cover

Spelled In Bones

Fruit Bats

CD (2005) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Pop / Folkpop / Folkrock

Spor:
Lives of Crime
Silent Life
TV Waves
Canyon Girl
Born in the '70s
Legs of Bees
The Earthquake of '73
Traveler's Song
The Wind That Blew My Heart Away
Spelled in Bones
Everyday That We Wake Up It's a Beautiful Day

Referanser:
The Shins
A.C. Newman
Apples In Stereo
Beulah
Rogue Wave
Holopaw
Beach Boys

Vis flere data

Se også:
Mouthfuls - Fruit Bats (2003)
The Ruminant Band - Fruit Bats (2009)
Tripper - Fruit Bats (2011)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Livet er herlig

Litt vemod, men mest livslyst i dette tonefriske vesle sommareventyret.

I min omtale av Mouthfuls (2003), Fruit Bats si førre plate, avslutta eg med eit fromt ynskje om litt meir breidde og spenst i smaksinntrykket. Å etterlyse meir breidde var kanskje litt urettvist. Bandet hadde trass alt meir enn ein innfallsport til stoffet sitt. Men det med spenst står eg fast ved. Deira avlevering av for så vidt vene tonar vart til tider litt kraftlaus. På Spelled In Bones, bandet sitt tredje album, er dette retta skikkelig på. Ja, eg er faktisk blitt bønnhøyrd i andre potens, og har fått eit virilt lite sommareventyr inn i huset.

Fruit Bats er først og fremst låtskrivar, songar, gitarist og tangent-traktør Eric Johnson. Kven han til einkvar tid har med seg varierer. Det starta så smått i Chicago på midten av nittitalet. Johnson, gitarist Dan Strack og trommis Brian Belval utgjorde den Velvet Underground-inspirerte trioen I Rowboat. For å få utløp for sine meir folkinspirerte idear starta dei Fruit Bats. I ein liten periode heilt på tampen av nittitalet vart så Johnson hyra inn som bassist i Califone. I Rowboat vart gløymt, men i 2001 fekk han Strack og Belval med seg til å spele inn Fruit Bats sitt debutalbum Echolocation. Ei noko einstonig folkpop- og countryinspirert plate. Då nemnte Mouthfuls dukka opp på tampen av 2003 var Fruit Bats ein duo. Struck og Belval var ute, den keyboards- og bass-spelande dama Gillian Lisee var inne. På Spelled In Bones er det på ny trioformatet som gjeld. No er Lisee ute, Strack er tilbake og ny mann er trommis John Byce.

Fruit Bats har tatt sitt namn etter ei flaggermus-art som lever i tropiske strøk. Her livnærer den seg på ulike frukter. Det vert også sagt om desse flaggermusene at dei er flinke flygarar men håplause til å lande. Spelled In Bones viser eit band som både lever opp til og overgår sitt namneopphav. Det er avgjort langt meir vegetarfakter enn vampyrtendensar over toneframferda deira, og dei flyg poptonar av det mangefarga og friske slaget, men i motsetnad til dei små fruktetande rakkarane landar dei turane sine på eit elegant og velklingande vis.

Sidan sist er tempoet auka, pop-elementa er blitt styrka og hooks-frekvensen har akselerert. Her er ingen dvelande og tålmodige affærar som strekke seg mot seks minuttar. Likevel er den vagt psykedeliske og lett intrikate faktoren til stades i omlag same omfang som tidlegare. Det er naturalisme, melankoli, draumar og romantiske bilete. Det er varlege tonar og audmjuke ord, småskakke tonar og surrealistiske tiradar, og det er himmelstormande tonar og store ord. Det er upretensiøs, smittande og dynamisk popfryd rota i eit folkprega og tradisjonsrikt landskap.

Når Eric Johnson starta innspelingane fortona livssituasjonen seg slik at han var innstilt på å lage deppeplata si. Men livet byrja etterkvart å bli rett så medgjerlig, dermed gjekk ikkje alt som planlagt. Nå heng det absolutt vemodige og bitre trådar igjen her. Høyr berre på det Elephant 6-frodige opningskuttet Lives of Crimes, der eit visst individ vert skulda for å ha "a heart of a lion". Medan tittelen skulle seie sitt om at alt ikkje berre er vel i popekstatiske The Wind That Blue My Heart Away. Når Eric går opp i falsett på denne sender han heila greia i stiv kuling strake vegen mot dei mest ømtålige ryggmargspunkter. Falsett à la Beach Boys eller James Mercer (The Shins) vert forresten også nytta med stor bravur andre stader på plata.

Nå er det langt ifrå alt som flyg i dei heftigaste Beulah og The Shins-retningar. Silent Life smyg seg fram i eit meir dempa tempo. Til kjærteiknande tonar syng Johnson om lyset bortafor, om staden der elva står i ro, om å finne livet i stilla. Sånne ting som kan "melt a frozen heart if it needs to be so". I den sommarvind-varlege og flotte kjærleikserklæringa Earthquake Of '73 syng han audmjukt; "so I'll do my part not to break your heart, and baby, don't break mine". Medan eit elegant glidande tittelkutt tar føre seg ulike kommunikasjonskanalar og deira utfordringar på eit noko surrealistisk vis.

Meir enn dei fleste popartistar nyttar Johnson symbol og bilete frå naturen i sine tekstar. Ja, mange gonger er det ikkje berre bilete, men ei direkte lovprising av livet bortafor asfalt- og betongverda. I idylliske men likefullt energiske Legs of Bees kjem han med ei oppmoding om å "take the earplugs out, hear what the birds have to say". Før vi heilt til slutt etter at han har konkludert med at Everyday That We Wake Up It's a Beautiful Day får servert eit minutt med lystig fuglekvitter.

Så då er vi der; sola skin, fuglane syng og Fruit Bats kjem imot oss med elleve gode grunnar til å omfamne tilværet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo