cover

The Absent and the Distant

Corrina Repp

CD (2007) - Caldo Verde / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Lo-fi / Singer/songwriter / Country / Blues

Spor:
Song for the Sinking Ship
All
Safe Place in the World
Afloat
Let Us Lie Underneath the Night
I'll Walk You Out
Song for the Cardinals
Heavenly Place
Anyone's It
That Which Has No Remorse

Referanser:
Julie Doiron
Cat Power
Nina Nastasia
Cowboy Junkies
Gillian Welch
Shannon Wright
Smog
Jason Molina

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Inn i mystikken

I sakte og spartanske former, og utan å sløse med orda, klarer Corrina å skaffe seg all merksemda.

"Corrina, Corrina, gal, where you been so long?" spurde Bob Dylan, og fleire med han, for ein del år sidan. Herr og fru Repp var store Dylanfans, i 1973 døypte dei derfor like godt si vesle nyfødde jente for Corrina.

"Corrina, Corrina, gal, you're on my mind" og liknande ting, har underteikna, men trulig ikkje så veldig mange andre, gått rundt og mumla på dei siste vekene.

Mark Kozelek (Red House Painters, Sun Kil Moon) har sannsynlegvis tenkt omtrent det same. For etter å ha høyrt Corrina Repp varme opp for seg under ein konsert i Seattle gjorde han noko han eigentlig ikkje hadde tenkt å gjere. Han gav henne eit tilbod om platekontrakt på sin Caldo Verde label. Ein label han berre hadde tenkt å nytte til eigne prosjekt.

Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.

The Absent and the Distant er som de sikkert har skjønt underteikna sitt første møte med Corrina Repp. Men om mine nettsøk ikkje spelar meg eit puss, så skal dette vere hennar fjerde album. Dei tre første har komme ut på den vesle fine Portland-labelen Hush Records, og har vel ikkje akkurat funne vegen utav byen i hopetal. Men etter at The Absent and the Distant for alvor greip tak i meg har i alle fall dei to føregåande funne vegen over Atlanteren og heim til meg.

I Take On Your Days (frå 2001): Eg høyrer ei dame med ei klar stemme og ein akustisk gitar. Intimt, vart og vemodig. Fine viser, men alle evnar ikkje å vekse seg ut av det gjennomsnittlege og inn i eit eigenarta bilde.

It's Only the Future (frå 2004): Her gjer ho det litt annleis. Gitaren får selskap av piano og orgel, men mest markant er den nennsame elektroniske programmeringa av diverse blip, blop og beats som Keith Schreiner (Dahlia) er ansvarleg for. Kanskje er den litt tynn ved enkelte høve, men i hovudsak er det ei sakte brennande og gripande affære.

Adam Selzer (Norfolk & Western) har hatt for vane å involvere seg når Corrina spelar inn musikk. Slik denne gongen også. Han spelar på fleire av låtane, er hovudansvarleg for det tekniske og er eigar av studioet der det heile er gjort. Type Foundry heiter studioet, og er å finne i eit stort nedlagt varelager. Og nettopp sinnbilde frå eit stort rom står sentralt i mi oppleving av The Absent and the Distant. Eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.

Song for the Sinking Ship er ein ordlaus song. Men langt frå meiningslaus. Corrina sine klare og presise pianoklunk og Liza Rietz sine dystre fiolin- og trekkspeltonar set stemninga. Her skal det handle om det som ikkje lenger er der, og om det ein ikkje når. Det skal handle om alle tinga du er, og dei du ikkje er. Det skal handle om å søke ei trygg hamn ein eller annan stad her i verda. Det skal handle om å krype saman innunder natta. Det skal bli hevda at "some girls don't want to stay home". Og det skal bli uttrykt med vemodig songkraft at "it can't be anyone's life except mine".

Gitaren er der, men ikkje som den sentrale lydberar. Pianoet har ei meir framtredande rolle. Ikkje den melodiberande, men som resonans, som leverandør av klokkeklare soniske fonem, som ein stemningskolorerar. Mest sentral, i dei åtte spora den er med, er no likevel stemma til Corrina. Lengst framme, ja langt framom, rein, intim og forførande. Bakom, langt bakom blir det sådd litt uro. Det skurrar, det skrapar og det gnistrar. Men altså helst der bak, inne i dei mørkaste krokane. Eit lite unntak er den smått yppale Safe Place In the World, der refrengtonane vrenger seg litt og ein elektrisk gitar kjem i framgrunnen. Joe Haege (som til dagleg spelar gitar i Portland-bandet 31 Knots) bidrar sterkt på denne. Det gjer han på fleire spor. På det litt Cowboy Junkies-aktige Let Us Lie Underneath the Night. Og ikkje minst på dobbelvokaliserte og pasjonerte That Which Has No Remorse, som han også har komponert. Dei ni andre har Corrina Repp komponert.

Corrina seier ikkje for mykje. Ho legg ikkje sjela si eller hjarte sitt framfor ein i blødande tilstand. Ho held ting tilbake. Ho er gåtefull. Ho er litt slik som Nina Nastasia. Men ho er varlegare enn Nina. Spartansk kan ei definitivt kalle det ho gjer. Men også atmosfærisk. For innimellom alt det uspelte, alt det ugjorte og alt det usagte kan ein ane konturane av noko meir. Noko større.

Og størst, i all sin nakne, enkle og mørke prakt, er Anyone's It. Eit monotont teppe, vevd i hop av eit skurrande ekko, ein e-bow og eit klagekor, bygger seg opp i bakgrunnen, mens Corrina syng om alt det der som gjekk tapt. Sakte, dvelande og suggererande tar ho lyttaren med inn i mystikken. Slik ho stort sett gjer det heile plata igjennom.

Eit kjærkome funn.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo