cover

Like Pistons For Engines

Quinimine

CD (2004) - Grey Flat

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Sadcore / Slowcore

Spor:
Beauty Pills
Filaments
That's How We Learned to Dance
For Ribbons
Police Station Blues
Cold Monsoon
They Built Bridges to Build Skyscrapers

Referanser:
Low
Cowboy Junkies
Spokane

Vis flere data

Se også:
Filaments EP - Quinimine (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Tålsam lyd blant stål og betong

Montreal-kvartett utan hastverk. Tålsame og fine tonar gjort med ynde og stille kraft.

Eit tåkelagt Montreal ein grå seinsommardag. Ut av disen kjem ein lyd. Ein langsom og tålsam lyd. Men høyrer vi godt etter finst her nyansar og rikdom i lyden. Det er Quinimine idet dei gjer seg klar til å fargeleggje den første haustdagen. Varleg og vakkert. Fargesettet heiter Beauty Pills. Pillene er klimprande og stadig meir dirrande gitartonar, og det er ei herre- og damestemme i dempa men intens samsang. Dei syng om olje, våpen, pengar som skiftar eigar, i ein kynisk og kaotisk menneskeskapt verden, som langsomt tar pusten frå oss;

"Beauty Pills wash over,
breathing in and out,
and out again..."

Vi er i byen. Blant betong og asfalt. Blant det vakre og det stygge, det gode og det vonde. Blant dans og strid. Medan seige stempelslag held den store motoren så vidt i gang, sit vi her og føler oss framandgjorte og nokså makteslause i vårt eige kaos.

Det er altså ikkje den stor optimismen å spore. Men der sommarfuglane framleis lever og der det vakre enno får utvikle seg (les musikk, dans, poesi, kunst og kjærleik) er det alltid eit håp. Midt i dette forsiktige håpet framfører Quinimine med ynde og stille kraft sine flotte tonar.

Dei varierer ikkje uttrykket sitt så mykje, desse fire canadierane. I femti minuttar og gjennom sju komposisjonar malar dei med langsame strøk eit vemodig bilde. Det er likevel i dei aller fleste feltene av bildet tiltrekkande tonar som blir nytta. Eit av desse felta ber tittelen Filaments og er ein orgel-dreven og xylophone-infiltrert affære som både gløder og duvar mens den med utsøkte tonar talar om "filaments and dusty colored eyes". Police Station Blues har cello-strøk og vag ørkenstemning. For Ribbons har slikt trist fiolin-krydder som underteikna nesten aldri får nok av. Nydelige fiolinpartier er albumet sitt melodiøse høgdepunkt Cold Monsoon også utstyrt med. I melodilinjer som nesten touchar country-terreng syng Gary Jansz med litt hjelp frå Alice Cantine om storbyen, om arkitekturen, om kaldt stål, hard betong, bruer og høge bygningar i vill uorden, og om "the cooooooooooooooold monsoon". Temaer dei tar med seg vidare inn i den avsluttande instrumentalen They Built Bridges To Build Skyscrapers.

Så vidt eg har klart å finne ut må Like Pistons For Engines være bandet sin første full-lengds-CD (den tretti minuttar lange EPen Filaments (2002) trur eg er det einaste dei har gitt ut tidlegare). Viss det då ikkje skulle være slik at dei har lurt ut noko via særdeles hemmelige kanalar ein eller fleire gonger sidan starten i 1998. Gary Jansz står fram som den mest sentrale skikkelsen i prosjektet. Han har ansvaret for låtskrivinga, all gitarlyd, samt hovedvekta av det vokale. På det siste feltet slepp han imidlertid til tangent-betrudde Alice Cantine ved enkelte høve. På stilt flytande That's How We Learned to Dance får dama si yndige men skjøre røyst lov å spele hovedrolla, ellers blir det som tiltalande harmoni-deltakar ho dukkar opp.

Kven dei kan minne om? Eit litt livlegare Low eller Spokane. Eller kanskje eit litt meir dvelande Cowboy Junkies. Dynamikk og eit luftig uttrykk innanfor dei noko avgrensa rammene klarar dei også å få til.

Musikk for attletne auger og fredfulle stunder.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo