cover

Torgeir Waldemar

Torgeir Waldemar

CD (2014) - Vestkyst

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Blues / Americana

Spor:
Across The River
Flowers
Streets
Come To Me
Peace Song
Insomnia
Take Me Home
Burden
Mystery Song
Highway Kind
We'll Meet Again
Remedy

Referanser:
Townes Van Zandt
Neil Young
Gene Clark
16 Horsepower
Jason Molina
Midnight Choir
Jake Ziah

Vis flere data

(0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7)


Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Kva er det som er så spesielt med Torgeir Waldemar då? Eg meiner han spelar og syng då saker eg har høyrt før, mange gonger før. Noko det sjølvsagt ikkje er det minste galt i. Men kva er det som er så spesielt med det? For det er det, det er noko heilt spesielt med Torgeir Waldemar.

Han er norsk, han syng på engelsk, han høyrest ut som han har passert meir enn eitt vegkryss i Mississippi. Med bluesen i hjerta og country i sjela (eller var det omvendt?) syng han om einsemd, sakn, demonar og død, ispedd levd liv, eit snev av håp, og eit muleg møte med frelsaren. Instrumentet hans er ein gitar (stort sett ein akustisk), instrumenta til dei andre som speler på plata høyrer til i den organiske instrumentfamilien. Ja men du verden der er det mange som har vore, og der er det mange som er, tenker du, tenker eg, veit vi alle. Likevel, og det er det store her, berre Torgeir Waldemar er der som Torgeir Waldemar. Han blir aldri borte i mylderet, han trer fram.

Røysta, det er noko med røysta. Den er ikkje karakteristisk som hos ein Cash, ein Young, eller ein Waits, den er ikkje det. Men den har karakter. Den rommar klangen av det den formidlar. Eg tenker derfor på den som verkelig. Like verkelig som regnet som piskar i ansiktet ein oktoberdag, like verkelig som den tomme senga, dei såre knea, like verkelig som tida.

Tida, det er noko med tida han tek seg. At han tek seg tid til å bli i songane sine. Skaper rom for den ibuande stemninga. Har mot til å vente eit tak eller to, i staden for å insistere på å komme seg vidare. Ikkje det at dette ikkje går framover, men det er måten det går framover på, den beherska måten. Det er med på å gjere det så godt å vere i selskap med desse songane.

Songane, sjølvsagt er det noko med songane. Det melodiske stinget som går rakt gjennom dei. Lengten dei har i seg. Flyten, andakten og uroa. Måten ord og tonar i lag omringar songens tilstand og skaper talande sinnbilde. Korleis dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men likevel så sjølvsagt høyrer heime hos han som syng dei.

Det er ein heilskap over den dryge timen dette står på. Den velkjente melankoliens kappe ligg over det heile. Samstundes merkar eg meg også noko anna. Ein dualitet, ein kamp mellom krefter som bryt ned og tankar som søker fortrøysting og lykke. Ein kamp utan eit endelig resultat, der eg meiner å oppfatte at gjennomgangsmelodien er at det er aldri heilt for seint.

Det er heller aldri for seint å komme med debutalbumet sitt. Torgeir Waldemar gjer det i ein alder av 40 år. "Old enough to stand alone, young enough to keep on going unsatisfied", som han sjølv uttrykke det i eit refreng. Av musikalske saker han har sysla med før kjenner eg til at han har spelt med dei absolutt oppegåande banda Jake Ziah og The Goo Men. Som soloartist har han spelt nokre konsertar det har gått visse gjetord om, men som eg aldri har fått med meg. Det einaste eg har fått med meg er ein to år gamal trespors EP. Og den er ikkje dårlig, men dei to spora derifrå som er med over på debutalbumet er endå betre i den nye forma dei har fått.

Come To Me og Take Me Home, to av høgdepunkta på plata. I den første blir vi presentert for ei forhutla sjel, ein vandrar i nød; "in the need for living water". Hans sentrale bodskap er ei bøn. Ei bøn om å få besøk att, etter gamalt. Kanskje av ei kvinne, men eg trur helst det er ein gud han har i tankane. Songaren er ikkje åleine. Ei kvinne og ein mann korar (Janne Hea Svebakken og Johan Daniel Henriksen, noko dei forresten gjer på fleirtalet av songane her), ein steelgitar sender ut klagande tonar, medan orgelet har mildnaren si rolle. Tilliks med hovudpersonen i Come To Me vender også hovudpersonen i Take Me Home seg til ein gud. I ein inderlig blåmiks av bluegrass og gospel blir det formidla ei lengt etter frelsaren, ei lengt etter døden, og ei bøn til herren: "oooh, come take me home". Borte i kroken, bakom forhenget, meiner eg å dra kjensel på ein viss David Eugene Edwards.

Eit visst nærvær av denne Edwards kan eg ane i eit par songar til. I den hustrige opningslåta si dragning mot eit vonlig meir fredelig tilvære på andre sida av elva, og i den feberaktige rivningen mellom avgrunn og fotfeste som kjem til uttrykk i Streets. Begge songane har ei bøn i seg, begge blir sunge frå kneståande stilling, men der hovudpersonen i den første er opptatt av si eiga redning prøver hovudpersonen i den andre å redde eit anna menneske. Ein tredje variant omkring det å redde menneske er tema i den meir optimistisk orienterte Peace Song. Her slår Waldemar eit slag for å redde både seg sjølv, sin neste og verda omkring. Og formidlar endåtil ei tru på at det kan finnast krefter i menneska til å få det til. Det finst faktisk endå ein song på plata eg er tilbøyelig til å kalle optimistisk orientert, avslutningsvisa Remedy. Ei trøystevise om å la slitet kvile og månen skine.

Flowers er derimot ingen trøystevise, Flowers er midt i kampen eg nemnte, Flowers er ein duett med Ida Jenshus, ei sterk countryvise om blomstring og kulde, om bøygd nakke og heva hovud. Ida Jenshus syng duett med Waldemar på ein song til. Platas einaste coverlåt. Townes Van Zandt sin Highway Kind. "My days they are the highway kind, they only come to leave, but the leavin' I don't mind, it's the comin' that I crave". Det finst ikkje mange låtskrivarar i Van Zandt sin klasse. Det finst ikkje mange coverversjonar av Van Zandt sine songar like dirrande vakre som denne. Det er vel heller på ingen måte eit tilfeldig påfunn å inkludere ein Van Zandt-song på plata, for det er mykje Van Zandt i Torgeir Waldemar.

Når eg høyrer Torgeir Waldemar tonar i gang Insomnia høyrer eg imidlertid Jason Molina. Og eg høyrer ei rungande einsemd. Eg likar veldig godt Insomnia, platas lengste låt. Nesten ni minutt varer den, og det verste eg kan seie om den er at den sluttar for tidleg. Låta sviv fram av tung nødvendigheit, og hovudpersonen er endå ein av desse som har brent seg på kjærleiken, som har skusla bort kjærleiken, som er redd for kjærleiken. Men han ventar. Åleine. Han ligg på kne og ber om "darkness, not fear". Låtas mellomparti er ein instrumental kontemplasjon, ei førebuing til midnattsbegjæret, det siste håpet. "I can hear your footsteps from here" syng no songaren, "oh my sweet black angel, won't you come and sleep with me" syng han vidare, om igjen og om igjen. No høyrer eg ikkje lenger Molina, nå høyrer eg ein tøtsj av Midnight Choir, og tenker at det høver seg jo bra det, nett her.

I sanning ein vaksen debut.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo