cover

Sån Av Salve

Tønes

CD (2012) - Hype City / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Vise / Singer/songwriter / Folk

Spor:
Eg Går og Legge Meg
Fluene
Et Godt Aua
Mystisk Liv
Det Skitna
Sånn Koga Eg
Reise Aleina
Lyset
Min Venn
Slutt og Riks
Det Besta
Sån av Salve

Referanser:
Stein Torleif Bjella
Roy Lønhøiden
Odd Nordstoga
deLillos
Bonnie Prince Billy
Jonathan Richman

Vis flere data

Se også:
Grønnare Gras - Tønes (2004)
Vindbrest - Tønes (2015)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Son av eigne idear

Alvorlig morosamt eller morosamt alvor, nokre bitre piller, og viser som helst vil det beste.

Det er ikkje berre moro det som skjer. "Eg går og legge meg" proklamerar Tønes, og vi trekke litt på smilebandet, synst han skildrar eit smått nevrotisk kveldsaugeblikk på ein slåande og ganske så løyen måte. For vi ser han jo greitt føre oss denne fyren i songen, der han står og trippar innvendig, og helst ser at resten av laget ser det akkurat som han ser det. At det er tid for å legge seg. Men det er det jo ikkje, synst resten av laget. Dei synst vel eigentlig han er ganske så irriterande. Så han går der då, fram og tilbake, til spott og spe, finn på nokre gjeremål, blottlegg nokre fobiar, og stimulerar sin irritasjon. Det er i grunn litt trist.

Det er i grunn sånn Tønes er. Han er festlig, og pussig, men ikkje i lause lukta. Han bryggar på noko anna også, melankoli til dømes. Eller indignasjon, som eg meinar må være drivkrafta i den ganske så fullendt vanvittige Sånn Koga Eg. Ein revyprega låt med både gospel og country i seg, der songaren kjem opp med eit lass av formaningar om korleis ein bør handtere grytene. Så det ikkje skal gå gale. Men eigentlig er han blitt trakka på tærne, trur eg. Har fått ein kritikk som er tung å svelgje. Så det heile endar i ein grandios trass, der hovudpersonen rår til å skru plata på full guffe og "bare la det koga opp, bare la det renna øve". Før han seier fram eit lakonisk men bestemt "sånn koga eg".

Tønes er her med sitt sjette album, og det er eit ikkje så reint lite fantastisk album, i grunn. I kjent Tønes-stil er det fullt av skildringar om folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. Formulert på hans særeigne vis, og på Sokndalsdialekt. Lokalt, men ikkje på ein slik måte at det blir ugyldig for oss som har vår lokalitet ein anna stad. Han er langt gyldigare i grunn enn dei som prøver å femne breitt, og som ofte forskrevar seg. Ein fin ting med Tønes er at han aldri forskrevar seg.

Han syng heller om Det Skitna. Då er han ikkje spesielt lystelig. Då syng han om kor leie han er av uskrivne reglar og alt som ikkje går an. Kor lite tilfreds han blir av søken etter det perfekte, og at han langt heller strekke armane "ud mod det skitna". Han syng også om Det Besta. Men er heller ikkje då spesielt lystelig. Då handlar det om slike ting som å ville leve fritt og trygt i ei verd der det mesta er juks og lite er gratis. Og så syng han om Lyset. Stort sett berre akkompagnert av eit piano, og utan avstand. Om kor mykje større pris han set på dei fordomsfrie ("folk så ikkje he bestemt seg på forhånd") enn desse som alltid sette "to strege onna svaret". Kanskje er Sån Av Salve omgitt av meir alvor og mollstemte grublerier enn noko anna Tønes-plate?

Og temmelig sikkert er Sån Av Salve ei betre produsert plate enn noko anna Tønes-plate. Frode Strømstad (I Was A King) har ansvaret for det. Plata igjennom blir det vel spelt på bortimot tjue instrument. Men det virkar aldri slik. Det blir halde att, det blir gitt plass. Det er opent, reint, og landlig. Min Venn blir driven fram av ein kontrabass i jazz-slag. Lyden av orgel løftar Mystisk Liv, og dansar sprettent langs Sånn Koga Eg. Ein steelgitar smyg innom ved enkelte høve, og blir kanskje avløyst av ein banjo. Eller var det mandolin eller dobro?

Og songaren undrar seg. Over korleis ei flue kan komme seg inn i ein pottetett kuppel. Men meir er han vel oppgitt over at fluesmekka aldri kan bli lagt på plass etter bruk. Slikt burde jo være elementært. Og kven i all verda har lagt den på skjerebrettet, "den må feila någe elementært".

Og songaren søker fred og ro. Inne på badet, bak ei låst dør. Saman med "ei bodda med Pondus og magasina". Her filosoferer han over om han skal dusje no eller vente til i ettermiddag, medan han studerer "det så vokse i bånnen av tannglasset". Her vil han være i fred. Heilt i fred. "Så slutt og riks i dørhåndtaget".

Og songaren syng om naboen. Står i vindauget og skular over mot naboen. Der ser han at sonen er komme heim. Sån Av Salve. Den bortkomne sonen som ikkje har vore heima "si systaro gifta seg". Songaren har ikkje mykje godt å seie om den karen. Han malar han ut som ein jækel på skulen, og seinare ein ynkelig opportunist som har lagt bort dialekten sin og parkerar bilen på andre sin eigedom. Men han sitte visst godt i det, har songaren høyrt. Noko som plagar han sterkt. "Det bry meg ikkje altså men eg begribe det ikkje" prøver han å overtyde oss om, utan at han klarar å skrape den minste millimeter vekk frå misunninga si. Det er ein bitter song. Det er ein fantastisk song. Den ulmar, og veks, i ei melodisk sinnsstemning som er umogeleg å ikkje ta innover seg. Kanskje den beste songen Tønes har laga til dags dato?

På ei plate som er ei av hans beste. Og då er den god, skal du veta.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo