cover

Wide Load

Tuco's Lounge

CD (2005) - Banana Party / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Ørkenrock / Garasjerock

Spor:
Loaded
Mexican Standuff
Continental
Dog Gone
Over My Dead Body
Sheriff
There Ain't No God In Tuco's Lounge
Occupational Hazard
Bounty
Artichoke Ann
Attitude Adjuster

Referanser:
Helldorado
Emmerhoff & The Melancholy Babies
Cinnamoon
Wall of Voodoo
Thin White Rope

Vis flere data

Se også:
Bounty - Tuco's Lounge (2004)
Crazy Love - Tuco's Lounge (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Taco lunsj

Upolerte kaktustonar frå Vestlandet. Slett ikkje ueffent, men energien og viljen er førebels litt større enn låtskrivarevna.

Spaghettirock, revolvarrock, tarantinorock, ørkenrock. Dette er nokre av sjangerbegrepa eg har registrert nytta i karakteriseringa av Tuco's Lounge. Eg skal ikkje prøve meg på nye, dei nevnte skulle vel vere rimeleg dekkande.

Så velkomen til Kaktusland. Ein stad fleire norske band dei siste åra har søkt for å gje uttrykk for sin vrede, sin angst og sin lengsel. Nå er det langt til Kaktusland. Det er langt frå Stavanger, frå Oslo, frå Romerike og frå Bergen. Som så mykje anna her i verda ligg Kaktusland i Amerika.

Ja-ja, kvifor ikkje ula mot månen frå ein gold stein i Mojave, sova ut rusen på eit motel i Phoenix, bli galen i Tucson, eller bli merka av ulykkeleg kjærleik i Durango. Det er noko pirrande barskt og eksotisk over slike fantasiar, liksom. Det kan vel også illustrere det einsame mennesket sitt møte med det håplause, det brutale og det ugjestmilde. Ein kunne heilt sikkert ha laga liknande metaforar ved å ta utgangspunkt i nærare geografiske tilhøve, men westernkulturen har slått rot i psyken til mang ein nordmann så Arizona og New Mexico gjer nytten like så godt som Buskerud og Telemark. Om slikt derimot skal få sleppe igjennom som ekte vare kan nok likevel diskuterast.

Personleg har eg etter å ha køyrt ein del rundar med norske Kaktusland-asylantar kome fram til at det trass alt er dei innfødte som leverer den ektaste vara. Spesielt når desse er representert av band som Wall of Voodoo, Giant Sand, Calexico, Thin White Rope og Sixteen Horsepower. Deires tonar fangar på ulikt vis mystikken, uhyggen og intensiteten i det sørvestlige levesettet og det golde landskapet. Men sjølv om dei norske traktørane ikkje sit med same førstehandskunnskap skal vi ikkje avblåse dei heilt av den grunn. I fjor leverte Helldorado eit debutstykkje det stod ein viss respekt av, sjølv om spenninga som var der i starten dampa noko vekk etterkvart. Året før var Cinnamoon innom området og spankulerte ut ei debutskive det stadig er kjekt å høyre på. Emmerhoff og hans melankolske medsamansvorne har og trakka rundt der av og til. I år er det Tuco's Lounge frå Bergen som inviterer på fest blant kaktusvridde tonar.

Ein upolert fest. Ein slik ein der revolvaren er lada, tørsten er sterk, whiskyen flyt, blodet brusar og tonen er barsk. I sterkare grad enn nokon av dei førnemnte norske banda plasserer Tuco's Lounge seg sjølv i områda aust og sør for Los Angeles. Låttitlar som Mexican Standuff og Sheriff seier sitt, tekstar om basketak i skrinne landskap, hjertelause tilhøve, død, mismot og tapt kjærleik styrkar standpunktet, den utemja surfgitar-lyden og den kvasse vokalen set to streker under svaret.

Wide Load er Tuco's Lounge sin debut i albumformat. Frå før har dei to-tre EPar samt eit dugande liverykte på CVen. Fire av spora på Wide Load har også vore representert på desse få-spors utgjevingane. Det viser seg at desse saman med eit par andre utgjer albumet sine sterkaste tilfeller. Noko som kanskje vitnar om at bandet førebels ikkje er skodd med altfor mange verkeleg gode låtar.

Det sentrale og beste innslaget er episke There Ain't No God In Tuco's Lounge. Ein ballade av langsom intensitet, dynamisk kraft, lengselsfulle gitarfigurar og overbevisande vokal. Dei kjem også bra i frå det i albumet sin andre ballade, den Madrugada-aktige Dog Gone. Den mest vanlige Tuco-framferda er like fullt av meir støyande grad, og det finst bra saker å plukke ned blant desse spora også. Innleiande Loaded seier barskt frå kor vegen går. Wall of Voodoo fikserte Mexican Standuff har eit tett og oppegåande driv. Medan Cave-dystre Sheriff tek for seg natt, djevelskap og dårlige tider på eit vis ein legg merke til.

Ubehandla og energisk, men til tider noko meloditamt. Kanskje bør det også på sikt vere ein ide å flytte denne kaktuskvardagen inn i meir lokale tilhøve. For særpreget sin del ville det i alle fall vore eit pluss.

comments powered by Disqus

 



rockenghroll
2005-03-22Rock Engh Roll

Hvis dette bandet hadde vært amerikanske hadde du gitt dem et par "g'er" til. La deg forføre, bli med på moroa!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo