cover

High Violet

The National

CD (2010) - 4AD / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Dunkelpop / Sadcore / Kammerpop / Indierock / Poprock

Spor:
Terrible Love
Sorrow
Anyone's Ghost
Little Faith
Afraid of Everyone
Bloodbuzz Ohio
Lemonworld
Runaway
Conversation 16
England
Vanderlyle Crybaby Geeks

Referanser:
Arcade Fire
The Triffids
Interpol
R.E.M.
Leonard Cohen

Vis flere data

Se også:
The National - The National (2001)
Alligator - The National (2005)
Boxer - The National (2007)
Trouble Will Find Me - The National (2013)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


High five

Frakken er den same, og det dunkle har ikkje sleppt taket. Det har heller ikkje evna til å skape storarta songar.

Store forventningar er ikkje berre tittelen på ein Dickens-roman, det er også tittelen på det eg gjekk å kjente på i vekene før The National sitt femte album skulle innfinne seg. Forståelig nok. For dette er bandet som nytta førre tiår til å skape eit uttrykk som råka meg akkurat der det gjer best. Allereie frå debuten av, men aller sterkast på sine to meisterstykke Alligator og Boxer. To plater som vel knapt lar seg overgå. Eller?

Med High Violet har bandet på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Matt Berninger si barytonrøyst finn sin plass sentralt i bildet. Lakonisk, distinkt, og med denne vemodige klangen. Tvillingbrørne Dessner sine gitarar samtalar, kranglar og lovprisar. Trommis Bryan Devendorf er som før eit aktivum, ein spelande stikkesvingar som definerer pulsen. Hans bass-broder Scott gjer minst utav seg, han berre står der, stødig.

High Violet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet. På tangentar, på blåsarar, på strenger, på strykarar, på ei harpe, på ei fløyte, og som koristar. Dei har namn som Padma Newsome (den australske bogestrykaren som er bandets uoffisielle sjette medlem), Thomas Bartlett (også kjent som Doveman), Marla Hansen (ho syng bakom Berninger), Richard Reed Parry (frå Arcade Fire), Justin Vernon (også kjent som Bon Iver), og Sufjan Stevens. Dei går ikkje i vegen for kvarandre.

Å spele inn låtane live i eit studio er ikkje The National si greie. Dei bygger dei lag for lag. Og så har dei eit demokratisk prinsipp om at alle fem i bandet skal synast at ein song er god, riktig så god, for å bli sett på som presentabel. Slikt kan ta tid. Slikt kan bli dyrt. Derfor bygde dei like godt sitt eige studio før innspelingane av High Violet tok til. I garasjen til gitarist Aaron Dessner. Der har dei gjort sine åtti innspelingar av Lemonworld, før dei fant ut at ein versjon dei fanga tidleg i runddansen var riktig så god likevel. Der har dei krangla om blåsararrangement, gitarlyd, tekststrofer, sett lyst på det, sett mørkt på det, kasta låtar i bosset, og byrja om att. Der har dei jakta den endelige tonen. Ikkje den perfekte og veldreidde, men den der som brenn.

Ulmar og brenn.

Slik det gjer ganske så intenst på Terrible Love. Der tvillinggitarane kostar seg framover i skurrande former, som om dei vert spelt med stålull i henda, mot eit crescendo av kvit støy. Songaren dveler ved tankane sine, gjentek dei, og er ein del av det fortetta trykket: "It's terrible love, and I'm walking with spiders".

Slik det gjer i melodiske og songharmonisk grasiøse former på Vanderlyle Crybaby Geeks. Justin Vernon er songpartnar, og Matt Berninger kjem i kontakt med dei lysaste strengene på stemmebandet sitt. Det same barnerimet som var bakgrunnen for ein Beatles-låt på The White Album, kan godt ha vore utgangspunktet. Resultatet blir veldig annleis, og storlig vakkert.

Terrible Love og Vanderlyle Crybaby Geeks, to låtar i kvar sin ende av albumet. To låtar i kvar sin ende av den soniske sfæren som High Violet omfamnar. I lag, ei ypparlig ramme, kring eit forførande bilde. Eit bilde der dei dunkle linjer, og dei dystre fargar dominerer. Slik det jo plar vere hos The National.

Då arbeidet med albumet tok til, gjekk visstnok ambisjonen i ein annan retning. Dette skulle bli ei lys, festlig, og catchy plate. Den ambisjonen gjekk raskt i stå. Det er lite eller ingenting med High Violet som forsvarer slike karakteristika. Blikket og fokuset til Matt Berninger har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også.

Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere "afraid of everyone", er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel. Ein vidare ein.

Han får det til frå denne vinkelen også. Får til desse skarpsindig formulerte og Matt Berningerske tekstlinjene, som set det avgjerande stempelet på songane til Brooklyn-kvintetten. Dei kjem ikkje tumlande på rekke og rad i ei forteljande, eller ordrik, form. Han seier knapt nok det han må, og det er slett ikkje alltid greitt å skjøne kor han vil hen. Det har fleire botnar. Men viktigast; det har ein effektiv snert, ein poetisk snert.

Ved fleire høve tyr han til gjentaking som metode. Ei suggererande gjentaking. Suggererande under melodiske tilstandar som på ingen måte har tapt seg sidan sist. Melodiske tilstandar som brukar litt kortare tid på å openbare seg enn kva som har vore National-tilfelle tidlegare. Utan at eg her og nå hardnakka skal hevde at det osar hit-potensiale utav tonane. Det vil seie, etter mitt hovud gjer det vel det. Men mitt hovud har gjennom åra vist seg å vere noko på kant med dei gjengse hitvilkåra.

Eg trur no likevel det er mange som vil ha ustyrtelig mykje att for å gjere seg kjent med High Violet. Med Sorrow, ei kjærleikshymne til den sørgmodige tilstanden; "Sorrow found me when I was young, sorrow waited, sorrow won". Eller med Little Faith, ein rytmisk intrikat og svellande rakkar, som mellom anna uttrykker eit noko beiskt syn på religiøs aktivitet av ymse slag; " We'll play nuns versus priests until somebody cries". Og ikkje minst med Bloodbuzz Ohio. Ei særdelses tiltrekkande, om enn sterkt ambivalent, ode til staten dei fem vaks opp i; "I never thought about love, when I thought about home".

Lemonworld var på nippet til å hamne i søpla. Det hadde ikkje tatt seg ut. For den er god. Smidig, litt bistrete, og god. Og handlar om (trur eg) ein eks-soldat som ikkje lenger har eit heilt sunt forhold til tilværet; "Lay me on the table, put flowers in my mouth, and we can say that we invented a summer lovin' torture party".

Runaway er balladen med svalt dansande gitarspel, og varleg vinnande melodiutøving. Tematisk opplever eg den som eit veto mot å springe i takt med fleirtalet; "What makes you think I'm enjoying being led to the flood". Carin Besser, Matt Berninger si kone, la på si side ned veto mot å kalle ei låt, der ekteskapets stridfulle sider er tema, for Romantic Comedy. Så derfor heiter den Conversation 16. I eit bølgjande driv drar songaren til med meldingar av denne typen; "We'll live on coffee and flowers, try not to wonder what the weather will be, I figured out what we're missing, I tell you miserable things after you are asleep".

Blant alt dette storarta heiter min personlige favoritt, akkurat no, England. Den stuper rett inn i sentralnervesystemet med denne fantastiske opningslinja; "Someone send a runner through the weather that I'm under for the feeling that I lost today". Etter det smyg den seg rundt i elegante melodiøse former eit par minutt. Og skildrar ein fyr som sit i L.A og saknar (men vil ikkje innrømme det) ho som han ser for seg trippe lykkelig gatelangs i London. I låtas andre del eksploderer sakene, og eit frenetisk mantra blir gjentatt, og gjentatt; "Afraid of the house, stay the night with the sinners, Afraid of the house, cause they're desperate to entertain".

High Violet. Når siste tone stilnar, saknar eg eit spor nummer 12, og 13, og 14, og 15, og ... Men det er ikkje eit dårleg alternativ å gå tilbake til start heller. Og ta runden ein gong til. Absolutt ikkje.

comments powered by Disqus

 



2010-05-19Ingen over...

...bare Radiohead ved siden.

Jeg er lamslått etter å ha hørt High Violet. Hvordan dette bandet gang på gang leverer perfeksjon er for meg vanskelig å forstå, men det er nå altså slik. Det er bare Radiohead som også klarer å levere mesterverk etter mesterverk slik The National klarer det.

Det er bare å takke og bukke for en strålende anmeldelse og knele i støvet for The National.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo