cover

The Whole Fam Damnily

The Reverend Peyton's Big Damn Band

CD (2009) - Side One Dummy / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Blues

Stiler:
Folk / Country / Akustisk blues / Punk

Spor:
Can't Pay The Bill
Mama's Fried Potatoes
Worn Out Shoe
Dt's Or The Devil
Your Cousin's On Cops
John Hughes
Creek's Are All Bad, The
Them Old Days Are Gone
Walmart Killed The Country Store
I'd Love You Baby
Everybody's Getting Paid But Me
What's Mine Is Yours
Persimmon Song

Referanser:
Charley Patton
Son House
Bob Dylan
Tom Waits
The Silver King Band

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Primitivt driv

Pastoren og hans undersåttar gjev den rurale bluesen ein dugande punkinjeksjon.

Dei er slett ikkje så talrike som det namnet skulle tilseie. Dei er berre tre. Den sentrale rolla er det sjølvsagt Reverend Peyton som har. Eller Josh Peyton som han vart døypt. Han skriv låtane, syng dei på rungande vis, og spelar akustisk gitar og dobro som om han var eit rabiat tippoldebarn av Charley Patton. Med seg har han broder Jayme Peyton, han dunkar på trommer, spann, og anna som måtte stå i vegen for han. Og gnukkande og gniande på eit vaskebrett kan vi høyre pastorens kone, Breezy Peyton. Eit reinspikka familieforetak, altså.

Eit foretak som har sine røter i dei landlege deler av Indiana. Heilt ferske i gamet er dei ikkje. Dei har helde det gåande nokre år, og har arbeida seg opp eit rykte som eit brannfarlig live-band. Dei har også ei lita handfull med plateinnspelingar på samvitet. Utan at nokon av dei har komme min veg før.

Det er den akustiske bluesen som er hovudingrediensen i opplegget deira, countrybluesen. Slik den oppstod i henda på karar som Charley Patton og Son House. Og slik Bob Dylan tok den nærare inntil seg på sine to første 2000-tals utgjevingar. Men pastoren og hans Big Damn Band køyrer den inn på eit meir frenetisk spor, kall det gjerne punkspor. Det er eit spor den godt tåler å vere på, sjølv om det kan bli tanken for slitsamt å vere vitne til i lengda. Litt for mykje skjer i same oppjaga tempo, og mange av låtane er veldig nære slektningar av kvarandre. Så eit litt trongt inntrykk skaper dei nok.

Men dei skaper eit vitalt inntrykk også. For dei går til verket med ektefølt lidenskap, stor speleglede og ei fryktlaus innstilling. The Whole Fam Damnily. Fjernt frå kompleksitet og perfeksjonistisk pirk.

Tematikken som blir tatt opp i dei 13 songane spenner frå det sosialpolitiske og til mammas steikepanne. Frå å skildra det håplause i å samla i hop nok pengar til helseforsikring i songen Can't Pay the Bill, til å lovsynge maten der heime i Persimmon Song. Den siste kjem like godt med oppskrift på familiens eigen favorittpudding.

Reverend Peyton plukkar gitarstrenger og slidar dobrostrenger på meisterlig vis. Og syng av full hals. "Sometimes I lose, sometimes I get lucky, from San Antone to East Kentucky". Worn Out Shoe heiter den songen. Ei vandrarvise med like mykje country som blues i seg. Og som saman med det bluesfriske angrepet på monopolkapitalismen, Wal-Mart Killed the Country Store, vel står fram som platas høgdepunkt. Om ein då ikkje også skal trekke inn den dobrodrivne og vagt White Stripes-slekta Mama's Fried Potatoes, (jadå, endå ein om mammas steikande overbevisande kokkekunst).

Akkurat steikande overbevisande kan eg vel ikkje seie at Reverand Peyton og hans to disiplar er. Men, rett som det er, og her og der, skaper dei blues, romslig, dynamisk og pasjonert nok. Og då er dei ikkje så veldig vanskelige å like.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo