cover

Wilco (The Album)

Wilco

CD (2009) - Nonesuch / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folk / Country / Krautrock

Spor:
Wilco (The Song)
Deeper Down
One Wing
Bull Black Nova
You And I
You Never Know
Country Disappeared
Solitaire
I'll Fight
Sunny Feeling
Everlasting Everything

Referanser:
The Jayhawks
Uncle Tupelo
Steely Dan
Big Star
The Beatles
Television

Vis flere data

Se også:
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
A Ghost is Born - Wilco (2004)
A Ghost is Born - Wilco (2004)
Sky Blue Sky - Wilco (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lite nytt, mykje godt

Eit modent og velspelande Wilco konsoliderer stillingen. Med gode låtar, og ein og annan ikkje fullt så god låt.

I løpet av dei femten åra dei har eksistert som band har det vore få tendensar til stillstand i Wilcoleiren. Det har alltid vore ein trong der til å utforske nye territorium. Ikkje ukritisk, retningslaust og altomfattande, og ikkje utan den karakteristiske Tweedyske tonen sentralt på plass. Men den har ikkje fått vore heilt i fred denne tonen. Den har ofte blitt utsett for både eksperimentelle og smått provokative angrep. Soniske angrep, og fintar, som har vore med på å gjere Wilco til eit av dette tiårets mest interessante band.

Utretta av eit stadig skiftande lag av musikarar, der berre frontfigur Jeff Tweedy og bassist John Stirratt har vore med heile vegen. Men kan vi ane konturane av eit meir stabilt Wilco no? For første gong kjem dei nemlig med eit album som har nøyaktig det same mannskapet som på albumet før. Det nokså mildt forma poprock albumet Sky Blue Sky. Litt mindre mild i forma er nok (The Album).

Litt, for eit baskande og vrangvillig framstøyt er ikkje dette på noko som helst vis. Ikkje eit som representerer ei ny Wilco-lei heller. Albumet er i staden fullt opp av 11 låtar som alle har slektningar på tidlegare Wilco-album. Støypt i ei sonisk form som er ei slags innstramming og sofistikering av det Tweedy har tillete seg å gjere før.

Med andre ord, kan vi ane ein viss stillstand i Wilco-leiren? Kanskje. Men daffe og uinteressante som eit anna Smashing Pumpkins eller REM er dei ikkje blitt (enno). Og låtar som maktar bore seg inn i hjerta eins byr dei framleis på.

Bull Black Nova heiter låta med dei aller sterkaste slike evner. Krautrocken til Neu! vert her kryssa med Television si stålskarpe melodiføring, i ei låt som har sin næraste slektning i fantastiske Spiders (Kidsmoke) frå A Ghost Is Born. Eit monotont suggererande gitar/keyboard-tema masserar songaren iherdig langs ryggrada. Ein songar som (på dette, og fleire andre av albumets kutt) viser seg frå ei veldig så overtydande side. Ein songar som på desperat vis syng om angeren etter ei brutal og uopprettelig handling. Eit drap. Rimelig treffande då at låta sklir inn i eit sonisk helvete i det den nærmar seg sin undergang.

Fleire av det slaget har ikkje albumet. Resten av låtane er forma i mindre urovekkande former. Frå kraftfull og spenstig poprock til meir dempa balladar. Nokon vil bli gløymt, men fleire har livets rett, og vel så det.

You And I for eksempel, der Tweedy syng duett med canadiske Feist. Ei enkel og vakker vise om å verne om mystikken og x-faktoren i kjærleiken, for slik å halde den levande. Saker og ting som ikkje har gjort seg heilt til kjenne (men kanskje burde ha gjort det) lurer også i krokar og under gulvplankar i det krypande tilfellet Deeper Down. Lenger framme i lyset ligg utfordringane i vemodsvakre One Wing. Det er kjærleiken det handlar om her også. Kjærleiken, og dens noko innfløkte vesen. Nels Cline lurer på plass ein av sine mange eksplisitte og glassklare små gitarsoloar, og Tweedy fortel ein fabel. Ein fabel som handlar om at det trengs to venger for å flyge, ei venge "can only wave goodbye". Men utan håp er songen ikkje.

Det er Country Disappeared. Ein temperert west coast-infisert ballade, av det slaget Jackson Browne kanskje kunne komme opp med i sine beste tidleg-syttitals stunder. Der Tweedy hentar fram dei ømmaste strengene i røysta si for å skildre ein situasjon som viser seg verre enn frykta.

Frå eit heilt anna hjørne. Eit beint fram muntert eit møter Wilco oss i snedig titulerte Wilco (The Song). "Wilco will love you baby" lyde refrenget, i ein song Tweedy med glimt i auga ynskjer skal vere ei "sonic shoulder for you to cry on". Låta går ikkje inn i historia som ein Wilco-klassikar. På ingen måte. Samstundes har den ein sympatisk popsnert og eit tilforlatelig vesen denne lyttaren ikkje klarer vende ryggen til. Noko av det same opplever eg med den sonisk sett slektande duoen You Never Know og Sonny Feeling. Den første drar rett nok sine George Harrison-fakter vel langt i Jeff Lynne-retning, og den andre forsøker å hekte ein med ganske så opplagte popløysingar, men eg klarar ikkje fri meg frå å synast dei har ein bra dose popsjarm også. Begge to.

Det har ikkje I'll Fight. Den forsøker vere ei storslagen kjærleikserklæring, men vert nok helst ein preglaus og stampande soulrockar. Det store minneverdige avtrykket set ikkje dei to trivielle popvisene Solitaire og Everlasting Everything etter seg heller.

Så kva skal eg seie? Eit Wilco-album øvst der oppe er dette ikkje. Og heller ikkje eit som søker ut i vilnisset, eller kikkar ned i avgrunnen. Absolutt ikkje. Det er eit album som heller søker mot dit ein finn komfort. Stort sett i alle fall. Så får det vere opp til kvar enkelt å finne ut av kor ein helst vil fylgje bandet.

Alt til si tid, er vel kanskje underteikna mest tilbøyelig til å tenke. Og at det finst tider for (The Album) også, det veit eg sikkert.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo