cover

Oh Susanna

Oh Susanna

CD (2003) - Hot / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countrypop / Singer/songwriter / Countryrock / Americana

Spor:
Carrie Lee
Unknown Land
Right By Your Side
Mama
The One
I'll Keep It With Mine
Cain Is Rising
Little White Lies
Down by the Quarry
The Fall
Zoe
Billy

Referanser:
Kathleen Edwards
Maria McKee
Gillian Welch
Lucinda Williams
Neko Case
The Jayhawks
Lynyrd Skynyrd
Neil Young
The Rolling Stones

Vis flere data

Se også:
Kings Road - Oh Susanna (2002)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Elektrisk

Suzies twang fører oss via sørstatsrock til sjelfulle ballader.

Oh Susanna er artistnavnet til canadiske (men USA-fødte) Suzie Ungerleider. Ei dame som på sine to første full-lengde CDar bevega seg frå å framføre gotiske, og til tider opprivande, balladar i country og folk-tradisjonen på debuten Johnstown (1999), til eit meir skånsomt melankolsk uttrykk på den forrige utgjevinga Sleepy Little Sailor (2001). Her på sin sjølvtitulerte tredje plate tek ho endå ein ny retning, denne gongen rettar ho blikket sørover og fyller opp albumet med stoff som har eit meir rocka driv, samt eit noko lysare skjær over tonane, sjølv om temaene fortsatt også omfattar både smertelige opplevingar og triste skjebner.

Kanskje er det hennes mangeårige fascinasjon overfor Rolling Stones som nå har inspirert henne til eit meir elektrisk lydbilde, sjølv om det på ingen måte er høyoktan rock'n'roll à la Exile On Main Street vi snakkar om. For fortsatt oppheld ho seg i tradisjonen etter Hank Williams og Gram Parsons. Men der ho før ofte kunne settast i bås med artistar som Gillian Welch og Iris DeMent, er det denne gang meir naturleg å trekke fram Neko Case, Maria McKee (slik ho framstod på sine to første soloplater) og The Jayhawks (anno Hollywood Town Hall og Tomorrow The Green Grass).

Nå er nok ikkje Oh Susanna ei plate som sett seg sånn med ein gong. Den kan etter dei første gjennomhøyringane faktisk virke både litt flat og begivenhetslaus, men dette er berre tilsynelatande, for gjev ein den nokre rundar til, trillar den eine fargerike perla etter den andre fram i dagen. Og ein står tilbake med eit album som kan spelast frå første til siste strofe, utan å føle behov for å skippe noko som helst (og det er vel ikkje kvardagskost?).

På åpningssporet Carrie Lee kan ein sanse litt The Band, men og innslag av sørstatsklang, noko som blir endå meir framtredande på dei etterfølgande Unknown Land og ikkje minst i den heftige Right By Your Side, der det rullar av gårde i beste Lynyrd Skynyrd-stil, i ein sang som omhandlar turnélivets forbannelsar; "Now I'm rollin' like a bitch on wheels across the great divide". Eit tema som og blir omsunget i den intense Little White Lies, der hovudpersonen er fanga i kynismen sitt lumske nett; "Too many nights on the road, you said, made you lose your heart where you lay your head".

Inspirert countrysoul er Mama, som handlar om ungjenta som ikkje kan akseptere at mora finn seg i å leve saman med ein voldelig mann. Meir soul med twang får vi servert i den nydelige kjærlighets-balladen The One, og i den blå The Fall, ein sakte dampande affære. Medan Billy er ein piano-drapert countryballade om vennen som møter sin undergang i selskap med heroinen.

Ho går heller ikkje av vegen for modige politiske standpunkt, som på den funky Cain Is Raising, der ho blant anna stiller midlane som blir brukt til kampen mot terrorisme opp mot slantane som tilkjem dei fattige; "They say this land has got its freedom, say this land has got its liberty, but for the few to have their kingdom, all the rest must live in poverty". Suzie har sjølv laga alle låtane her, så nær som ein gripande versjon av Bob Dylans I'll Keep It With Mine, som plasserer seg trygt i eliteserien for Dylan-tolkningar.

Oh Susanna har med denne plata forært oss eit stykke Cosmic American Music som det verkelig har vore givande å tilbringe nokre regnfulle sommarkveldar i selskap med. Ei plate som kjem til å finne vegen inn i CD-spelaren fleire gonger, og selvfølgelig heilt uavhengig av årstidene.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo