cover

Go Go Smear the Poison Ivy

Múm

CD (2007) - Fat Cat / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Eksperimentell elektronika / Glitch / IDM / Post-rock / Indiepop

Spor:
Blessed Brambles
A Little Bit, Sometimes
They Made Frogs Smoke 'Til They Exploded
These Eyes Are Berries
Moon Pulls
Marmalade Fires
Rhuubarbidoo
Dancing behind My Eyelids
School Song of Misfortune
I was her Horse
Guilty Rocks
Winter (What We Never Were After All)

Referanser:
Björk
Gus Gus
Sigur Rós

Vis flere data

Se også:
Summer Make Good - Múm (2004)

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Sveitt gymsokk

Fordi om ein kjem frå Telemark er det ikkje naudsynt å gå med strisekk, spele hardingfele og rosemåle bestandig. Det same gjeld for islendingar.

Múm er eit av desse islandske banda som kom fram frå undergrunnen på byrjinga av 2000-talet, i kjølvatnet av Sigur Rós si stigande stjerne. Dei sjarmerte denne platemeldaren stort med singelen Green Grass of Tunnel for nokre år sidan, og det var soleis med høge forventningar eg gjekk deira nye plate i møte.

No skal det seiast at dersom du forventar at Múm skal ligge og kile deg i øyregangane som ein sval bris ved første gjennomhøyring, så må du tru om att. Utgjevingane deira så langt har alle vore verk som det krevjast at ein tek seg tid til å lytte til. Etterkvart vil ein finne at musikken opnar seg opp og at ein stadig finn nye rom og dimensjonar i det som ved det som ein kjende kaotisk i byrjinga.

Det er difor trist å melde at på Go Go Smear the Poison Ivy har gruppa drege det altfor langt.

Der ein tidlegare fann eit visst system i kaoset finn ein no berre surr. Singlen They Made Frogs Smoke 'Til They Exploded er rett og slett ikkje anna enn kakofoni og usamanhengande lydsnuttar med ein irriterande skurr fremst i lydbiletet. Moon Pulls er noko så sjeldan i denne gruppa si samanheng som ei pianodriven ballade. Problemet er berre at den aldri kjem seg av garde. Dei klarer her kunststykket å få ein song på to og eit halvt minutt til å følast langdryg. Det er tydeleg at dei her prøvar å emulere sine landsmenn i Sigur Rós, men resultatet er langtfrå tilfredsstillande.

Rhuubarbidoo er eit anna eksempel på eit mislukka eksperiment, nærast som eit forsøk på fusion mellom jazz og tivolimusikk - med hornmusikk i sentrum.

Resultatet er tøvete, og blir nesten tragikomisk.

Island har ein tradisjon for å lage annleis musikk og det er tydeleg at Mum så gjerne vil vere eit av desse litt sære uhandgripelege ensembla. Det greier dei til gangs på denne utgjevinga. Dette er noko av det mest uhandgripelege og ubegripelege denne meldaren har vore borti på lange tider. Men Island har også ein tradisjon for å lage storslegen og flott musikk og dette maktar ikkje denne gjengen på denne plata. Det er trist, for me veit frå tidlegare at dei kan så mykje betre.

Dancing Behind My Eyelids er det definitivt sterkaste sporet her, og på denne låta høyrer me spor av det me hugsar frå Finally We Are No One i 2002. Men songen er dessverre lesst ned av merkelege effektar som forstyrrar meir enn dei fortryllar.

Det hadde vore å håpe at Múm kunne fri seg frå dette sære og islandske dogmet, der alt verkar å måtte vere unikt og annleis, og byrje å lage flotte popverk fullt ut. Fordi om ein kjem frå Telemark er det ikkje naudsynt å gå med strisekk, spele hardingfele og rosemåle bestandig. Det same gjeld for islendingar. Det er ikkje alltid at ein treng å vere skamlaust ukommersiell for å nå massene.

Så konklusjonen blir at dette berre blir ein sveitt gymsokk. Go Go Smear the Poison Ivy minner meg i det heile teke mest om kaffetraktaren som står på kjøkkenet mitt. Det heile blir ein saus av kakofoniske rytmerepetisjonar, spedd på med litt sped song og merkelege tekstar. Ein ventar og ventar på songar som aldri kjem.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Terje Isungset - Middle of Mist

(NOR-CD)

Det finnes knapt grenser for kreativiteten til perkusjonisten Isungset.

Flere:

The Gin & Tonic Youth - New Times
Wilco - A Ghost is Born