det nok an å forstå. At dei i tillegg vart offer for fascinasjon og kultstatus i mindre kretsar var sikkert både ein konsekvens av denne offentlege harmen, samt versa sitt eksplisitte innhald. Men eg er ikkje så sikker på om dei har særlig til kraft i seg i dag. Med "alle barna-vitsar" drøyt ti år bak i tid, og ein mengd andre morbide - og til tider herlige - påfunn, opplever eg versa til herr Sørensen som heller harmlause affærer i ein lett oppstylta form. Men litt småekkel sjarm har dei, han skal ha det, Sørensen.

Sjarm har ikkje versjonane vi finn på albumet som ein gjeng norske musikarar og skodespelaren Bjarte Hjelmeland har spelt inn. Denne tonekledde utgåva av dikta blir ikkje stort anna enn plump, og beint fram drepande kjedelig. Pådrivarar for prosjektet har vore Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge. Begge frå det heller uintressante Bergen-orkesteret Trang Fødsel. Melodiane dei har komponert er temmelig så trange i skjæra. Stort sett enkel viserock, der den eine låta bit den neste i halen, og variasjonen blir så godt som totalt fråverande. Hjelmeland sin sang og resitering er gjort på eit slags fornorska dansk (i retning eldre Oslo-vest dialekt). Eit språk som verken kler Hjelmeland eller dikta sitt innhald. Trur muligens det kunne fungert litt betre hadde karane teke seg tid til å skrive tekstane over i ei språkdrakt nærare opp til Hjelmeland sin vestnorske dialekt.

I tillegg til at den ellers så flinke skodespelaren har brukt tid på dette, figurerer også dyktige musikarar som Odd Nordstoga, Geir Sundstøl og Kåre Chr. Vestrheim på spelelista - utan at eg trur det blir ein vane for desse å bruke tid på slikt fjas. For særlig lengre inn i kalkunstuffingen enn dette er det vanskelig å havne.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo