cover

Pig Lib

Stephen Malkmus & The Jicks

CD (2003) - Domino / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Alternativ / Psykedelia / Prog / Folkrock

Spor:
Water and a Seat
Ramp of Death
(Do Not Feed the) Oyster
Vanessa From Queens
Sheets
Animal Midnight
Dark Wave
Witch Mountain Bridge
Craw Song
One Percent of One
Us

Referanser:
Pavement
The Fall
Television
Lou Reed
Silver Jews

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Gitarens frigjeringsfront

Eg har alltid betrakta Malkmus først og fremst som låtskrivar og sangar.

Pavement; 1990-åras kanskje fremste leverandør av essensielle rockeplater. I løpet av ein drøy fem års periode, presterte dette bandet å gje oss tre plater som alle fortjener å bli karakterisert som blendende oppvisningar i vanvittig rockmusikk. Dei meldte for alvor sin ankomst med det ultimate slacker-mesterverket Slanted & Enchanted (1992), ei plate underteikna aldri kjem til å føle seg ferdig med. Denne blei to år seinare etterfulgt av Crooked Rain, Crooked Rain, som er spekka til randen av frigjerande og vilter pop og rock. Wowee Zowee (1995) var i Pavement-målestokk eit lite kvileskjær, men like fullt ein solid prestasjon. Det tredje mesterverket kom med Brighten the Corners (1997), eit album som bygger på det beste frå tidlegare utgivelsar, og er ei makelaus rekke med frodige sangar. På Terror Twilight frå 1999 heldt dei dessverre ikkje lenger samme klasse, låtane var greie nok, men gløden virka å være på vikande front, og ikkje lenge etter kom meldinga om at Pavement var historie.

Stephen Malkmus (Pavements vokalist, gitarist og ansvarleg for største delen av låtskrivinga) fekk etter kort tid ein solokarriere på beina. Det sjølvtitulerte albumet frå 2001 var imidlertid ikkje den heilt store opplevinga, noko som fekk meg til å konkludere i retning av at han kanskje hadde gjort sitt når det handla om å forsyne oss med sprelsk rock'n'roll. Kjekt derfor å kunne melde at dette lyt revurderes, for med Pig Lib viser han seg frå ei sprekare side enn på mange år.

Dette er for øvrig ingen soloplate i ordets egentlige betydning, for både i ord og uttrykk er medmusikantane i The Jicks så avgjort viktige for resultatet. Dei deltok også på framstøtet i 2001, utan å gjere seg særlig bemerka ved den anledningen. Nå er to år godt og Stephen og gjengen er blitt ein samspelt og heftig combo.

Albumet er både samme gamle gode Malkmus, og ein Malkmus i ein smule utvikling. Eg har alltid betrakta mannen først og fremst som låtskrivar og sangar, men på Pig Lib framstår han meir som gitaristen Stephen Malkmus enn han har gjort på noko anna plate. Her finn ein for eksempel den ni minuttar lange 1 % Of One, der 2/3 av låta er ein jam som spenner frå det nennsomme til det oppjaga. Gitarpoesi som nærmar seg Tom Verlaine si klasse manar han fram på Witch Mountain Bridge, ein låt som i likhet med fleire andre på plata hentar litt elementer frå progrock. Pluss på ein dose psykedelia, litt folkrock og dei sedvanlige slentrande Malkmus-fiksfakseriene, og du har kanskje eit lite bilde av kva det heile dreier seg om.

Låtsmeden Stephen Malkmus har så desidert trylla fram nokre skikkelig godbitar her, som den smarte og melodisikre (Do Not Feed the) Oyster (med ein usedvanlig surrealistisk tekst), og avslutningssporet "Us", som med sin harmonisang er litt utypisk, men du verden så vakker. Imens poprock-saken Vanessa From Queens er ein tragikomisk affære, der Stephen syner sin språklige schwung; "There's aggresion in the air this morning, got your ballerina tights around my head, in a samurai pose on the bed." Heftig går det også føre seg i det psykedeliske funk-nummeret Sheets; "It takes all night to get off you".

Følgende tekstlinje henta frå før nevnte Us, kan få stå som ein illustrasjon over kva Stephen og bandet har fått til på denne plata; "I wish we could get our act together, make some sense of present tense alright".
Så la oss ikkje avskrive denne mannen ennå, for sjølv om vi ikkje snakkar mesterverk i klasse med dei tre nevnte Pavement-platene, så er dette i alle fall eit overbevisande frontalangrep på oss som tvilte.
Takk skal du ha, Stephen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo