cover

The Stage Names

Okkervil River

CD (2007) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Folkrock / Poprock

Spor:
Our Life is Not a Movie or Maybe
Unless It's Kicks
A Hand to Take Hold of the Scene
Savannah Smiles
Plus Ones
A Girl in Port
You Can't Hold the Hand of a Rock and Roll Man
Title Track
John Allyn Smith Sails

Referanser:
Arcade Fire
The Shins
The Decemberists
Shearwater
Bright Eyes
Neutral Milk Hotel

Vis flere data

Se også:
Don't Fall In Love With Everyone You See - Okkervil River (2002)
Stars Too Small to Use - Okkervil River (1999)
Down the River of Golden Dreams - Okkervil River (2003)
Down the River of Golden Dreams - Okkervil River (2003)
Black Sheep Boy - Okkervil River (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Kvilelause rock'n roll menn

Okkervil følgjer som vanlig sitt dynamiske løp mellom frådande stryk og varlege kulpar, men med litt meir popsnert i understraumen denne gongen.

Det var den store overmannande midnattskjensla som rei Okkervil River på deira førre album, Black Sheep Boy. Eit intenst storslått melodrama som nekta å sleppe inn lyset. Eit album som gradvis vaks fram til å bli eit av 2005's aller sterkaste.

To år seinare har dei opna gluggane fanga nokre poptonar og dansar fram i dagslyset med eit litt lettare hjerte. Der Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom. Eg trur ikkje dei nokon gong kjem til å bleikne.

The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Utan at eg har grunn til å tru det er sitt eige liv han vekselvis jagar og lirkar fram i lyset. Det er nok heller liv han har dikta opp, eller skikkelsar han har lest om, høyrt om, eller kanskje sett på film eller TV. Heilt utan ironisk distanse kryp han så under huda på dei og framstiller deira lengsler, traumer, feidar, draumar og smerter med stor innleving og oppriktig medkjensle.

Sheff har denne gongen plassert skildringane sine på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock'n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. Forsøksvis feira når Sheff innleiar den riffsterke og frydefullt spretne Unless It's Kicks med å stille det sentrale spørsmålet "What gives this mess some grace unless it's kicks, man?" Litt seinare i den same songen, nærare bestemt på den sjuande dagen, ser han så songaren stå der djupt fortapt i "that heavenly song". Ein song han innerst inne veit er ei løgn, men likevel gjer all sin kjærleik. Den store utfordringa dukkar opp når "the ghost of some rock and roll fan" etter konserten kjem opp frå salen "with her heart opened up", og vil ha meir terapi.

Terapeutiske råd vert det også innleiingsvis søkt etter i den handklappa og smått Motown-inspirerte A Hand to Take Hold of the Scene. Før den etterkvart glir over i ei lett surrealistisk scene virrande mellom realitet, fiksjon og draum, på ei fortvila jakt etter ei hand som kan ta styringa. Eit litt anna forhold til hender har fyren i Okkervil River sin store desillusjonerte sex & drugs & rock'n roll kantate You Can't Hold the Hand of a Rock and Roll Man. Presentert i ei skitten Faces-aktig boogiedrakt. Langt meir varleg blir forholda handtert, både tekstlig og sonisk, i den vagt country-inspirerte og nydelige balladen A Girl In Port. Hovudpersonen hevdar å ikkje vere av "the ladykilling sort", men frå si ferd frå hamn til hamn endar han stadig opp i ei ny famn, der han forsiktig men slett ikkje ufarlig syng sitt refreng; "let fall your soft and swaying skirt, let fall your shoes, let fall your shirt".

At Our Life Is Not a Movie or Maybe vart singelvalet kan eg greitt forstå (eller kanskje ikkje?). Tittelen seier i grunn ganske så eksakt kva det dreier seg om; den ikkje alltid heilt tydelige grensa mellom røyndom og fiksjon. Låta sitt melodiske vesen kan kallast catchy, men også frådande. Og Sheff går James Mercer i næringa i refrenget, med eit litt meir rustent, men ikkje nødvendigvis svakare, resultat. Så kan det sjølvsagt stillast spørsmål ved om det ugode pianopartiet midtvegs har hitpotensiale. Svaret på det må vel bli; det burde det, det burde det.

Tittelkuttet, fikst titulert Title Track, talar i sår balladeform om å ta på seg litt for store sko. Å kle seg opp til ei rolle ein kanskje ikkje heilt er skapt for. "So take this thin, broken-down circus clown reject and give her the name of a queen". Sheff rakkar ikkje ned på henne, han viser henne snarare sympati. "Don't call her a prostitute... just call her a proper little statue come unfroze".

Den mest tragiske historia frå det myteomspunne rock'n roll livet har Sheff henta frå verkelegheita. Savannah Smiles heiter den, og er ei spartansk og smertelig skildring av ein far som les i dagboka og ser på gamle bilde av ei ung dotter som vaks opp og smakte på meir enn kva sunt var. Historia er inspirert av skjebnen til groupien og pornoskodespelaren Shannon Wilsey, som tok sitt eige liv etter først å ha blitt kvesta i ei bilulykke.

Sjølvmord er også temaet i den andre låta her som hentar sin inspirasjon frå det verkelige liv, John Allyn Smith Sails. I ei enkel og naken viseform fortel Sheff den gripande historia om poeten John Berryman og hans skjebnesvangre hopp frå ei bru langs Washington Avenue ein iskald januardag i 1972. Det er trist, samstundes som bandet skapar eit inntrykk av forløysing idet sjølvmordaren stemmer i med sitt "I hear my father fall, and I hear my mother call". Det spektakulært raffinerte er at dei no brått er midt inne i tonane av Sloop John B (den som Beach Boys gjorde til sin for førti år sidan ja). Og det tar av, noko veldig av, men like fullt; "this is the worst trip I've ever been on... I feel so broke, I want to go home".

Eg trur definitivt eg kan driste meg til å gje nett den seansen ein ganske så framtredande plass i kategorien for smarte påfunn. Ein kategori der driftige Plus Ones også lyt få sin plass. Opplegget her er å inkorporere fleire kjente låttitlar med nummer i tittelen i ein gåtefull tekst om lykke snudd til armod, eller applaus snudd til forakt (eller kanskje noko heilt anna). I alle fall ? & the Mysterians sin 96 Tears blir til "the 97th tear", REM sin 7 Chinese Brothers blir til 8 kinesiske brør, og når Sheff & co etterkvart kjem fram til "the 51st way to leave your lover", ja då er det ikkje ein særlig godlynt måte det er snakk om.

Dei gode ideane og dei sterke låtane renn med andre ord i minst like strie straumar som det dei plar gjere når desse karane serverer nytt stoff.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo