cover

Waiting for the Light to Find Us

Amandine

CD-EP (2006) - Fat Cat / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Countryrock / Poprock

Spor:
Wake
All Hearts Fail
Lover's Trial
Sparrow
Union Falls
Between What He's Saying and What He Regrets

Referanser:
Iron & Wine
St. Thomas
Son Volt
Sun Kil Moon
Damien Jurado
Richard Buckner

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Mens vi ventar på lyset

Nedpå, lysfattig og melankoli-erobra folk-rock frå Gävle via Amerika.

Tittelen seier sitt. Vokalist Olof Gidlöf og hans tre medsamansvorne i Amandine seier resten. Livet er ikkje eit livslangt medlemskap i eit jubelkor. Livet er ikkje ei flomopplyst løype der ein sjeldan går feil. Livet har knapt nok ein håpefull godvêrsdans kvar fullmåne å by på. For livet, det er noko ein lever aleine det, i tussmørke medan ein ventar på at lyset skal spore ein opp.

Med si tandre og såre røyst opererande i omtrent same toneleie som folk som Sam Bean og Hayden Desser syng Olof Gidlöf strofer om tilværet sine stadige prøvelsar. Den soniske forma Amandine plasserer dette inn i er av det der dimma og ikkje altfor hastige folk-rock slaget. Dei er som kjent ikkje dei einaste som prøver å gjere seg forstått på den måten.

Skulle det vere noko som skil Amandine ørlite ut frå den store melankoli-erobra americana-bunchen må det vere at dei lar pianoet spele ei meir framståande rolle enn kva eit veldig gjennomsnittleg gitarfokusert band gjer. I tillegg kan vi kanskje trekke fram lyden av ein trompet som kjem veltande i forsiktige former her og der.

Amandine albumdebuterte hausten 2005 med plata This Is Where Our Hearts Collide. I sine finaste augeblikk, manifestert gjennom låtar som Halo, Blood & Marrow og eit par til, vitna det albumet om eit band som i alle fall tidvis meistra kunsten å skape melodisk tiltalande stoff innafor sine noko snevre rammer. Eg opplever i grunn rammene endå snevrare på denne EPen. Det taper den på. Det er vel eigentlig berre avslutningssporet Between What He's Saying and What He Regrets med sine vene melodilinjer, og sitt sordinerte og fruktbare samspel mellom piano, cello og banjo eg finn meg verkelig godt til rette i selskap med. Kanskje til dels også Sparrow med sitt trekkspel og sitt undergangsbodskap; "lift me up so I can see my love, expire". Resten av spora er slett ikkje skandalaust dårlige. Det er berre det at dei aldri kjem fram frå sitt tilvære i skuggen, dei smyg rundt der som ein grå liten hær utan merkbar dynamisk tyngde.

Så nei, det er neppe denne utgjevinga som vil sørge for at lyset finn fram til den tungsindige Gävle-kvartetten.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo